Garden din

 
maa du ikkje byta sund.
 
Detta hev vortet sagt so mange Gonger; men det maa segjast til dess du lærer det. Det er ei Lands-Ulukka, som er ute i denne ustoggelege Sundbyting av Gardar. Held det paa med detta, so vil tilslut heile Folket søkkja ned i Armod og Vesalldom, og so fær det Trældomen paa Kjøpet.
 
Det er ikkje det, som vantar, at Gardarne vaare er for store; var det so, so vilde det vera godt, at dei vart utbytte. Men i dei fleste Tilfelle er dei smaae nok fyrr, elder just so store, at dei ved jamt Arbeid og vitug Framferd føder sin Mann. Byt no ein slik Gard sund i tvo elder tri Luter, so kann du vita Endalykti. Istadenfyr ein god Mann fær du tvo elder tri Armingar, som slit seg sund fyr aa berga Livet og endaa gjeng til atters fyr kvart Aar. Tilslut gjeng det ut baade med dei og den gode Garden, - til Tap fyr Alle, og til Bate fyr Ingen. Detta er so greidt, at kvar einaste Mann maa kunna sjaa og skyna det.
 
Det, som likevæl avlar fram denne Sundbytingshugen, det er Stakkarsdomen hjaa vaare unge Gutar: at dei ikkje hev Mod elder Hug til aa fara ut i Verdi og freista si Lukka paa andre Maatar, men likar best Omnskraai, og vil helst ganga og slengja paa same Staden i all si Tid og liva paa den Maaten dei er vane med, um dei so veit, at det vert berre Armod. Dersom det var nokot Framkjømd i dei, so saag dei strakst, at dei var betre farne med aa reisa ut og røyna seg, enn dei er med aa ganga der heime og bala med ein liten Husmannsflekk av ein Gard, som det aldri kann vera nokor Framvon i. Men dei vil helder vera "trygge", maatru. Dei er so glade i det "Visse", at dei helder tek den "visse" Armod enn det "uvisse" Framstræv. Og Foreldri hev ikkje betre Vit, dei helder. So vert vaare gode Bondegardar skifte og skifte, tildess det sit berre Fant att paa dei Tufter, der det fyrr budde Fagna Folk. Du kann harma deg ihel av aa sjaa paa slikt.
 
Hev du voret paa Vestlandet og set alle dei Smaabruk og Smaabønder, som der paa sine Stader er? Det er Husmannsleppar det meste. Og so er Livet deretter. Eit ævelegt, vonlaust Kav og Matstræv fraa Dag til Dag og fraa Aar til Aar; der er Ingenting aa vinna; Garden er for liten og arm til aa kunna hjelpa sin Mann fram; det, det gjeld um, er aa skaffa Maten til Munns, so vidt at Ein held Livet. Dei fær ofta korkje Tid elder Raad til aa liva som Folk, og ikkje Sans fyr det helder. Matstrævet et upp all Ting. Dei hev ikkje eingong Magt til aa halda det reint og hyggjelegt i Huset. Dei fleste Husmenn paa Upplandi hev det fjelgare i so Maate enn dei. Armodsdomen gjer dei aandlause, sure og myrke. Dei tapar Sansen fyr Alt, utan fyr det som fyller i Gryta. Upplysning bryr dei seg ikkje um; det "Fagre i Livet" held dei fyr Fjas og Synd; sjølve Trui fær detta same sure og aandlause ved seg, so ho snarare gjer Folk til Trælar enn til "frie Born." Ho vert til eit "Matstræv", ho og, paa sin Maate. Det heng ihop alt slikt. Skal du liva som Folk, so maa du hava det romlegt; hev du det for trongt, so vert du Træl, og sum Tid Dyr med.
 
Ikkje nok med, at slike Smaabønder armar seg sjølv ut i detta endelause Kavet, men daa det er raadlaust aa dyrka og driva smaae Bruk paa vitug Maate, so armar dei ut Jordi au og er soleids endefram til Skade fyr Landet. For store Gardar er vondt; men for smaae er reine Vonløysa.
 
Nei, hev du ein god og skikkeleg Gard, so byt han aldri sund. Set upp til ei "Grunnlog" fyr baade deg sjølv og dine Ervingar, at Ættargarden er eit "uavhendelegt og udeilelegt Rike" fyr denne Ætti. Hev du Pengar, so bruk dei til Dyrking av Garden og til Uppskuling av Borni, so fer du aat som ein klok Mann og hev Takk baade av Landet og av dine Arvtakarar. Lat den av Gutarne, som hev best Lag fyr Jordbruk, faa Garden; dei andre skal du senda paa Skular, elder til Sjøs, so det kann verta Folk av dei paa andre Maatar, og knip det hardt, so styr dei til Amerika. Men lat dei ikkje ganga heime og arma ut Ætti og byta sund Garden.
 
Paa denne Maaten kann du faa alle dine Gutar i Veg, og Garden vert verande heil i Ætti. Dei, som fer ut, vinn seg altid upp, um dei hev Vitet til det; og den som heime sit, kann og berga seg. Hev han Upplysning og Kunskap, so kann han driva Garden fram og hava det godt, og paa det vinn Alle og Ingen taper.
 
Det er med denne Utbyting av Gardarne mest som med Sveltefodring og Ureinskap og Skogtyning og Maalløysa og annan slik national Armodsdom: kvar Mann, som kann telja til fem, ser at det er galet, og det vert gjort likegodt – av "gamall Slendrian", som dei segjer. Men dei som hev Vitet, lyt endaa slaast med Slendrianen; for Folk er daa Folk og ikkje Fe, og eingong maa dei læra. Og det, som denne Ættleden lærer aa skyna, det lærer den næste Ættleden aa gjera, og paa den Maaten sig det.
 
n.
 

 

Frå Fedraheimen 27.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum