Rispur.

 
Han Olav Skrønebakken var eingogn til Byen seinhaustes; det var fælt kaldt. Daa han kom heim att, fortalde han: "Eg kann alli sei' so vondt som eg lei; det var ikkje nok, eg hadde so læk ein Praam, at eg sat i Vatn tilknes – for eg var eismall og hadde Ingen te ause -; men paa Storfjorden klaka eg fast i Praamen, so eg matte upp til Haugen og faa meg ei Øks og hogga meg laus."
 
Ein Prest kom inn i Smedja til Smæden sin; der saag han eit Jarn laag nedmed Stabben paa Golvet millom annat Subb. "Aaffor lar du Jerne ligge saa?" sagde Presten og tok Jarnet upp. Men strakst sleppte han det att med eit Vræl: Jarnet var heitt. "Tilvæss!" lo Smeden, "detta kunde ein Ungje paa 5 Aar ha visst!" Presten meinte, at Ingen kunde lukta slikt. I det same kom Son aat Smeden inn, ein 4 Aars Gut. "Tak upp det Jarnet!" sa Smeden til Guten. "Tvi!" sa Guten og sputta paa det. "Tss!" sagde Jarnet.
 
Ein Mann kaupte Kaffi hjaa Kona paa eit "Kvilstelle". Daa Kaffien var heit, laut han slaa uppi Underskaali og drikka av den, og Koppen maatte han daa setja fraa seg paa Bordet. Detta ber til 3 Gonger. Kjeringi likte ikkje detta, at han subbad so til paa Bordet, og daa han spurde um Prisen, svarad ho: 2 Skill. fyr kvar Ringen, du hev gjort paa Bordet. Han betalad 6 Skilling og gjekk. – Eit Bil etter kom han att med ein Flokk andre Karar og kravde Kaffi aat dei alle. Daa dei hadde drukket, spurde han Kona, um det var same Prisen paa Kaffien som sidst. Javisst var det væl det, meinte Kona. "Ja so fær du ha' Takk fyr Kaffien daa", sagde Mannen, og heile Flokken gjekk. Den Gongen var det ingen "Ring" paa Bordet.
 
Ein Gut las i ein Avis, at der var komet Mais til Kristiania. "Dæ kjem full' snart Mais til Norje au da!" meinte ei gomoll Kjering.
 
Ein Mann hadde stolet og var under Forhøyr. So segjer han til Skrivaren: "Du mener full', du skal faa mei tel aa tilstaa, du; men jæ er for ful Kar til dæ, jæ!" - -
 
Dubbelt-Olav, det var Guten sin det. Han arbeidde fyr tvo og aat mindst fyr fjore. Eingang arbeidde han i Reskilen; attmed der var ein Skule. So var det ein Dag, at Skulegutarne – dei var væl ikring 30 Stykkje – lagde Lag um, at dei skulde gjeva kvar si Braudskiva til Fyrebite aat 'n Olav. Det vart ein heil Haug med Braudskivur, detta. Olav tok Haugen framfyr seg, og den eine Skiva etter den andre smaug i honom. Fyrr Halvtimen var gjengen, var det nede altsaman. "No", ropad Gutarne, "vart du kje no mett?" – "Humm," brumlad Olav "det var lite' aa bli mett av berre turt Brau'."
 
Eingong var Olav i Skogen og skulde stela Tyri. No var han fælt livrædd, Olav, og fyr aa ikkje detta ned, naar han soleids var uppe og hogg Topparne av Farom, so hadde han med seg eit Tog til aa surra seg fast med. Daa han no kom upp i den fyrste Fura, surrad han seg dugeleg fast til Toppen og so til aa hogga Treet av – under Føterne sine. Han hadde ikkje hogget lengje, kann du vita, fyrr Toppen rauk, og so beint i Steinrøysi med 'n Olav, so han slog seg mest ihel. Det verste var, han fekk ikkje heim med seg Tyritoppen helder.
 

 

Frå Fedraheimen 27.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum