Fraa Dyreheimen.

 
I.
 
(Framhald fraa No. 16).
 
[Del 4 av 5. Fyrste delen.]
 
Enno maa me taka med ei Framsyning i Dyrelivet, som vert forklarad som Drivt, og det er den Hugen, me ser hjaa ymse Dyr til aa flokka seg ihop og liva saman i større Bølingar elder Lag. Bia, Mauren, Kvepsen, Beveren og andre Dyr byggjer sameigne Hus, som dei brukar tilhopes i større elder mindre Flokkar; i sitt andre Stræv vil dei og ofta vera saman. Lika eins med mange andre Dyr. No forklarar Ein detta slik: "Desse Dyri er so lagad, at dei kvar fyr seg ikkje kann naa sine Livsmaal; difyr hev Naturen lagt inn i dei denne Samlivsdrivti. Dei likar seg ikkje, mindre dei er i Lag; mange av dei evlar ikkje aa livberga seg, dihelder, naar dei skal vera aaleine, - og so flokkar dei seg ihop. Men dei gjer det ikkje av sin eigen Ettertanke; dei vert tvingad til det av denne Drivti, som Vaarherre eingong hev lagt ned i dei, fyr at dei kunde greida seg i Verdi og fullkoma sine Livskrav."
 
Men denne same Drivti heng no og dei store Dyrevandringarne ihop, slike som Lemæn-Skreiderne, Flytfugl-Flokkarne, Grashopp-Svermarne o.fl. Men her kann Ein minna um, at det slett ikkje er altid, at Dyri hev Bate av aa fara um i slike store Lag; tvertimot vilde dei mangein Gong fara tryggare og friare, um dei var aaleine. Og er daa det og Naturdrivt, naar Storkarne um Hausten set seg ned paa eikor vid Eng og "held Mynstring", leiter ut dei yngste og veikaste i Flokken og let dei fara avstad nokre Dagar fyre Storflokken, so at de kann taka det meir i Mak med Ferdi og kvila seg her og kvar, til dess dei vinn ned til Midlandshavs-Strenderne, daa dei paa nytt vert inntekne i den store Heren?
 
Og det er mange andre Ting, som endaa mindre er forklarande som Naturdrivt. Dei som held paa, at alting i Dyrelivet er berre medvitslaus Drivt, segjer: "Dersom Dyri hadde Vit, um det so var aldri so litet, so maatte dei kunna læra og ganga fram i Kunst og Klokskap. Men ein Isbjørn i det 19de Hundradaaret er aldri det Slag glupare enn Isbjørnen paa Mose Tid, og Dyri i Paradis var aldri Grandet laakare i nokon Maate enn dei Dyri som liver no." Men dertil vert svarat fraa den andre Sida: Kven av dykk hev set Dyri i Paradis? Og kven hev set Isbjørnen paa Mose Tider? De segjer, at dei var so og so; men de veit det ikkje og kann ikkje sannprova det. Men me kann prova, at det finst imindsto eit Slag av Uppfostring i Dyreheimen. Kor mykje kann væl ikkje Hunden og Hesten og Elefanten læra? De segjer, at detta er berre Upptemjing (Dressur) og hev ingen Ting tilhopes med Vit og Ettertanke; men naar t. D. ein Elefant legg upp Kassur i Rader og so ender og Gong ruggar paa dei med Snabelen sin fyr aa koma etter, um dei ligg stødt, so kann væl ikkje det vera Upptemjing? Og kor er væl, naar Alt kjem ihop, denne tydelege Grensa millom Uppfostring og Upptemjing? At Dyri paa sin Maate lærer upp sine Ungar, det er tvillaust. Det er fyrr fortalt, at Binna lærer upp Han-Ungen sin til Barnefostra fyr dei Ungarne, ho fær næste Aaret. Denne Barnefostra maa finna Mat aat sine smaa Syskind, bera dei paa Ryggjen yver Elvar og Myrar, føra dei til Gjøymsle elder verja dei, naar det kjem Fiendar o. m. fl. Moeri sjølv gjer Ingenting av alt detta; ho berre held Auga med Sonen sin, at han fer rett fram, og gjer ikkje han det han skal, let han t. D. ein Unge detta i Vatnet, so driv ho til Syndaren med Labben sin, so han fær nok kjenna det, og forbryt han seg i større Ting, so juler ho honom so dugeleg upp, at han snaut vinn reisa seg etter det. Katta, som no er slikt eit finslegt Dyr, gjeng altid eit godt Stykkje fraa Bølet sitt, naar ho skal gjera sine Ting; Kattungarne hev enno ikkje so mykje Vit, at dei finn paa detta, men naar Moeri fær Mistanke um, at dei er trengde um slikt, so jagar ho dei ut, og hev dei alt gjort fraa seg, so tek ho dei i Nakken og stikk Snuten deira ende ned i det, - og snart er dei likso reinslege Ungarne som Moeri. Er ikkje det Uppfostring? Og hev det ikkje gjenget an fyr Mannen aa læra upp Husdyri kvar til sitt Bruk? Hev Ein ikkje endaa lært Svinet upp til den same Reinskapen, som nyst er fortald um Katta?
 
Hjaa dei ymse Dyre-Slag finn me so store Skilnadar etter dei Høve dei liver under, at me vandt vil kunna verja oss fyr aa tru, at Dyrehaatten let seg lempa og forandra av Innverkningar utanifraa. Der er stor Skil paa Dyr av same Slaget, etter som dei liver nære ved Folk elder ute paa ville Vidaatta. Graabeinar, som held seg paa folkaude Stader, er ville og nautne Dyr. Dei finn lett si Næring og tarv ikkje vidare korkje Vit elder Sløgskap. Men der, som dei hev Folk i Grannlaget, og Veidaren ligg etter dei rett som det er, og dei ikkje lenger kann berga seg berre med Magti og Snøggfoten, der vert dei sløge, utkropne Troll, og gjerer Knip og Spikk og Fantestykkje, som Villskog-Vargen aldri i sitt Liv vilde koma paa.
 
Soleids hev Umverdi si fulle, merkjande Innverkning paa Dyr likso væl som paa Folk. Veeraatta, Voksterheimen, Landslaget, alt gjer Sitt, og det hev til eit Døme vortet vist, at Ein hjaa Nattergalen godt kann skilja ymse Thjodskapar elder Nationalitetar etter den ulike Maaten, som dei syng paa, og etter den ulike Klangen i Mælet.
 
Ikkje nok med, at det einskilde Dyret let seg upplæra til ymse Ting av sine Foreldre elder av Folk; men det hender, at visse Eigenskapar vert so utformad, at dei gjeng i Arv til Etterkjømdi. Meir enn ein Gong hev det voret freistad aa ala Jagthundar paa den Maaten. Dei hev teket ein Hund, som var radt ubrukeleg til Veiding, teket honom med seg til Skogs jamt og samt og brukt honom til Jagt so godt det let seg gjera; denne Hunden hev daa fenget Ungar, som alt var ikkje so litet likare i Kunsten; so hev dei faret fram med desse paa same Maaten, og tilslut hev det vortet reint glupe Veidehundar utav det.
 
Dyret prøver seg fram med sine Kunstar og lærer aa gjera dei, plent liksom Mannen. Fuglen syng ikkje so fagert det fyrste han tek til, han maa fyrst temja seg upp; Hjorten er i Fyrsto ikkje so sers glup til aa springa, men han øver seg inn; List, Sløgskap, Aarvake, Kjennskap til Faarar, veks lika eins med Tidi; den unge Reven er mykje mindre gløgg og klok enn Foreldri, men det kann væl henda, at han kjem til aa raa dei, naar han vert gamall.
 
Det synest tvillaust, at Dyret ofta fer fram etter Naturdrivt; men det synest likso visst, at dei ikkje gjer alle sine Gjerningar drivne av denne blinde Magti. Men det vert ei vandesam Sak aa skilja, kor Drivti slutar og Ettertanken tek til. Merkjelegt er det, at Slike, som hellest ikkje vil tilkjenna Dyri det Grand Vit elder Umtanke og fri Vilje, at dei sumetider hev faret fram mot Dyri som dei heldt fyr fullt vituge, ja reint ut fyr moralsk andsvarlege, so dei kunde krevja dei til Rekneskap fyr sine Gjerningar. Me skal fortelja um eitpar slike Tilfelde.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 17.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum