Av laak Ætt.

 
[Del 4 av 10]
 
Ei Forteljing.
 
VIII.
 
(Framhald fraa No. 16).
 
Leiv stod med den gamle Fura. Han hadde aldri i sine Livedagar voret so rædd som no. "At eg gjekk til Haugstad, det var Tankeløysa, men det eg gjer her i Kveld, det er "Vitløysa", tenkte han. Han hadde vaagat so reint for mykje. No sat væl Alvhild heime og lo aat han. Lo, og fortalde til kven som vilde høyra, um dei ravgalne Tankarne, som denne Hegglidguten var komen paa. Han beit Tennerne ihop, og det drog seg liksom kalde Staaleggjer gjenom Bringa hans. So slog han Tankarne fraa seg. Elvesusen gjekk roleg og tung gjenom Skogen. Dei svarte Trekronur ruggad i Vinden. Store stygge Skyflokar laag og dreiv uppe i Himmelen, skifte Ham, skilde seg, minkad, aukad; beint uppyver Dalegarden stod eit digert Troll med tri Hovud; det vart til ein Baatmed tri Mann i, og so til ein Hest med Sadel paa. Herre Gud! dersom ho ikkje kom ikveld, so vilde han i Nott prøva aa rida den Hesten. Tanken dreiv viljelaust gjenom Hausen hans liksom Skyerne dreiv paa Himmelen; han svimrad og skvatt upp. "Best eg gjeng," tenkte han. I det same kvakk han og vart standande. Var det ikkje Steg? – Steg? – lette, lette liksom Vengjeslag i Lufti? – Alt var stilt, Ingenting røyvde seg, Allting stod og lydde; - jau! det var ho! ho kom! – "Den som no hadde eit Hjarta av Staal!" tenkte Leiv og rettad seg upp. Aldri i sine Livedagar hadde han kjendt seg so liten.
 
Ho kom gangande so lett og stillt, glytte ikring seg, stadnad og lydde. Leiv hadde best Hug til aa røma, men han laut fram. "Godkveld!" sagde han med underleg høg og uklaar Røyst. "Godkveld", svarad ho. "Du var gild som kom," sagde han. "Eg fekk Bod," svarad Alvhild. "Ja; - eg laut tala med deg . . . ein Gong til." Det visste ho ikkje nokot aa svara til. "Men fyrst skal du lova meg ein Ting." "Ja." "At du ikkje skal undrast . . . og ikkje tykkjast . . . og ikkje fortelja det til nokon." Det var tri Ting fyr ein, tenkte Alvhild med seg sjølv, og lovad aa gjera som han bad. Ho kjende seg so underleg. Det gjekk som ein Skjelte i henne, baade av Ræddhug og av Orvent. Kvat vilde han? Ho tottest vita det. Men det kom so braadt. Herre Gud, den som torde svara Ja! Men Bygdi? - Ho glytte upp aa han. For ein sterk og staut og drengjeleg Kar. Han stod der so stor i det dimme Ljos; dei svarte Augo hans blenkte i Maaneglansen; ho vart som tryllt av aa sjaa paa han; Make til Gut fanst det visst ikkje i Verdi. "Aa visste han, kor eg held av han, so var han ikkje so bljug." – Men Bygdi? –
 
- "For det er underlege Ting, eg vil segja deg", sagde Leiv, "og du vil væl snaraste tru, at eg ørskar. Men det nyttar ikkje; eg maa segja det, og so fær du taka det so væl upp som du kann." – No kjem det! tenkte Alvhild og bibrad, der ho stod; ho hadde Tak i ein Hatlekvist, som ho stod og ruskad i. Svara var raadlaust. Leiv tok frammi att, det gjekk so skjelvmælt og tungt. Det han vilde fortelja, var daa det, at . . . han hadde tenkt paa . . . hadde sett seg fyre . . . aa . . . ja, aa fara til Amerika. Det kvakk i henne, og ho vart med ein Gong so underleg kald. "Til Amerika?" – Ja, til Amerika. Han hadde det ikkje godt her heime; Folk var som dei var, og her gjekk han som ein Folkestygg og var utanfyr alt godt Lag i Bygdi, endaa han ingenting illt hadde gjort. Han var leid av detta no; skulde han liva, vilde han liva som Folk; og so laut han ut. Alvhild var bleik. "Det er langt til Amerika", sagde ho. Javisst var det langt, og . . . ho maatte ikkje tru, at han hadde nokon sers Hug til aa fara, allvist no . . . men just no maatte han ut, og Vegen var daa ikkje lenger, enn det gjekk an aa fara han baade att og fram . . . og dersom alt kunde ganga som han vilde, so var det hans Tanke aa koma heimatt um nokre faae Aar og slaa seg til att heime. Her stadnad han og stod liksom og trivlad etter det ei Stund; men so bar det i Veg att um Utferdi. Han vilde ut og tena Pengar og læra Folkeskikk; han vilde koma heimatt gildare enn han foor, so han kunde faa same Vyrdnaden bland Folk som andre gode Gutar. No skynad Alvhild han og saag upp aa han med slik Gleda og slikt Samtykkje, at Leiv mest vart tryllt. "Eg skal vera meir til Kar naar eg kjem att," sagde han, "enn nokon her i Bygdi, og naar dei ser, at eg kjem med Lumarne fulle av Pengar, so skal du snart sjaa dei gløymer, at eg er av ... mindre Folk enn dei; daa kjem dei alle ihop og vil gjera seg kjende; eg vert heitande ein gjæv Mann og ein gild Mann og eit Ovmenne . . . og gjeng det daa i andre Maatar som eg ynskjer, so skal eg sidan sitja paa Garden min som ein av dei beste i Bygdi." Alvhild vart so glad, ho kjende ikkje til seg. Det var makalaust godt paafunnet av Leiv, detta, totte ho, og fint med. No turvte ho ikkje fæla fyr Bygdesnakket, elder fyr dei Gamle. Naar han kom heim slik, so vilde ho faa han med Æra og med alle gode Folks Samtykkje. "Det er ein god Tanke, detta", sagde ho høgt, men vart med det same so bljug, at ho snudde seg ifraa han og lagde all sin Umtanke paa Strævet med Hatlekvisten.
 
Leiv vart og bljug av aa høyra so stor ein Ros, han kom reint av det og visste ikkje, kor han skulde finna innpaa att. Tilslut laut Alvhild taka i. "Kor lengje vert du verande i Amerika?" sagde ho. "Aa -, um 4 Aar er eg so tilkomen Kar, at eg kann taka imot Garden; daa kjem eg . . . dersom det gjeng som eg ynskjer med ein Ting. Men paa den eine Tingen stend det alt; gjeng det ubeint med den, so fær Ingen sjaa meg att meir her." - No kjem det! tenkte Alvhild; Skjelten tok henne paa nytt; ho raadde liksom ikkje med seg. Leiv saup etter Anden: "Og den, som det stend paa," sagde han, "det er deg, Alvhild." –
 
Bringa gjekk, so ho fekk ikkje upp Maalet. Leiv heldt fram, liksom det galdt aa verja seg mot Mistyding -: "Det var det, som eg maatte segja deg ikveld. Etter den Gongen paa Haugstad fær eg ikkje Fred; du kjem fyr meg i alt, so eg gjeng her som ein ør Mann. Det er du, som driv meg til Amerika; for det maa til, dersom . . . Men no skal du ikkje undrast paa det eg vil spyrja deg um." "Nei" . . . "Dersom eg no kom heimatt fraa Amerika um 4 Aar, so var væl du . . . gift?" "Nei", sagde Alvhild. "Elder fest -?" spurde Leiv, han dirrad i Maalet. – "Nei", kviskrad Alvhild. "Aa Gud vælsigne deg, Gjenta, kann du lova meg det?" bad Leiv; han høyrdest so glad, at ho fekk Graaten i Augo. "Det kann eg visst", svarad ho. Han kom nærare, han var i ei Hugspaning, som um det galdt baade liv og Sæla: "Og um eg daa spurde deg um det, som eg ikkje torer spyrja um i Kveld . . . vilde du daa visa meg fraa deg?" han treiv henne i Hondi. Ho bøygde Hovudet mot Bringa og kviskrad: "Nei." "Maa eg lita paa detta og paa deg, naar eg fer derute og flakkar i dei framande Heimar?" bad han, og ho kjende, kor Haandi hans skalv. Ho svarad Ja so mjukt og varmt, som ho hadde lagt heile sitt Hjarta i detta eine Ordet. "Daa Gud æveleg signe deg, som gjer meg Armingen so sæl som eg er no"! sagde han. "Fraa denne Dag er eg gildare enn den gjævaste i Bygdi, og um 4 Aar skal alle andre segja det same. Men heile Livet mitt heretter skal vera ein Takk til deg fyr ikveld. Farvæl, Alvhild!" – "Farvæl!" Dei skildest; ho gjekk heim i underlege, glade Draumar; men han flaug upp gjenom Liderne so byrg og sterk, at han tottest kunna raa med heile Verdi.
 
 

 

Frå Fedraheimen 17.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum