Utlandet.

 
Av Fyrst Gortsjakofs Svar paa Lord Salisburys Sendebrev synest dei fleste ha fenget den Tokken, at Ryssland ikkje er uviljugt til aa gjera Avbrigde i San Stefano-Freden, som no den rysske Rikskansleren sjølv kallar berre ei Fyrebils-Semja; men kor langt det i so Maate vil ganga, er ikkje fraa-sagt, og England er visst ikkje hugat til aa fylgja Uppmanningi til aa koma med endeframt Forslag. Trulegast er det, at Lord Salisbury vil nøgja seg med aa taka uppatt sitt gamle Krav, at heile Fredsemja skal leggjast fram paa Samstemna, og at Avbrigde i Paris-Semja av 1856 ikkje er gjerande utan Medverknad av alle dei Magter, som var med i henne. Likeso lite – vil han segja – kann Ryssland og England tvo-eine greida den Saki, som andre Magter kunde gjera det utan aa hava England med. Det er soleids ikkje til aa undrast paa, at her ogso let seg høyra Røyster, som er mindre vonfulle, som tvilar paa, at Ryssland meinar det ærleg, og som ser i den aalmenne Trui paa, at Freden skal standa, berre eit Prov paa, at Folk ynskjer Fred og trur det, dei ynskjer. Det er til den "ærlege Midlar" Bismark, dei Fredstruande set si Von; men det er eit Spursmaal, um ikkje Klova er for breid til aa slaa Bru yver; det skal til – hev Bismarcks Blad sagt – eit aalvorslegt Ynskje um Semjing og god Vilje til aa gjeva etter fraa baade Leider, skal det vera tilbjodande. Den rumænske Riksraads-Formann Bratiano er ogso i Berlin og samraader seg med Bismarck; men kvat dei tingar um, og kvat Utfall det hev havt, er ukjendt. Ryssland hev bedet Rumænia aa vera med paa ei ny Semja um Rett fyr den rysske Hermagt til aa marseragjenom Landet. Detta tyder paa, at Ryssland gjeng ved, at det ikkje kann leggja paa Rumænia ei slik Byrd berre ved aa faa det fastsett i San Stefano-Semja, og at Rumænias Motlegg mot den 8de Artikelen hev hjelpt. – Ryssland freistar aa tvinga Turkiet yver paa si Sida; det hev trugat Porten med, at Turkeriket i Europa skal heiltupp verta uppløyst, soframt han styd uppunder England. England synest enno aa hava mest aa segja i Konstantinopel. – Det nye italienske Riksraad fylgjer ein annan Utrikspolitik enn det fyrre; dette hallad meir til den rysske Sida, men det nye slutar seg openberrleg til den Politiken, som no mest alle Magter samlar seg um imot Ryssland. Ogso i Frankrike, især i dei republikanske Blad, viser det seg alt sterkare Samheng med England, og det er meint, at Utriksministeren Waddingtons Hug gjeng paa same Leidi. Helder ikkje Tyskland er haldet fyr aa vera so fulltru Ven av Rysland, som det eingong saag ut til, og Austrikeer ikkje likt til aa vilja lata seg lokka av dei fagre Ord, som Ryssland visseleg ikkje sparer paa fyr aa draga det yver paa si Sida. So einslegt som Ryssland etter dette synest aa standa, og so aatkomet som det er i Finansvegen etter den fyrre lange blodige Krigen, skulde ein tru, at det vilde gjera alt fyr aa sleppa ein ny Herstrid med ei Magt som England. Men det er ikkje godt aa vera Spaamann i desse Tidom.
 

 

Frå Fedraheimen 17.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum