Av laak Ætt.

 
[Del 7 av 10]
 
Ei Forteljing.
 
XII.
 
(Framhald).
 
Knut Aasen gjorde seg Ærend til Dale rett som det var. Og so godt vart han fagnad av dei Gamle, at han altid fekk Mod til aa koma att. Alvhild likte ikkje detta fraa Fyrsto. Men daa Aaret var gjenget, tenkte ho ikkje so sterkt paa Leiv som fyrr. Ho kjende seg meir lett og fri; Hugen var mindre heit. Ho kunde sumetider undrast paa, at ho, som var beste Gjenta i Bygdi, slik skulde gjeva seg burt til ein ættlaus Gut. Det var ei Lukka, at Ingen visste um det. Med den andre Ungdomen heldt ho snart fast Lag og var lettlivad som fyrr. Det var mest Knut Aasen, som gjorde detta. Knut var ein kvik, livmykjen Gut, lentug i Ord, væn av Aasyn; ikkje stor og sterk som Leiv, men snaal og lidug, ferm og frisk, ein stor Dansar og makalaust morosam i altslags Lag. Alvhild hadde likt han rett godt fyrr ein Gong; no totte ho det var ei Kvild og ein Lette aa vera saman med han. Han kunde altid so lindt løysa henne fraa alle tunge Tankar. Det leid og det leid, og ho fekk alt mindre imot, at han hadde si Gonga paa Dale.
 
Ho tok til aa skjemmast av sitt Kjenskap med ein so litet vyrd Mann som Svarte-Aasbjørn Hegglid. Difyr heldt ho seg ifraa han. Naar Leiv sende Brev, kunde Lars bera det fram. Fyr ingen Ting i Verdi maatte Folk leggja Merkje til, at ho kjende Aasbjørn. Ettersom det leid utpaa Aaret, undrast ho paa, at det inkje Brev kom. Men Aasbjørn vilde ho ikkje spyrja, og Lars visste so litet.
 
Bjørn Haugstad hadde i Sinne faret stad og gift seg med ei onnor, daa han saag, han ikkje fekk Alvhild. Dei sagde han tregad paa detta, og det var nok ikkje fritt han drakk. Og naar han var full, talad han vondt um Alvhild. Ho var ei Fjokla, som ingen Mann maatte tru. Men naar han fortalde, at det visst var einkvar Tingen imillom henne og Leiv Hegglid, so lo berre Folk. Alvhild fraa Dale var no ikkje d e n, lell.
 
Ein Sundag hadde Ungdomen samlat seg paa Aasen; Alvhild var der. Daa kom det Ein fram med ei ny Visa, som han sagde var gjord i Bygdi um Bygda Folk. Visa vart songi, og ho var ihopsett slik, at Alle maatte skyna, det var Alvhild som var meint. Ho handlad um ein Fantegut, som gjorde seg Tankar um Ting, som slike Folk aldri burde drøyma um; til Slut kom det eit Nidstev til "Gjenta", som "fjasad med kven det var" og "hadde Høgtid" med Armodsfolk, endaa ho kunde hava det gildare. Alvhild vart sprutende raud. Folk lo aat Visa og meinte, at slikt kunde Ingen finna paa utan Bjørn Haugstad. Det var greidt aa sjaa, at ikkje Ein kom paa aa tenkja ein slik Ting som at der kunde vera nokot Sannt i Visa. Men i detta laag det ei so endelaus Svivyrding mot Leiv og hans Ætt, at Alvhild totte ho kunde siga i Jordi av Skam. Enn um det fannst Ein her, som visste -! elder berre Ein som tok Mistanke! - - Ho prøvde aa vera med og læ aat Visa. Og daa Gjenturne kom og paa Moro ertad henne fyr Leiv Hegglid, so lo ho med, og sagde, at den, som hadde funnet paa slikt, maatte vera reint ein Stordiktar. Det var som Skammi brende Elsken ut. Daa ho kom heim um Kvelden, gret ho.
 
Utpaa Hausten, den andre etter Leiv foor, kom det ut eit Ord i Bygdi um, at han hadde voret uheppen og mist sine Pengar, so det var paa Voni, naar han no kunde koma heim. Folk flirde av detta og fann det rimelegt, at ein slik Kar ikkje kunde hava Lukka med seg. Alvhild kjende som ein Lette ved aa høyra, at ho endaa var fri ei god Stund. Mangt kunde venda seg til dess. Ho vart blidaremot Knut enn fyrr; det galdt liksom aa narra Folk paa Villstraa. Og Folk tok til aa tala um Alvhild og Knut. Dei høvde so godt, desse tvo. Det var Ætti og Friddi og Rikdomen paa baade Sidur. Det var detta, som i Grunnen alle hadde ventat. Alvhild var fulla den Gjenta, som visste aa velja fyr seg.
 
Foreldri likte det og fælt godt. Og daa alle fann Tingen so sjølvsagd, vande Alvhild seg og til aa finna han rimeleg, Ho tenkte paa Leiv, med Sorg og vondt Samvit, naar ho var aaleine, med Skam, naar ho var i Lag. Ho vilde helst gløyma. Ho hadde voret ør; Elsken hadde gjort henne blinn. Ho likte seg best hjaa Knut, for han var so hæv til aa taka Tankarne fraa henne. Men um Nætterne vaknad ho ofta upp i Graat og hadde drøymt um Leiv. Daa tenkte ho: "Eg vil ikkje svika; eg vil berre bia og sjaa. Det hender so mangt utenkt." – So skaut ho Tankarne fraa seg.
 
Men Folk snakkad um henne og Knut som um alt var visst og avgjort. Eingong slog Knut innpaa um detta, liksom halvt paa Moro, og spurde, korleids ho likte desse Drøsurne. Ho vart raud og kunde ikkje svara. Daa gjekk Knut nokot lenger innpaa Tingen, so ho liksom kjende, det vart Aalvor. Men daa vart ho rædd. Leiv kom fyr henne so sterkt, at ho liksom tottest sjaa hans bleike Aasyn og blanke Augo. "Lat oss ikkje tala um det," bad ho. "Nei nei," sagde Knut, "det er ein Ting, som ikkje hastar; og Ein skal aldri gjera slikt av i ei Braadvending. Men – du kunde tenkja paa det Alvhild." Ho stod og vreid sine Fingrar millom kvarandre og var so full av Uro, at ho ikkje fekk ein klaar Tanke fyr seg. Ja, - tenkja paa det kunde Ein altid. –
 
Gamle Aasbjørn fekk og høyra detta um henne og Knut; men han trudde det ikkje. "Ho hev slike ærlege Augo," tenkte han, "og Auga lyg aldri." Difyr skreiv han Ingenting um det til Leiv helder. Leiv hadde væl nok aa dragast med fyrr, han. Likevæl prøvde Aasbjørn ofta aa faa tala med Alvhild aaleine. Men no heldt ho seg endaa meir ifraa han enn fyrr, av di ho hadde vondt Samvit.
 
Vetren gjekk. Alvhild fekk inkje Brev fraa Leiv, og ho prøvde aa faa seg til aa tru, at han hadde gløymt henne. Knut var paa Dale so ender og Gong, slog seg sumetider overlag glad, men var andre Tider meir tagall og liksom sorgfull. "Han held av meg," tenkte Alvhild. Dei Gamle talde ofta fyr henne, og ho var ikkje so vond aa lokka. Men naar det skulde vera Aalvor, so fælte ho seg av.
 
Um Vaaren gjorde dei eit litet Lag paa Dale, skulde "prøva Vaarbrygget." Knut var med. Alvhild hadde aldri set han so snaal og fager. Det var han som sette Liv i heile Laget. Alle var glade i Knut. Gjenturne ovunde Alvhild, som kunde faa ein slik. Utpaa Kvelden, daa Drykkjen tok paa Folk, fekk Moeri Alvhild med seg ut i eit Kammers. Der var Knut og gamle Halvard, og det vart snart Drøs av. Men rett som det var, maatte dei Gamle ut i Kjøken og sjaa til Mat og Drikka. Daa bad Knut henne segja si Meining. Han kunde ikkje ganga i denne Uvissa, sagde han. Det galdt meir fyr han, enn ho trudde; gjekk det skakkstyrt med detta, so tok nok ikkje han det so rolegt som Bjørn Haugstad. Han var so aalvorleg og sorgfull, ho hadde ikkje tenkt, at denne glade Guten kunde vera slik. Ho hadde vondt av han; ho kjende, ho heldt av han. Og eingong maatte det gjerast av. – Leiv -? – "Leiv hev gløymt meg," trøstad ho seg. "Og Faer og Moer vil det" . . . Ho glytte bljugt upp aa han. Han slog Armen kring henne, liksom sanselaus av glade Voner: "er du no mi, so skal du aldri i dine Livedagar trega det!" – Leiv hev gløymt meg, tenkte Alvhild; Faer og Moer vil det . . . "Det er, kannhenda, so lagat," kviskrad ho, vart gloande heit, og so kald att. Han lo av Gleda, drog henne til seg og gav henne fra seg, gjorde eit Hallingkast og ropad: "hei! no veit eg hoss det er aa vera glad au!" – Alvhild var sjølv so litet glad no, daa det var avgjort, at ho prøvde aa kveikja seg ved hans Gleda. - -
 
I det same kom dei tvo Gamle. Han tok dei ein i kvar Haand og smilte og lo: "Vil de no hava meg til Son, so hev de meg her!" "Det vil me visst," sagde Moeri med Smil og vaate Augo; "det vil me visst," sagde Faeren blidt og aalvorlegt. Moeri drog Alvhild inn i Armarne sine: "No hev du gjort oss alle glade." "Ja," lagde Faeren til, "du hev altid voret eit godt Barn." Han saag kjærlegt paa henne. Alvhild kom i sterk Graat.
 
Same Kvelden vart det avgjort, at Brudlaupet skulde standa til Hausten. Alvhild let dei gjera med detta som dei vilde. Ho bad einast um, at Trulovingi maatte haldast løynleg so lengje det var Raad. Dei undrast paa henne, men var for glade til aa negta henne nokot. "Og no er du med meg ovanpaa", sagde Moeri; "dei maa ikkje sjaa, at du hev graatet." Knut tok henne i Hondi: "Takk for detta, Alvhild!" sagde han. Ho gret og tenkte paa Leiv. Dermed skildest dei.
 
 

 

Frå Fedraheimen 01.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum