Maalstriden vaar

 
gjeng fram. Alle vaare beste Folkeblad, som "Oplandenes Avis", "Norge", Verdens Gang" o. fl., er no so hugheilt med paa Tanken, at det er styrkjande og vonfullt aa sjaa. Og det er det, som er det største, at det jamt er dei liberale Blad, som er med oss, men Bakstrævarbladi, som er imot oss. Det er det, som syner, at Framtidi er paa vaar Sida. Men det maa so vera. Maalstriden og Fridomsstriden er i Grunnen Eit. Dei vil det same i Røyndi. Det er Norigs Grunnlog, dei baade tvo vil gjera til Liv og Sanning. Og so maa dei slaa Lag, og det dess fastare, di meir dei fær Syn fyr Grunnen i sitt eiget Yrkje.
 
Bladet "Norge", som no er eit av vaare fremste Folkeblad, baade etter sitt Innhald og med di at det gjev meir Lesnad fyr Pengarne enn dei andre, hev i eit av sine sidste No. eit framifraa godt Stykkje um Maalstriden i Belgien, som me vilde ynskja, at Alle fekk lesa. Det innheld baade forvitnelege Upplysningar um dei belgiske Maalhøve, og dertil ei klaar og raakande Samanlikning millom desse og dei norske. Det viser seg her som allestad, at eit Folk, som vaknar, stødt vil koma til den Kjenning, at Landsens Heimemaal er det fyrste nationale Livskrav, og at alle andre Avsyn vert veike mot det. I Belgien er det 2,256,860 Innbuar, som talar Fransk, og 2,659,890, som talar Belgisk (Flamsk). Det er soleids mest halve Folkemengdi, som talar Fransk. Og Fransk er eit av dei største Kulturmaal i Verdi. Likevæl er det no Meiningi aa setja det Flamske Maalet fullt jamsides Fransken. I Norig er  det ikr. 1,500,000, som talar Norsk, og ikr. 2-300,000 (snaudt Fremteparten!) som talar Dansk 1). Og en daa er ikkje Dansk nokot framifraa Kulturmaal; Norsk kann i alle Maatar verta mindst likso godt, og fullt so fagert, som det. Likevæl finn Normennerne seg i, at det Framande sit i Høgsætet, so Norsken mest ikkje fær vera til. Men me lærer væl, me med. Naar me no fær sjaa ei Stund paa Finnefolket, Belgiafolket, Ungararfolket o. s. fr., so tek me væl til aa skjemmast. Men – dei Andre maa ganga i Brodden! –
 
1) Og snaudt det, naar me minnest, at ei stor Mengd av Byfolket i Grunnen talar snarare Norsk enn Dansk.
 

 

Frå Fedraheimen 27.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum