Hestarne vaare.

 
(Ved ein Agronom).
 
Av Husdyr var væl Hesten den fyrste, som Mannen tamde og brukad i sin Tenest, av di Hjelpi, som Hesten kunde gjeva, fall lett i Augom og let seg lett draga til Nyttes. Fraa fyrsto vart han væl berre brukt av Hjuringar, Veidarar og Herfolk til aa rida paa; men sidan lærde dei aa bruka han til aa bera Byrdar og draga Lass. Daa Hesten var godlyndt, viljug og tru, og dertil kunne liva mest allestader der Mannen ferdest, vart han snart hans umissande Fylgjesvein.
 
Hesten høyrer til den store Dyre-Ætti, som er kallad Spendyr elder Pattedyr, og av dei høyrer han igjen til Hovdyr-Slaget (saman med Elefanten, Elvhesten, Nashornet, Svinet o. fl), og daa serskilt til Einhovingarne, av di han hev berre ein einaste Hov. Heimlandet hans er dei vide Høgheider i Asia. Derifraa hev han fylgt Mannen paa hans vide Ferd gjenom Heimen, so at han no finst mest allestader, der Menn bur. Vill finst han enno i Asia og Sud-Amerika, der han flakkar um paa dei folkaude Vidder i store Flokkar, kvar Flokk liksom med sin Førar.
 
Naar Hesten hev fylgt Mannen, hev han komet under mange ymisvorne Livsvilkor og Bruk, og hev daa sjølv vortet meir elder mindre umskapat etter desse Vilkor. Paa den Maaten hev smaatt um Senn dei ymse Slag elder "Racer" lagat seg. Men desse nye Former hev ikkje altid vortet so hæve som Hesten var fraa fyrste Tid, men hev helder misst ymse av dei beste Eigenskapar. Det vil me t. D. greidt sjaa, naar me liknar Araberhesten attaat den islandske elder vaar Fjordhest. Men endaa um Hesten hev livt under gode Vilkor, ja um enn Mannen med Kunst og Kostnad hev prøvt aa ala upp gilde Hestar, so hev dei endaa ikkje vortet slike som Araberen. Kunsten ryk fyr Naturen, av di Kunsten vantar Fridom.
 
Den kunstige Hestealing hev jamt havt eit elder annat serskilt Fyremaal og dermed strævat aa utvikla visse Eigenskapar paa dei andre sin Kostnad. Men paa den Maaten brytst det fine Samspil i Kroppens Byggnad; Rørsla vert mindre stød og lett og heile Hamferdi (Holdningen) ikkje so rak og fri.
 
Denne Heste-Aling hev ikkje altid havt dei same Fyremaal. Ein vilde hava lette Ridehestar, ein annan sterke Arbeidsgampar. Eit merkjelegt Døme paa detta hev me i den engelske Kapplaupshesten og so den store tunge Kjærrehesten. Hjaa oss – paa Austlandet – gjere dei og Skil no paa lette Kjøyrehestar (Traavarar) og tyngre Arbeidshestar, og snart fær dei væl eit Slag til, "Kavallerihesten." Paa denne Maaten kjem det fram kunstige Hesteslag attaat dei meir naturlege Avbrigde.
 
Dermed lyt me læra aa døma ein Hest etter det Slaget han er av og det Bruk han skal vera til, endaa um me ikkje hev Raad til aa bala med slike Stalldokkur som Kappspringaren elder slike Kjøtlass som Kjerrehesten. Desse lyt me yverlata til dei "store Kulturlandi" og so stella og stræva best me kann med vaare eigne meir naturlege Hesteformer.
 
I det Heile og Store skil me her i Landet berre millom tvo Hesteslag, Fjordingen og Gudbrandsdølen. Denne sidste er stor og sterk og høver godt til dei større Gardar paa Austlandet, der Bruket er tyngre og Fodringi riklegare enn i Fjordbygderne. Han er nokot meir tungvoren enn den vesle kvike Fjordingen. Denne er mindre, meir smaanøgd i Matvegen, men fotstød og rask og hev Føter som Staalfjører. Dermed høver denne Hesten best til Fjord- og Fjellbygderne paa Vestlandet, der Gardarne er mindre og meir bakklendte, Bruket lettare og Fodret mindre. I snøberre Vintrar lyt han tilmed ofta finna sin Mat ute.
 
Desse tvo Slag hev ikkje vortet heldne so reint kvar fyr seg, men hev vortet ymist blannade. Iser hev Fjordingen vortet blannad med Dølehesten, daa dei meinte, at dei paa den Maaten skulde faa ein Hest, som hadde baade Fjordingens og Dølens Dygder. Men det gjekk ikkje so. Dei gløymde, at Lyte gjeng i Arv likso lett som Dygder, og lettare med, naar der ikkje er den rette Samklang millom Foreldri. No synte det seg, at der var for stor Skil paa Byggnaden av Fjordhesten og Dølehesten. Avkjømet vart korkje Fugl elder Fisk. So fann dei ut, at det var best aa halda dei tvo Hesteslag reint ut ifraa kvarandre. Ein vil soleids paa Statens Hestesyningar berre gjeva Premi til Dyr av ublannat Slag. Men millom slike Dyr gjeld det liksovæl um eit gløggt Utval, og det er av stor Vigt fyr Landmannen aa hava eitgrand Greida paa det rette Skap av ein gild Hest. Denne Greida vil han jamt og best faa paa Hestesyningarne, der dei gildaste Hestar vert framdregne, so Ein fær sjaa dei, og hellest vert der haldet Fyredrag, som Ein og kann læra ymist av. Likaeins kann Ein lesa i Dyrebøker um Hestens Byggnad, og her skal me og prøva aa greida litt ut um Tingen. Men skal Ein hava noko Gagn av slik Lesnad, maa Ein altid hava ein verkeleg Hest til Samanlikning og Prøving.
 
Naar Ein vil sjaa paa ein Hest, er det best aa taka dei einskilde Luter kvar fyr seg nokotsonær etter som dei hev sitt Sæte paa Kroppen. Ein plar daa gjerna byrja med Hovudet. Detta hev stor Innverknad paa Rørsla aat Dyret, og rømer dessutan dei vigtigaste Sansereidskapar. Lat oss sjaa paa det.
 
Der hev me fyrst Panna, som skal vera breid og flat, daa det tyder paa ein vælvaksen Heile (Hjerne). Men ho skal og vera lang og greid; for daa vert Hovudet vænaste. Attanum Panna ligg Nakken, som, naar Hovudet sit høveleg, synest vera lang og litt rundvoren. Men er Hovudet formykje framstikkande, vert Nakken stutt og flat, ogdet er eit Lyte iser paa Ridehesten.
 
Paa baade Sidur av panna hev me dei kvelvde Tinningflatur elder Tunnvangarne, som gjeng ned til Kjaken og frammantil hev Augnegruvurne. Tunnvangarne vil Ein hava runde og fyllige, for det tyder paa sterke Tyggemusklar; Augnegruvurne maa ikkje vera for djupe; det tyder anten paa Avkrefting elder paa Alderdom.
 
Kjaken maa gjerna vera breid, men ikkje klumpen og utstandande, for det gjer Hovudet tungt. Millom Kjakarne paa Undersida er Kjakegruva (Gulken), som maa vera romleg, fyr at Barken og dei store Aarer som ligg der ikkje skal klembast, naar Hovudet vert bøygt.
 
Øyro skal vera smaae og fine, standa høveleg til og rørast livleg. Paa Øyrom kann Ein sjaa, um Hesten er gløgg og stød elder rædd og vond. Storleiken og Laget paa Øyrom, og Stellet der dei stend, gjer mykje til korleids Hesten ser ut. Der er ymse Namn paa dei, som tyder paa detta. Soleids heiter smaae butte Øyro "Museøyro", er dei store og grove, heiter dei "Eselsøyro", naar dei stend upp, men "Svineøyro", naar dei heng ned.
 
Augo maa vera livlege liksom Øyro; men dei maa og tyda paa Ro. Hesten maa vera agtsam og gløggsynt, men ikkje uroleg elder rædd. Naar Ein ser innpaa Augat, maa det vera klaart og blankt. Augnaloki maa vera fine og glatte og Innsida ljosraud. Av Augat kann Ein best sjaa, um Hesten er frisk, kvik og godsleg elder larven er laak. Vil Ein vera fullvis paa, at der ikkje er nokot Lyte med Augat, maa ein røyna Hesten baade inne i Stallen og ute. Er han likaeins paa baade Stader, kan Ein vera trygg. Annars bør Ein helst spyrja seg til Raads hjaa ein Dyrlækjar.
 
Panna skal ganga jamt yver i Nasen, som bør vera fin og bein ende ned til Yverlippa. Nasborerne skal vera store og rørast lett og jamt; detta tyder paa ein lett Pust. Til Sidom skal Nasen ganga avmerkt yver i Kjakarne, som, sedde frammanfraa, skal smalkna fint av til Lippom. Desse skal vera fine og næstan nakne utanpaa. Dei maa lata væl att Munnklova, og Underlippa maa ikkje hanga lenger ned enn Yverlippa, daa detta, liksom tjukke Lippur, er eit Merkje paa larven og laus Bygnad i det Heile. Set under Eit maa Hovudet vera litet og fint, med vælsitjande og væne Augo og Øyro. Eit sovoret Hovud gjere Stort til, at Hesten ser godt ut; det er Merkje paa Trivnad, Liv og Kvikleik og vil mest altid vera høveleg samansett med ein lang Nakke. Og detta gjer, at Hovudet kann rørast og bøygjast lett, og at Hesten vert lett aa styra. Ein stutt Nakke derimot gjer Hovudet framstikkande; Rørsla vert stinn; Hesten vert "hardkjeftad" og tung i Vendingen. Detta er eit av dei Lyte, som me oftaste finn hjaa vaare Hestar, og som me maa freista aa retta paa.
 
 

 

Frå Fedraheimen 01.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum