Skildringar fraa Italia.

 
(Ved Kristofer Janson).
 
[Del 23 av 25. Fyrste delen.]
 
VII.
 
San Germano og Monte Casino. Skilnad fraa Rom. Girondola. Vegen til Firenze. Venezia. Alpesjøarne. Ei Nott i ei Dagvogn. Yver St. Gotthard.
 
(Sidste Stykket.)
 
Lat det vera mangt rangt ved Munkedømet, det skal me inkje negta lel, at Munkarne i den fyrste Tid hava voret Herrens utvalde Reidskapar til at gjera Storverk millom Folkom. Vegen upp til Monte Casino er bratt og gjeng i Krok uppetter Fjellsida. Dei syna Hola, der Benedikt budde, dei syna Far etter Knei hans i Steinen, der han laag og bad. No sjaa inkje Munkarne ut til nettupp at temja seg upp i Forsaking. Holduge, raudleite Karar var det, klædde i Præsteklædnad, med svart trisnutad Hatt, Knebrok, svarte Hosor og Skor med Sylvspenne. Det er og Rikmanssøner, Adelsmannssøner fraa heile Italia, som liggja og studera her, Klostret er vordet ein Vitenskapsskule. Uppyver den tarvelege Hola heve det reist seg Bygnad paa Bygnad; det ser meir likt ut til ein liten By kring ei Kongeborg enn eit Kloster. Uppetter den eine Troppi breidare enn den andre gjeng du, til du kjem inn i det inste Tunet, ein Sulehall med Bilætstyttor av Keisar Karl den store og av Kongar og Biskopar rundt alle Veggjer. Paa baade Sidor av Kyrkjedøri stend Mo'r og Fa'r aat Benedikt. So stig du inn i Kyrkja. Nei for ein Rikdom! Marmor paa Marmor, kvit, gul, raud, manglitad, hemtad fraa Afrika, fraa alle Heimsens Hyrnor. Og rundt paa Veggjom og i Himlingen Maalarstykke paa Maalarstykke av Luka Giosdano og andre gamle Meistrar, skilde fraa kvarandre med Innfellingar av gyllte Blomar og Englahovud og dyrlege Steinar. Kyrkja skal og kosta mange Millionar Kronor. So hava dei og ein Kunstsamling Munkarne. Der kann du faa sjaa Tavlor av AndreaSalerno, Calaliere d' Arpino, Cavaliere di Conca, Caravaggio, Faraccino, Guido Reni, Sassoferrato o. s. v. som er Gull verdt. Med' eg gjekk der og saag meg ikring, som ein Tenar inn med Kaffe og Kveitebakstr paa ein Sylvdisk og baud meg. Jau dei kann det dei Munkarne. So vardt eg førd upp i Boksamlingi, der dei hava gamle Skinnbøker og Papirrullor fraa den eldste Tid, og Brev ifraa Kongarne radt upp til Karl den store og Longobarderne. Hadde eg berre kunnat Italiamaalet so godt, at eg kunde ført ein skikkeleg Samtale med Munkom, kunde eg fenget høyrt og lært myket. No stod eg der som ein Tosk, som berre kunde koma med eit og annat Ordet. Men eg gløymde reint at trega meg, daa eg atter kom ut under den skire, blaae Himmelen og saag det makalause Utsynet. Djupt, djupt under meg laag Dalen vid open med sine Engjer, sine Hagar, sine Skogar, sine kvite Landsbyar. Og som Vakt kring dei annsame Maurarne, som gjekk dernede, reiste seg Tind paa Tind av den megtige Apenninarkedja, blaa, snjoklædd. Føraren min, som hadde det klingande Namnet Salvatore Galazzi, var likso uppglødd som eg; Pratet rann utor honom og han slo ut med Armom, som vilde han fljuga til Ve'rs. Medan eg var inne i Kyrkja, hadde han voret inne hjaa Kokken og fenget Traktering. Og no kviskrar han til meg, at han ogso hadde fenget ein liten Godbite til meg. Og dermed drog han fram den snusutte Lumeduken sin, og inn i honom hadde han daa ballat eit Par Skivor Kjøt og litet Bakkels. Kjøttet hadde inkje han Lov at eta, daa det var Fredag, Fastedagen, so det var til meg, Kjættaren. Eg skundad meg daa med at segja, at eg i det Stykket var likso god Katolik som han og takkad myket fyre hans gode Vilje. Men so maatte eg taka Bakkelset. Ja det var inkje onnor Raad. Eg turkad det utanpaa so godt eg kunde, let att Augo og – ned gjekk det. Men det var varmt, og me vardt tyrste. Salvatore meinte, me laut faa oss litet Vin, og dermed førde han meg burt til Kjellararne av eit gamalt Kloster, som no var gjort til "una trattoria" (ein Gastgivargard). Me gjekk inn under Murkvelven, fraa det eine Rom til det andre, og inst inne sette me oss ned med eit litet Bord. Men kvar var det, han hadde ført meg av? Burte i eine Kroi kring eit Bord sat det ein Flokk brune, skjeggjutte, ville Folk. Dei hadde spiske Hattar med ei Fjør i, brune Kaapor, som dei slengde kring seg, og med Veggjen stod Byrsa paa Byrsa. Det er vel aldri Røvarar, som no skal til aa og stela fraa meg det vesle eg heve, ogsom hava denne Salvatore til Hælar? Eg vardt reint annars ved, eg saag paa deim, og dei skjeglad paa meg og slo dei feite Kortbladi i Bordet, so det small. So kom Vinet, me drakk, og Salvatore fekk Munledret sitt smurt. Han stod upp, han heldt ein Tale, han rukkad Skallen, slo seg fyre Bringa og flagsad med Armom. Han fortalde si Livssaga. Ein Gong hadde han voret rik sagde han, og aatt 14 Hestar paa Stall, men so vardt alt stolet fraa honom av desse forbannade Røvarom, og han vardt plundrad til Skjyrta. Han vardt Postførar, og foor med Postsekken fraa eine Byen til hin millom Bergom, Røvararne var ofta etter honom, og han slost med deim; han synte meg Ær i Andletet etter Røvarknivarne. So kom Jarnvegen og tok Posten, og no livde han av at vera Vegvisar fyre Soldatom, som var paa Jag etter Røvarom, og av at syna Framandfolk Vegen til Monte Casino fyre ei Lira elder slikt (dette sidste sagde han i ein svivyrdeleg Tone, for det var den Bitaling, me var vordne samse um). Og so slutad han den lange Talen sin med: "slik ein Kar er eg!" Dermed tømde han Glaset og setteseg. Han var god, han var makalaus, han skulde voret Skodespilar. Det var no vel Lygn alt han smurde i Hop, men morosamt var det. Røvararne saag slett inkje ut til at vilja gjera meg nokot og var berre fredelege Bønder Stakkar. Me kom lukkeleg og vel heim til Herbyrget mitt, og der stod daa min gode Ven Salvatore og kastad den Sylvpengen, han hadde fenget, i Vedret og sagde smilande: "det er fælt litet min Herre, men segjer De, det er nog, so er eg nøgd." Eg kunde inkje annat enn giva honom ei hald Lira atpaa, og daa gjorde han ein Bøyg, som hadde gjort ein Adelsmann Æra og svor meg Venskap til evige Tider.
 
Dei aatte Dagarne var ute. Eg strauk fraa San Germamo med lett Samvit og Brevet i Luma fraa Byfuten. Men endaa var det ein Stein i Vegen. Det var i Caprano paa Grensa millom Neapel og Pavestaten. Der skulde me ransakast og innrøykast med Klor. Eg hadde bundet Bibelen yver Magen og nye Testamentet hadde eg paa Leggen, for det var forbodne Saker i dette gudfrygtige Landet, me no skulde fara inn i. Og so ventad eg til sidst, daa Toldararne hadde masat seg ut paa dei andre, so eg slap lett. Men dei gjekk daa ein saa so nær inn paa Livet, at dei grov ned i den vesle Reisetaska, som eg hadde henggjande kring Halsen. No – Bibelen fann dei inkje; dei bladad i nokre av Bøkom mine som laag i Kufferten, og las S. Kierkegaard, men dei skynad inkje Ordet, og so fekk eg hava deim. Det vardt ei Hosting og Njosing, daa dei so tok til at røykja all Kolera ut or oss, og hostande strauk Dampvogni med oss til den heilage Staden.
 
So var eg daa i Rom. Rom, Rom! ja lat meg berre inkje fløkja meg meir inn i alt, eg saag der, enn eg heve gjort, for so verd eg inkje ferdug fyr ljose Morgon. Berre endaa eit Augnakast til Skilnad. Det var ein lysande Skilnad, Rom gav meg, før det var Paaskedagarne. Eg hadde voret i Peterskjyrkja og lydt Messa fyrste Paaskedagen, eg hadde høyrt Sylvbasunarne fraa Taket – Humbug, Humbug, eg vilde inkje byta med Paaskedagen heima. Men so kom Kvelden. Heile det uhorvelege Torget framfyre Kjyrkja var mett med Folk, dei stod andelaust og ventad.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 17.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum