Utlandet.

 
Den same Uvissa er raadande, og Synerne til Krig og Fred skifter til mest kvar Dag. Vonerne um, at ein Fyre-Konferens kann koma i Stand og gjera Veg fyr ei fredleg Avgjerd paa ein Kongres, er enno ikkje sloknade, endaa England ikkje hev gjevet sitt Samtykkje, men held paa sitt, at Ryssland skal ganga ved, at dei austerlendske Spursmaal er europæiske og skal avgjerast deretter, og hev forkastet Bismarcks Framvarp um aa leggja til Grunn fyr Tingandet paa Kongressen dei gamle Semjor av 1856 og i 1871 med det Fyremaal aa gjeva deim slike Avbrigde, som dei sidste Hende dreg etter seg. Helder ikkje hev dei komet til Semjing um, kor langt dei skulde hava seg undan fraa Konstantiopel kvar paa si Leid. Ryssland tek ogso i, alt det orkar, fyr aa gjera seg reide til aa møta fram til Herstrid, baade paa Land og paa Sjø. Ryssekeisaren hev fyrr 48 Garde-Grenadér-Divisionar og Line-Divisionar og yver 12 Reservedivisionar, samansette av 95 nye Reservebataljonar. No att set han upp 36 nye Reservebataljonar, som skal utgjera 3 nye Divisionar, og 24 Batteri som skal gjera 3 Artilleribrigadar. Dette Slag paa Sverdet, skriv det austrikske Bladet "Neue freie Presse", vil vekkja ein Leidtokkje i heile Europa og iminnsto ikkje vanta Svar fraa Englands Sida. Donou-Osen skal stengjast med Torpedoar i det Tilfelle, at det vert Krig med England. Dette er naudsynlegt fyr aa tryggja Landvegen millom Ryssland og Bulgaria, um den engelske Floten skulde koma seg inn i Svarthavet. I Bukarest er det samlat 16000 Føringsvogner paa Voni, um Sjøvegen skulde verta stengd. Fraa Widdin og nedetter er alle vigtige Stellingar og Feste hersette av Ryssarne. Rumæningarne er rædde, at Ryssarne skal hersetja Hohovdstaden deira, Bukarest. Ryssarne hev samlat ein Her paa 150,000 Mann paa Austkanten av Landet, og dei hev sitt Læger mindre en 2 Mil fraa Bukarest. – Millom Ryssen og Turken hev Venskapen kolnat, er det likt til, og det turkiske Ministerskifte, som nokre Dagar sidan sette Sadyk Pasja i Forsætet i Staden fyr Akmed Vesik Pasja, synest soleids ikkje aa hava gjort nokor Vend i Turkiets Politik. Turkarne hev enno ikkje gjevet upp Festningarne Sjumla, Varna og Batum, som dei etter Fredsemja skulde ha gjort, og at Ryssarne er misnøgde med dette er ikkje meir enn rimelegt. Paa si Sida kann Turkarne anka paa, at Ryssarne ikkje enno hev, som lovat var, byrjat veksla ut  Krigsfangarne og røma det hervunne Landet. Men det fell likevel ikkje so underlegt, at Ryssarne tek seg Tid med dette naar ein tenkjer etter, at dei ikkje er braadt trygge paa Turkiet, um det skulde koma til Krig med England. Etter paalitlege Upplysningar stend det ikring 70,000 turkiske Hermenner umkring Konstantinopel, og 17000 ligg det i Gallipoli. Trass i Storfyrst Nikolai sitt Motlegg styrkjer Turkarne stendigt sine Stellingar ved Konstantinopel og iser sitt faste Læger ved Bujukdere. Det er ikkje i Braadbilet gjort aa taka Konstantinopel endaa. – Eit Telegramm fraa St. Petersborg av 24de April fortel: "Igaar vart dei haldet eit ovstort aalmennt Møte i Moskau. Guvernøren Fyrst Dolgoruchow var Formann, Bisp Ambrosius, Borgmeisteren og andre av dei høgste Embættesmenner var med. Møtet tok ved den Raadgjerdi, at kvert Guvernement (Amt) skal reida ut ein Kryssar. Pengesamling er sett i Gang yver heile Landet". Dette at Ryssland, mot det, som hev voret haldet fyr Folkerett i dei seinare Tider, og mot Ordlydingi i Parissemja, trugar med aa føra Krigen mot det engelske Rike soleids, at ikkje Einskildmanns Eigedom kann vera trygg paa Sjoen, som paa Land, det skal ikkje minka Agget mot Ryssland i England og helder ikkje setja Ryssland, som hev gildat seg av aa slaast fyr Kristendom og Sedskap, høgre i Europas Augo.
 

 

Frå Fedraheimen 27.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum