"Rupeber.".

 
Jørund Telnes, den gilde Bondediktaren vaar, som me kjenner so væl fraa "Sterkenils", hev no gjevet ut ei ny Bok. Ho heiter "Rupeber", inneheld Dikt og Sogur av ymse Slag og er godt og morosamt ihopsett. Ungdomen i Landet vil lika henne framifraa. Han hev slik ein lett og lentug og hyggjeleg Maate aa skriva paa, denne Telnes'en, og so hev han Tankar au, so du tregar aldri paa aa gjeva deg i Lag med honom. Me prentar her av ein liten Prøve, so kann du sjølv sjaa; og dersom du ikkje kjenner "Meirsmak" etter det, so maa du vera forunderleg laga. – Sjaa meir um Boki under "Lysingar."
 

 

Frå Fedraheimen 04.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum