Kristiania, den 30te April 1878

 
Odelsthinget. Olafsens Framvarp um Val av Lensmennerne. Løvenskjold tykte, at det ikkje var lagt nok Lag paa, um Forslaget høvde med Grunnlogi. Lensmennerne no var mest berre Statstenarar, dei hadde ikkje so mykjet med sjølve Komunerne aa gjera, men berre med Fut og Skrivar. Det var rimelegt, at Amtmannen ansad paa det Komunerne vilde, og det var visst og som oftast gjort, men nokot Slag Rett hadde ikkje Komunen til aa faa det, som den vilde; i so Maate stod Lensmennerne likeins som Futen og Skrivaren. Thune meinte at som det no var og som Nemndi vilde hava det i Innstillingi, vilde Departementet stødt halda med Amtmannen, og han vilde daa ofta ikkje bry seg større um, kvat Bygdi vilde; difyr maatte han nøydast til aa taka Ein av dei tri, som vart valde. Sandberg vilde nok kanskje gjeva Løvenskjold Medhald i det, at Forandringi var imot Grunnlogi si Aand, men mot Bokstaven var ho ikkje; Nemndi si Innstilling vilde jamna paa detta. Olafsen sagde no det same som det vart sagtfyr 32 Aar sidan um Saki, at Storthinget skyldte aa føra Grunnlogi sine Ord og Meining inn i alt vaart Styrestell. Ingen turvte leggja Otte paa seg fyrat Heradsstyri skulde vanta anten Vilje elder Evne til aa velja ut brae menn; dei hadde synt, at dei kunde evla større Ting enn detta. Sverdrup. Det var slikt Slag, um Lensmannen var Statstenar elder komunal Tenestmann, han kom do i Røyndi mest saman med Bygdefolket. Fut og Skrivar kunde snart verta av med ein Lensmann naar dei ikkje likad honom, det var verre fyr Komunen. Det var ei noggran og urimeleg Utleggning av Grunnlogi, som kunde faa denne Forandringi til aa vera ulogleg, der var det berre Tale um Embættesfolk. Men her hadde Komunerne med aa reida ut Løni aat Lensmannen, daa var det bakvendt at dei ikkje fekk vera med og velja honom ut ogso; og det var ikkje større Faare fyr at Komunerne vilde misbruka si Magt meira enn den einskilde Mann. Den nye Skipnaden var ogso mykjet greidare enn den gamle. – Etter at endaa mange hadde ordat seg um Saki, vart Innstillingi fraa Nemndi vedteki med det Tillegg som Bøhn hadde lagt til, at Amtmannen berre skulde vera pligtug til aa taka Ein av deim, Bygdi valde, soframt 2 av deim hadde 2 Tridjedeilar av Røysterne. 47 Mann var fyre og 36 imot. – Sidan tok dei fyr seg Innstillingi til Jamning paa Lensmannslønerne, og ho vart paa det nærmaste vedteki etter at det fyrst hadde vortet forkastat nokre Forslag um at Saki skulde setjast ut til so lenge. – No heile Maandags Formiddagen heldt dei paa med Ægteskapssaki, og det vart den Endelykti, at alle dei nye Forslagi vart forkastad. Ordstiftet skal me greida ut næste Gong.
 

 

Frå Fedraheimen 01.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum