Skule og Upplysning.

 
Brev fraa Sveja i Sunnhordland. Fyrst litevetta um Maalsaki. – Her finst ikkje Maalmenner i kvar Busken, her helder, maa du vita. Eg heve ofta undra meg paa, kvifyr Folket hjaa oss er so like sæle um sitt norske Maal i Skrift; diat naar nokon t. D. heve voret til Byen ei Rid og so kjem heim knotande, so er han helden reint fyr eit Narr og er til Glis og Laatt fyr dei flestalle. Naar ein vilde døma Svejabuen etter detta, so vilde det sjaa ut, som me var varme Elskarar av det norske Maal. Men det maa nok ikkje vera plent so helder; for naar Ein talar um, at det vilde vera eit godt Tiltak, naar me kunde faa det norske Maalet innført som Bokmaal, daa kjem det annan Ljod i Bjølla. Det mest gamaldagse Folk segjer beint fram, at det er Synd aa skriva gudelege Bøker paa Norsk. "Det kunde gaa an med Ralebøker, men ikkje med andre." Sume segjer: "Der stend nok i Bibelboki, at dei vise skal forvilla Verdi; det er nok komet til det no, og dei held so lenge paa og vrid og vrengjer paa Gudsordet, at Gud maa nøyast til aa taka det fraa oss. Daa fær me Løni fyr Maalstrævet vaart." Sume minner um Maalrøra i Babel og spyr, um det ikkje var ei Straff fyr Menneskja, at der vart so mange Maal til. "No vil me sjølv reida Ris aatvaar eigen Rygg. Me vil gjera fleire Maal endaa." Sume brukar no den vanlege Tonen: "Vaare Fedrar heve hjelpt seg med detta Bokmaalet; kvifyr skal daa me endra det? Heve dei hjelpt seg med det, so kann me og." Spyr du um dei heve leset ei norsk Bok, daa fær du som tidast Nei i Næven; diat her er ikkje mange, som heve leset norske Bøker. Og det er væl oftaste heile Ulukka, at Folket hev forlitet Kjennskap til Saki. Men er det enn smaatt med Syn og Varmhug fyr vaar folkelege Maalsak, so fær daa Folket litt um Senn Augat upp fyr Kunnskap og Upplysning. Soleides er her ikkje so faae Gutar, som dreg paa Skular. Amtsskulen o. d. l. heve enno ikkje so mange nøytt. Det stikk i oss, at naar me ikkje kann faa Levebraud av det, me lærer, so er det ikkje nokot tess. Dei Gutarne, som heve Hug til Boki og hellest heve Midlar, dreg paa Lærarskulen, Underoffisersskulen og sume paa Jordbruksskulen. Med Gjentorne heve det enno gjenget smaatt. Dei skal liksom hava nok med Aalmugeskulen, dei. Fyre Aalmugeskulen er her ogso gjort litetvetta. Me hev no faste Skular yveralt, og her er ogso uppsett eigne Skulehus paa sume Stader. Sume heve endaa fenget Lærarjord, slik som ho no kann vera. I Vikebygd, Anneks til Sveja, heve der fyrr voret 3 Lærarar; men detta vart nok alt for dyrt fyr Folket der, og so vart den eine Posten bytt ut millom dei tvo andre Lærarar. Paa sume Stelle heve Fok det slik, at dei skjifter ein Post i tvo for at Borni skal faa meir Undervisning; men me tek det no paa denne Maaten, me. Um Vetteren heve Lærararne drivet paa med Kveldskular; men dei heve no ikkje allestader voret so godt søkte. Detta kann koma seg nokot av di at her er so gresgrendt, at det vert helder langt til Skulen fyr mange. Men eg hev no ein Mistanke um, at hadde dei den rette Hug fyr Uplysningi, so fann dei nok fram til Skulen endaa. Hugen dreg halve Lasset, segjer eit gamalt sannt Ordtøkje. Me heve ogso fenget istand nokre Læsesamlag, men det gjeng helder ikkje som det skulde. Her er saa faae, som skynar at det er nokot Gagn i aa lesa, at Læsesamlagi ikkje ser seg god-fyr aa halda seg med nye Bøker, og so slutar Folk, naar dei ikkje fær meir "Nytt." Men med alt detta so er det daa betre no enn det var i gamle Dagar. Her er ikkje svært lenge, sidan du ikkje kunde sjaa ei Avis elder ei Bok til aalmenn Upplysning; men no finn du i mange Hus baade Avisor og Bøker, endaa her er dei som trur, det er Synd aa lesa annat enn Gudsord. Dei, som heve denne Trui er dei som me med Hr. Ø. i Fedraheimen kallar fyr Haugianarar. Hr. Ø. segjer, at dei likjest mykje paa Grundvigsmennerne; han segjer ogso, at dei er mottakelege fyr versleg Upplysning; men detta er nokot, som slett ikkje vil passa paa Haugianarne her. Eg trur helder ikkje, at dei tvo Flokkarne so snart vil semjast her heime hjaa oss; for her er eit forfælande Djup millom dei. Men eg vaagar meg ikkje inn paa den Sak her; Stykket mitt hev alt no vortet lenger enn eg fraa fyrsto hadde tenkt.
 
H-h.
 

 

Frå Fedraheimen 27.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum