Kristiania, den 12de April 1878

 
Storthinget. Fredag Formiddag Innstillingar fraa Kyrkjenemndi um Pensionar og ymse Skulegreidur. Innstillingi vart vedteket i alle Postar so nær som nokre Forslag um 17000 Kr. til Byggjing ved Seminararne paa Stordøyi og i Kvitseid. Um Ettermiddagen vart det fyr seg havt Innstilling fraa Konstitutionsnemndi um Framlag fraa Ellingsen med fleire til Forandring av Grunlogi § § 54, 68 og 75 a, um at Storthingets Samlingstid skulde leggjast til Hausten, anten til fyrst i Oktober (A) og (B) elder September (C). Tidi fyr Thingmannsvali skulde daa setjast der etter, og Budgettaaret skulde etter A og B byrja den 1ste Januar, etter C vera som fyrr. Selboe og Ellingsen vilde hava A, især fyr di Budgettaaret kom til aa falla saman med Rekneskapsaaret. Richter meinte at naar dei skulde byrja so paa Haustsida, kunde dei ikkje verta ferduge til Jol, og daa vilde ei lang Fritid so i Sluten av Samlingstidi ikkje vera til Bate. Uvist var det ogso, um Ein paa den Maaten kunde gjera fraa seg so tidlegt, at Budgettaaret kunde byrja den 1ste Januar, han peikad i so Maate paa Tolltarifarne, kor seint dei støtt kunde gjerast ferduge. Aschehaug vilde at Thingtidi skulde setjast so, at det ikkje vart altfor heftsamt fyr Handelsfolk, men han trudde det var vondt fyr deim aa ganga fraa Forretningi si so paa Hausten, og Budgettaaret kunde ikkje lel byrja ved Nyttaar, soleids som det var i Danmark, der det tok aat den 1ste April, endaa Riksdagen kom saman fyrst i Oktober. K. Motzfeldt trudde nok at Budgettet kunde gjerast ferdugt til Nyttaar, berre det var rett Samhøve og Samarbeid millom Regjering og Storthing. J. Sverdrup. Det som det her maatte leggjast mest Lag paa, var aa finna den Tidi, som var laglegast fyr Thingmennerne. Fyr Byfolk meinte han det var mest slikt Slag, naar det var, men fyr Landsfolk var det best aa møta midt i Oktober, daa vilde Joli falla lagomt midt i Thingtidi, so Thingmennerne daa fekk det fritt fyr aa arbeida paa eigi Hond, især daa med skrivtlege Arbeid. Velde. Hausten var den annsamaste Tidi fyr Landmannen, han vilde soleids mykje helder vera heimanfraa Vaaronni. Det var best aa halda paa den gamle Tidi ogso fyr det, meinte han, at den svenske Riksdagen møtte daa, og so var det for tidlegt etter den sidste store Forandringi um Samlingstidi til aa brigda paa det no att. – Alle Brigdeforslag vart forkastade mesta samrøystes.
 
Eigen Storthingsmann fyr Tromsø. Etter som det fyrr hev voret, hev Tromsø og Finmarksbyarne berre havt ein Storthingsmann til saman. No hev Fleirtalet i Konstitutionsnemndi gjenget med paa Grunnlagsframvarpet um at Tromsø skal faa sin eigen Thingmann, soleids at Byarne Brevik og Porsgrund skal slaast ihop til ein Valkrins. Undertalet greiner seg i ymse Meiningar um korleids Ein skal jamna til det fastsette Høve millom Talet paa Thingmenn fraa By og Land.
 
Forslag um Lensmannspostarneer frammsett av Olafsen, at naar Lensmaenn skal utnemnast, skal Heradsstyret velja seg ut 3 Menn, so skal Amtmannen taka Ein av deim. Fleirtalet i Justitsnemndi hev gjenget med paa det, men sett til det Tillegg, at naar Amtmannen trur seg hava Grunn til ikkje aa taka nokon av dei 3 framsette, skal Saki sendast Regjeringi til Utjamning. Nokre andre Brigdeforslag um det hev ogso framkomet.
 
Falsk Stempling av Kortspil. Kristiania Byret hev avsagt Dom yver Kortfabrikant Kristensen, som hadde brukat falsk Stempel paa Kort, at han skal setjast i Strafarbeid i 5 Aar og betala til Statskassa 12,337 Kr. og at alle dei Kortspil, som han hev stemplat, soleids skal inndragast.
 
Norske Namn. Regjeringi hev no sett ned ei Nemnd til aa sjaa aa faa Stell paa Skrivemaaten av norske Stadsnamn i Matrikulen. Det er Professorerne O. Rygh og Sofus Bugge og Johan Fritzner (Sokneprest hev voret), som skal greida detta.
 
Uppstyr i Byen. Verkseigar Oluf Onsum her hadde sett ned Arbeidsløni fyre Verksmennerne sine. No hev Løni ogso vortet sett ned paa andre Stelle og so kom det ut det Ordet, som det ikkje var nokot sannt i, at det var Onsum som var Skuld i alt saman. So Laurdagskvelden kom det ihop ei heil Horg med Arbeidsmenn der han budde ut i Oslo og tok til huga og bera seg, men det vart daa stilt lel, naar det vart upplyst, at det ikkje var sannt detta Ordet, som gjekk. Men so igaarkveld tok dei til med aa kasta Stein daa, og det vart ikkje onnor Raa til Sluten enn aa senda Bod etter Herfolk, og fyrst daa Kavaleriet kom i strjukande Tan, tok dei til aa draga seg attende. Det er aa merkja, at ingen av Onsums eigne Folk var med i Uppstyret. No hev han lovat ut tilsaman 500 Kr. til den, som kann gjeva Upplysning um kven det er som hev boret ut detta Lygnordet, at han skulde fenget andre Verkstader til aa setja ned Løni, og som hev sett framande Arbeidsfolk so upp imot honom.
 

 

Frå Fedraheimen 17.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum