Fløt Fløum.

 
(Segn fraa Stjoradal.)
 
Han budde paa Fløum og heitte "Fløt" (Fljot) avdi han var so fljot til aa fara (fljotfarande) paa Skiom sine; - du maa vita han hadde eit Par underlege Kvikski; dei var gjorde taa eit Klufttre, som hadde stadet slik til, at Soli skein gjenom Klufti Middagsbil, og so var Skierne gjorde paa 3 Torsdags-Jolkveldar, og daa vart dei slik, at dei gjekk like radt baade bratt og flatt, baade paa Sjø og Land, ja i Lufti med, meiner eg, og so fort so fort som Vinnen elder Blinken av Eldingen. Det var framifraa til Ski, men so var og han Fløt Kar til aa bruka deim, han, som du skal faa høyra. Kjeringi hans skulde bryggja Munngaat elder Øl til Joli, men det høvde so leit til den Gongen, at dei vantad Gjær. Og so maatte Fløt avstad etter Gjær, han; men slikt var ikkje i Nærhondom aa faa'ti, han laut alt austi Sverig etter det, og detta var just um Jolaften. Men fyr han Fløt var sakte detta berre ein Snaapvending; han lagde i Veg, kom fram og fekk i Gjær, og so til Flogs tilbakers att, lell um det var nokot seint paa Kvelden. Men daa han kom paa Forbordnadsfjellet, kom det ei Trollkjering ut or Fjellet -: "bi, bi, so skal du faa deg ein Skjenk, du kann vera tyrst no, Fløt!" flidde honom so ein Sylvbikar med nokot Vaatvare i. Fløt tok Mistanke, letst som han drakk, men slog det attyver Hovudet sitt altihop. Og jau det var Slag, som vilde ha gjort'n utyrst; for det brennde Hol paa Skii hans, der det rann nedpaa. "Du skal ha att for Fantsnitonn din'," tenkte Fløt, tok Staupet med seg og strauk. "Bi, bi, bi, berre tart 1) eg hi faatt paa meg Trolbrokja mi!" skreik Kjeringi, "saa skal eg nok snaapt faa 'ti deg." Men Fløt biad nok ikkje han; han fekk sopass til Fyremun, at han laup ifraa henne – som no kom trillande etter som eit svart Nøsta -, vann seg aat Fløum og fekk løyst Kyrkjeklokkurne; Kyrkja stod paa Fløum den Tidi, ser de. Trollkjerringi var daa komi ned paa Hamars-Jardet 2); men daa ho fekk høyra Klokkurne, sleit ho i Sinne Foten av seg og kjilad'n etter Kyrkja, og so sprakk ho; men Foten naadde ikkje fram; han datt ned paa Jordet der og vart til Stein, og enno heiter den Aakeren "Trollfoten." Staupet gav Fløt burt til Kyrkja (Fløkyrkja elder Skatvalskyrkja).
 
Daa han var daaen, vart alt selt, som etter honom var, og so vart daa Skierne og frambodne ved Uppropet. Daa vart det "mange Hundar um Beinet"; dei kappbaud og kappbaud, men til Slut vart det Hovmannen, som vart Eigar paa deim, og glad vart han. Trast steig han paa Skierne fyr aa faa seg ein liten "Skjøt"; men det gjekk berre paa Skrapsida, for han kunde ikkje b r u k a deim, han. Nedyver den bratte Lidi attmed Garden bar det som ei Pil, og utyver eit Bergstup og lukkt paa Sjøen, so berre det grønad etter honom, og soleids forkomst baade Hovmannen og Fløtskierne. Men den Bergknausen heiter enno Hovmannsberget.
 
v.
 
1) Tart el. tatt = til at (til dess at).
2) Jarde = (Gjerde =) "Jore."
 

 

Frå Fedraheimen 27.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum