Fraa Voss

 
Fraa Voss 1
 
Dat var her i det Seinste Ein, som skreiv eit Framhald fraa Sunnhordland um det aandelege Liv her hitte, som eg inkje hev funnet meg reideleg tilfreds med. Eg vil beda Lesaren, at han inkje maa taka meg detta illa upp; og eg vil prøva paa aa svara denne Brevskrivaren (Hr. Ø.), so lindt som dat let seg gjera, med dat Syn som eg hev paa dan Sak.
 
Fyrst hev eg Traang aa uttala, at eg er fullt einig med Hr. Ø. naar han segjer, at dat er fyrst og fremst naudsynlegt aa syrgja fyr sin Sjælebate, fyr Sæla aat si eigi Sjæl. Eg trur at eit Menneskje kann inkje vera lukkelegt og i Sanning fornøgd, fyrr dat hev lært aa kjenna Frelsaren so, at dat hev Traang etter honom som sin Frelsar, og fyrr dat hev fengjet eit litet Auga paa Guds urandsakelege Kjærleik til seg. Men eg tykkjer, at dan Greida som Hr. Ø. vil hava, og som han vil at andre skulde hava, dat er dan gamle Greida, at Folk verta sæle alle ihop, naar han undantek dei som er verre enn andre, elder liva slik, at kvar Mann kann segja um dei, at dei er Syndarar. Dat er no den Greida, dei oftaste pla vilja hava, dei som er so sløge til aa vera gløgge paa dei aandelege Ting, og, Stakkarar, eg tenkjer dei tru dat altfor mykje sjølve, at det er stemmande med Sanningi; for Sanningi hev fengjet for lite Inngong i dei. For naar Sanningi fær koma inn, daa fær Ein sjaa, at Ein er dan verste taa Alle, og at dar er inkje nokot hjaa Ein sjølv til aa byggja paa.
 
Eg vil inkje hefta meg med Stykket hans nokot, fyr eg kjem til dat, naar han talar um, at Ein skulde væl inkje tru, at Folk tok i Mist med Avsyn paa Sedelæra elder Moralen, men dat er nok inkje aa lita paa dat, meiner han, fyrdi Tungjen fordømer baade Spil og Dans. Eg vil inkje negta, at dar hjaa dei Nyvekkte kann vera nokot trongt i so Maate; men eg lyt no segja, at eg held dat fyr laangt betre dat, hell at Himmelvegjen gjerest so breid, at Ein kann dansa seg inn – og daa til Slut vert utestengd. Var Ein god-til aa halda rette Millomvegjen, so var dat visst svært godt; men sidan Ein inkje er god-til dat, er dat væl betre aa gjera dat væl smalt hell for vidt i so Maate. Samvitet fær væl vera Domar, naar Ein inkje veit nokot visst aa draga ut or Guds Ord. Og um Ein snakkar med dei som er tronge soleids, so fær Ein snart høyra dat, at dei meinast no slettinkje fortena nokot med dat. Hadde dei havt dat paa dan Sida, so hadde dat voret gale, men dat hev inkje eg funnet. Dei er so rædde fyre, at dei kunne koma burt att i Verdi, at dei tora inkje ganga med paa nokot sovoret, og dei som hev vaagat dat, hev altfor mange Prov paa, at dei hev misst dat, som Gud hadde kveikt i Hjarto deira. Difyre trur eg dat trengst, at dei umtenkja seg, dei som er so lause paa slikt.
 
Naar Hr. Ø. snakkar um Per Øyro og Hardanger og Voss's Indremissionsforeining, daa synest det meg, at han er væl drjug. Hadde han havt skrevet Stykket sitt dan Dagen, daa dei vandad 2) Per Øyro, daa skulde eg endaa inkje undrast so mykje; men naar han hev skrivet dat i desso Aare 3), daa lyt eg radt undrast. Eg hev Traang til aa segja mine Læsarar dat, at eg ser ein forunderleg Guds Styrelse i dat, at Per vart vanda dan Dagen. Hr. Ø. segjer, at han vart skalad 2) fyrdi han var so "evangelisk", og dat er nok paa sin Maate sannt sagt. Um Per Øyro dan Dagen høyrde til dei "Ny-evangeliske" dei kalla, er eg inkje so kjend at eg kann segja; men at han sidan vart dat, dat veit eg. Og dei Nyevangeliske, dei er so reint altfor "evangeliske", at Log kann inkje talast um. Dei slaa Vrak paa gamle Johan Arndts Skrifter og vilja hava han til ein "falsk Lærar" i den Lutherske Kyrkja. Men Per Øyro gjekk endaa vidare, og eg hev no frett, at han er gjengen ut or Statskyrkja. Difyr er dat eg segjer, at eg ser ein stor Gudsnaade i dat, at han ikkje vart inntenkjen i Samlaget hin Dagen. Hadde han komet inn, so spyrst dat um Samlaget hadde fenget verkat so mykje som dat hev gjort; for dat er tvilande fyre, at dar hadde vortet innbyrdes Usemja.
 
At Missionsstyret skal ha drevet dat for vidt paa den inkje "evangeliske" Vegjen fyr di um dat vanda ummelde Mannen, kann eg inkje skyna Innsendaren hev Rett til aa slutta, endaa um dat hev gjenget so som han fortel um Knut Øvernæs. Naar eg tenkjer paa dei Ordi, som han Ola Steen sagde til honom, so finn eg inkje annat enn han hev sagt dat i Kjærleik til Manne 3), og eg trur han Ola hev meint, at dat let seg inkje gjera aa vera ein Kristen berre i Løynd; Ein lyt visa, at dat er ein Kristen Ein vil vera, og dat vantad helder inkje paa Tilføre til dat. Eg hev her Lyst til aa fortelja ein liten Forteljing um kor dat gjeng, naar Ein inkje vil brjota med Verdi, Ein som er dregjen paa og hev kjennt, at han lyt gjera dat, skal han faa Fred med Gud. Eg trur inkje at Forteljingi hev voret paa Prent fyrr, og ho er plent ny.
 
Dat var i ein taa vaare Byar ei Kona, som Vaarherre hadde kallat so mykje paa, men som hadde utsett Gong fyr Gong aa fylgja Kallet, for ho hadde inkje Hug daa paa Stundenn 4) til aa visa sine Kjenningar, at ho vilde vera eit Guds Barn. Soleids hadde dat gjenget lengje. – So vart ho eingong bedi paa Bal. Ho hadde fæl Ufred yver seg, dersom ho skulde ganga; ho kjende ho gjorde Synd med dat; men ho gjekk kor som var, dat skulde daa vera siste Gongen, lovte ho med seg sjølv. So reiste ho. Um Kvelden, daa ho kom heimatt, hadde ho fæl Ufred yver seg fyr dat som ho hadde gjort. Og um Notti drøymde ho, at Jesus kom i Skyerne, men at ho inkje var ferdig te møta honom. Ho spratt fram or Sengjenne 4) taa di fæle Draume sino 4) og – just paa dan Kanten av Byen, dar ho budde, var dar Verme laus, og daa ho saag denne fæle Ljosken, trudde ho Draumen var sann, og daa vart dat so fælt fyr henne, at ho vart fraa seg, og nokre Dagar etter gjekk ho ifraa desse Verd'ne 4). Detta synest meg vera eit Bilæte paa, kor dat gjeng, naar Folk inkje vil visa, at dei er Kristne. Men no maa du inkje taa desso 4) tru at eg hev nokor Tru paa Draumar. Eg synest berre det var ein merkjeleg Lagelse med henne; Vaarherre saag nok dat, at han inkje kunde faa henne, og so let han det skje oss til Eksempel.
 
Eg hev inkje Tiderna til aa hengja meg burt i Stykket hans Ø. alle Staderne; eg tek berre dat, som eg tykkjer er mest vigtigt, og daa er dat nokot paa Sluten i Stykket hans, som eg inkje kann tegja paa endaa. Dat er naar han talar um dan Himmelstigen, som Ein kann tenkja seg fraa Jordne 4) upp til Himmelen: at nedst stend dei, som byggjer paa sine Gjerningar, og øvst dei, som byggjer paa Naaden, og so er dat ei endelaus Rekkja derimillom, og dei gjeng uppetter, med kvart som dei veks i Upplysning.
 
Detta kann eg slettinkje samstava med honom i. Etter Skrifterne trur inkje eg, at dei er paa Himmel-Vegjen dei, som byggjer paa sine Gjerningar. Enn vidare kann eg sluta av Ordi hans paa Rest'ne, at han trur dat let seg gjera med Upplysning, og naar Raaskapen vert utdriven, aa faa Folk inn i Himmelen. For er dat so, at dei er paa Himmelvegjen dei som trur paa sine Gjerningar, og at dei stig høgare og høgare ettersom dei ganga fram i Upplysning, so er dar greid Veg til aa slutta paa. Men kor ender den Trui, maa eg spyrja? Jau i ei æveleg Sjølvdaaring ("Bedrageri").
 
Desse Ord hev eg havt Hug til aa segja, fyr di at me Vossingarne og Hardingarne og Sunnhordlendingarne standa so nær einannan i detta Aandelege, at dat som vert sagt um dan eine er og sagt um dan andre taa oss.
 
- Fraa Voss er aa melda, at her er teket til med ein sterk Vekkjelse her og, og dat iser millom dei Unge. Og til denne Vekkjing hev Vaarherre iser brukt til sine Reidskapar slike umreisande Menn elder Utsendingar, slike som han Ola Steen. Dat er visst og sannt, at dei Vekkte er nedbøygde yver seg; men det gjeng jamt so, at Folk fyrst maa verta nedslegne fyrr dei kann verta glade. Og Herren brukar maange Vegjer i dat Stykkje. Sume kunna snart verta glade i Trui paa Jesus, med andre gjeng dat seinare aa taka Naaden til seg. Men endaa desse sidste kunna inkje annat enn takke Vaarherre fyr den store Naaden, at han hev byrjat med aa kveikja ein Hug hjaa dei til aa koma i Samfund med honom. Dei vilde inkje fyr alt i Verd'ne vera dan Suti kvitt, som dei hev fengjet yver seg, dei som hev teket til aa fylgja med "Samlingskaro" av di dei hev Traang til aa faa si Sjæl frelst. Andre, som ikkje hev denne Trong, meina nok ikkje so mykje med dat, um dei fylgja sovorne Folk. – Her er og ymse eldre, som hev fengjet heita "Lesarar"; dei finn Ein helst lenger ut i Dalarne. Sume av desse er vakte av dei, som var med "han Hans" (dvs. Hauge); men taa dei som var vakte av Hauge sjølv, trur eg inkje her er att no.
 
Dei som synast, at det maa vera eit tungt Liv, slike Folk maa føra, veit nok enno inkje, kvat eit sovoret Liv vil segja, fyr di dei vilja inkje brjota med sino gamle Hug. Taa slike er her dessverre altfor mange, her som alle Stader.
 
Eg vil sluta med eit Ynskje um, at Vekkjelsen maatte faa endaa meir Magt enn fyrr, og at han maatte verta heilt ut sunn, so inkje noko Sekter elder villfarande Meiningar maatte faa Inngong, til aa usemja dei, som alt er komne under Kallet. Men skal det skje, so trur eg det er Torvi, at Missionsstyret er "verksamt i sitt Yrkje" og tek vara paa sine Utsendingar, og at dei eldre Truande allstødt rettleider dei yngre.
 
I April 1878
 
 
1) Me tek Stykket. Det er bedst, at alle Tankar kjem fram i Dagen. Me meiner og, at Mange vil finna detta Stykket lærerikt, elder karakteristiskt. Bldst.
2) Vanda: vraka. – Skala: det same.
3) Dativ Sing.
4) Dat. Sing.
 
[Fotnotenummerering i samsvar med originaltekst. Red.]
 

 

Frå Fedraheimen 01.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum