Skildringar fraa Italia.

 
(Ved Kristofer Janson).
 
[Del 25 av 25. Fyrste delen.]
 
VII.
San Germano og Monte Casino. Skilnad fraa Rom. Girondola. Vegen til Firenze. Venezia. Alpesjøarne. Eit Nott i ei Dagvogn. Yver St. Gotthard.
 
(Sidste Stykket.)
 
(Sluten.)
 
Eg foor fraa Venezia upp aat Alpesjøarne "Lago di Como, Lago di Lugano, Lago di maggiore." Nei kor likt heima! Den blaagrøne Fjorden liksom mett med Bredvatn, lange Tangar, den eine attanfyre hin, stingande seg fram i Vatnet, og so blaae, topputte Berg i Bakgrunnen. Men naar det heima laag ein brun solsteikt Gard, med ein Aldehage kring, ute paa Neset, so laag det her smaae, kvite Byar. Og naar det heima voks Olderkjørr og Smaabjørker med Vegen, voks det her Mandeltre og Cyprestre, og Kameliabuskor, og i Hagarne stod det kvitt av Kala millom sildrande Vatn. Det var meir fraudigt, meir svellande, meir solglødande alt hernede. Aa so for alle dei fine Hagar og Lystgardar! Og frisk Luft var her! Føraren min sagde, at det var so sunt i Bellaggio, den vesle Byen, der eg var, at Folk laut reisa burt, naar dei vilde døya. Det var myket paa Ferd!
 
No skulde eg daa snart segja Farvel aat Italia. Eg tok med Dagvogni fraa Lago di maggiore yver St. Gothard Fjellet i Sveits. Me foor ut Kl. 7 um Kvelden og skulde kjøyra all Notti. Eg var so heppen at faa smetta fyrst inn i Vogni og setja meg i ei Ro, so myket eg kunde faa god Studning fyre den veike Ryggen min. Det vardt eit underlegt Selskap, som samlad seg her i denne Kista, og som no skulde sitja saman eit Jamdøger. Der var eit Par Engelskmenner, ein Franskmann, eit Par Irlendarar, Bror og Syster, ei Sveitsergjenta, som skulde heim til Foreldri sine i Zürich, Italiafolk, og so me tvo Normenner. Det var ein underleg Blanding av Mannamaal, som let, naar me alle pratad paa ein Gong. Eg hadde fenget Sveitsergjenta atmed meg og den irske Gjenta beint imot. Det var kolande svart ute, men so blinkad Eldingen, Tora slo, og Regnet hyljad. Eg heve aldri set Maken til Ve'r. Elding kom paa Elding, eg trur inkje Sekunden var imillom, det brakad, som alle Berg skulde rivna, og Regnet skvatt skrattande attende fraa Taket paa Huset vaart. Gudskelov me sat turt og godt, men dei stakkars Hestarne! at dei inkje vardt vitskræmde, og so skulde draga dette tunge Lasset uppfyre desse Vegjerne,  som no venteleg meir var likt til Bekkjer enn til Vegjer, og uppfyre bar det. Det var reint fælslegt at sjaa gjenom Vognglasi desse bleike Blink, som braadt synte oss myrke Skuggar av Buskor og Tre, og so vardt burte. Daa Vedret spaknad litet, skulde me freista at sova, men det var lettaresagt enn gjort. Det kunde endaa ganga paa ein Maate fyre meg, som sat i Hyrna, men den stakkars Sveitsergjenta, ho sat og svagad som eit annat Rak. Best som ho var paa andre Sida, so dreiv ho innpaa meg og skvatt upp. Eg tykte daa Synd i henne og sagde paa Tysk, at i slike Tilfelle maatte ein jaga Blygskapen paa Døri, og vilde ho leggja Hovudet inn aat Bringa mi, so ho laag stødt og godt, so ver so god. Ho letst som ho inkje høyrde, kvat eg sagde, men best som det var, datt Hovudet nedpaa Bringa mi, og der vardt ho liggjande. Den irske Gjenta hadde sitet og dubbat og dubbat solenge, til Hovudet hennar datt ned paa mine Kne, og no sat eg Stakkaren og kunde inkje røyva meg fyr inkje at vekkja desse Kvinfolki mine. I det same glytte Sveitsergjenta litet paa Augnaloket, og daa ho saag, at ho hadde fenget ein Medtevlar, slo ho Kloi i Haaret paa irske Gjenta og ruskad henne so, at ho skvatt upp og hadde seg undan.
 
Det var Dag vorden. Me hadde styrkt oss med Mat i Gastgivargarden i Airolo, og skulde  no vidare. Det bar til Ve'rs med oss, og snart naadde me so langt, at me laut i Slede. Han er kvithovud stødt denne St. Gothard. Sveitzergjenta hadde inkje tenkt paa detta, so ho aatte inkje andre Plogg, enn dei ho stod og gjekk i, og eg maatte atter til og tulla henne inn i Kasteplagget (Plaidet) mitt. Det gjekk paa ein Maate uppetter, men daa det tok til at halla paa andre Sida – nei slik Fart heve eg inkje voret med paa korkje fyrr elder sidan! Vegen var skavlutt, so dei heldt paa med at moka, ein heil Flokk med Folk, - men det var det same. Utfyre Stup og Knattar, yver Staup og Issvell, paa Kanten av stupbratte Avgrunnar gjekk det i susande Traav. Sleden hoppad og slong, var likso myket i Lufti som paa Jordi, og me vardt soleids skjekne, at eg inkje skynar, det heldt inne i meg. Uvyrdnare Karar til at kjøyra heve eg inkje sett. Dess galnare det gjekk, dess meir slo dei paa, og dei heldt seg paa Meiden og song og smelde med Svipa lika radt. Snart opnad Sveitserlandet seg fyre oss, me foor yver Djevlabrui, som riste ved Fossespruten, me foor framum Altorf, der Wilhelm Tell inkje vilde helsa paa Hatten til Futen og laut skjota Eplet av Hovudet paa Son sin. Snart laag Vierwaldstädtersjøen som eit blaatt Auga framfyre oss.
 

 

Frå Fedraheimen 27.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum