Kristiania, den 26de April 1878

 
Storthinget tok til att etter Paaske Thorsdag.
 
- Odelsthinget Thorsdag. Lagthingets Merknadar til Forslaget um Hundelog paa Landet vart forkastad og Saki sendt attende til Lagthinget. Logi um Lensmannspostarne byrjad dei ogso paa med og det vart eit langt Ordskifte um det, so dei ikkje vart ferduge den Dagen. Me skal difyre sidan gjeva Melding um det. – Ægteskapslogi kjem no ogso fram med det fyrste.
 
Legat til Peter Hærems Minne. Nokre Menn bad Folk vera med og gjeva Penger til eit Legat til aa hjelpa fram og stydja under dei Tankar, Hærem hev arbeidt fyre; umfram daa til aa halda uppe "Ynglingeforeningerne" og "Studenterhjemmet" som Hærem hev voret Upphavsmannen til, likeins til eit Minnesmerkje paa Gravi hans, og til Hjelp fyr Ættingarne hans, um det skulde trengjast. Pengarne kann sendast inn til Ekspeditør Bjørnstad, Kristiania. Desse Menn hev skrevet under Innbjodingi: L. M. Aubert (Profess.), Blom (Prest), Echhoff (Kand. i Theol.) Johnsen (Profess.), Roll (Sorenskrivar), Bjørnstad (Ekspeditør), Brandt (Klokkar), Essendrop (Biskop), Kjær (Direktør), Svendsen (Grosserer), Jakob Sverdrup (Prest).
 
Ein ny Jarnveg er paatenkt fraa Kongsvinger gjenom Vermland og Dalarne i Sverik radt til Søderhamn ved Østersjøen. Han vert 45 Mil lang og Umkostingarne er sett til 35 Mill. Kr. i mindste Laget. Det er mesta gjenom Skogmarker og Utbygder denne Banen skulde ganga, og det skal vera nokre Storhandlarar i Kristiania, som hev komet paa det, med di dei vil hava Timberferdsla fraa dei svenske Skogarne aat Noreg. Men dei svenske Bladi held detta Tiltaket helder uført i vaare pengetronge Tider.
 
Løytnant Flood, som hev voret med i Krigen, er no attkomen og skal halda nokre Fyredrag her i Byen um Herstellet i den rumænske Heren.
 
Bjørnejagt. Høgsterettsassessor og Storthingsmann Løvenskjold er ein onnug Jæger, endaa han alt er 67 Aar gamal. I Paastetidi var han ute, og daa var han so heppen at han skaut ein Bjørn, som det var lagt Aate ut fyr, eit Par Mil fraa Skien. Bjørnen er sendt til Universitetet.
 
Vedret her paa Sudlandet hev voret ovleg linnt og godt so tidleg paa Aaret aa vera. Dei segjer, at det skal vera ein heil Maanad fyrr en ifjor og fjortan Dagar fyrr det vanlege. Marki hev vortet reint grøn, Lauvet hev alt teket so smaatt til aa spretta, og Vatnet uti Fjorden hev gjenget upp til + 9 Grader. Paa sume Stelle hev dei ogso byrjat med Vaaronni. Men Regn hev det ikkje voret paa lenge. Nei i London hev det nyst gjenget ei dugeleg Regnskur der; ho heldt paa samfelde tvo Dagar, og daa kom det ned so mykjet Væta, at det var ottande Deilen av all Vassmengdi som plar rigna ned i London. Gaturne vart øydelagde, og gjekk reint som stride Elvar. Handelen  maatte stansa paa mange Stelle og Vatnet fløymde inn i Husi, so Folk vart jagat upp i dei øvre Høgderne. I mange Hus laut dei berre pumpa Vatnet upp or Kjellararne.
 

 

Frå Fedraheimen 27.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum