Lysingar.

 
Fraa April av
kjem "Fedraheimen" tvo Gonger i Vika. Prisen vert den same som fyrr: Kr. 2, 20 fyr Halvaaret (elder Kr. 1, 10 fyr Fjordungaaret) med Postpengar og alt.
 
Bladet fær daa betre Rom til nokot av kvart; serleg kann det fortelja meir Nytt, so at Folk vil kunna hjelpa seg med Bladet i den Vegen. So fær det og ein fast Skuleartikkel, som skal innehalda Tidender (og andre Stykkje) um Aalmugeskulen, Folkehøgskulen og Amtsskulen; ledige Lærarposter m. m. Hellest vil det som fyrr innehalda: Utgreidingar um ymse Ting, Politik, Reise- og Naturskildringar, Forteljingar, Segner, Dikt, Rispur o. d. Gode Menn er med og skriv.
 
Bladet er enno aa faa fraa Nyaar 1878.
 
Um Laurdag kann "Fedraheimen" fyr Skuld Helgi ikkje koma ut.
 

 

Frå Fedraheimen 17.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum