Utlandet.

 
Fredsvonerne torer ein vel segja hev vunnet i Styrkje i den sidste halve Vika. Uttalorne i dei rysske Blad hev vist, at Ryssland vert meir og meir viljugt til aa gjeva upp sitt Krav paa aa faa stella unaggad med dei austerlendske Greidorne, so det dreg seg reint undan dessmeir og krev berre, at dei Kristne skal tryggjast, so det kann halda, og elles let det gjerne Europa faa greida Fløkjet. Den rysske Rikskansleren Gortsjakof hev no svarat paa Salisburys Sendebrev Punkt fyr Punkt og slutar soleids: "Salisburys Sendebrev hev ikkje nokot Svar paa Spursmaalet um Stillingi aat dei Kristne i Turkiet og um dei Offer, Ryssland hev gjort. Hadde desse Spursmaal voret umrødde og dryftade, vilde dei ha vortet undergjevne det friaste Umtal, og i Staden fyr Motlegg vilde dei ha avlat Framlag til Løysing af dei Vandemaal, som no er. Det ligg alle mykje Lag paa, at Skipnaden i Austerlandom vert fast og varug". Det er heile Visskapen som me til dessa hev fenget gjenom Telegrafen. Derimot hev me fenget Tidend um, korleids dei engelske Bladi tek upp detta Tilsvaret fraa Gortsjakof. Times segjer, at Dokumenta audsynleg innheld Ynskje um aa tryggja ei fredleg Løysing og syner Tilvik til aa ærleg dryfta dei Spursmaal, som San Stefano-Semja hev vekkt. Einaste ein Kongres er full-før til aa døma um Gildskapen av Semja. Difyr skal Salisburys Sendebrev og Rysslands Svar paa det verta lagde under Europas Dom. Daily News finn, at "Noten" ikkje kastar nokot klaart Ljos yver Rysslands Fyremaal. Daily Telegraph hev ikkje Ord til aa segja, kor hugat det er til, at heile Semja etter Englands Forslag skal verta framlagd fyr Kongressen. Morningspost trur, at Gortsjakof, med di han aamaalar paa aa taka uppatt Tingingarne, etlar aa faa i Stand ei fredleg Løysing. Styresbladet Standard meinar annarleids, men aatvarar mot aa gjera Motforslag, fyrdi det kunde verta ei Fella, som England fekk agta seg fyr. Europa og ikkje England maa avgjera, kvat som kann setjast i Staden fyr San Stefano-Semja.
 
Umframt dette er Ordskiftet og Avrøystingi i det engelske Storthing yver Bodskapen fraa Dronningi um, at Reserven er innkallad, det Hende, som hev voret fylgt med størst Aathug.
 
Me skal gjeva ei Utgreiding um Gangen i Ordskiftet etter dei Telegramm, som er hitkomne. I Yverhuset lagde Lord Beaconsfield ut, at daa all Von um aa faa Kongressen i Stand hadde roket, fyrdi at Ryssland ikkje hadde viljat lagtfram heile Fredsemja, so laut England tenkja paa høvelege Raader til aa møta Ryssland. Heile Europa stod i Vaapen, og difyr laut ogso England vera fyrebuet fyr alle Tilhøve.Salisbyrysagde, at det hadde ikkje voret Meiningi med Sendebrevet aa riva sund Semja i San Stefano, men berre aa visa, at heile Semja fyr Ende laut dryftast. Dei Fyrebunadar, Regjeringi hadde gjort, tydde ikkje paa, at Krig var avgjord, og var helder ikkje nokon Trugsel mot nokor Magt; dei var berre til Sjølvtryggjing. Han trudde seg hava god Grunn til aa vonast, at dei vilde sleppa fyr Krig; men skulde Krig likevel brjota ut, hadde han den Lit til Anden i England, at han vilde føra Landet til ein god Endelykt. – Yverhuset tok ved Adressa (Svaret paa Bodskapen) utan Avrøysting. - - I Underhusmøtet den 8de um Kvelden opnadNorthcoteOrdskiftet um Innkallingi av Reserven. Han manad til aa takka Dronningi fyr den kongelege Bodskapen, forsvarad det Tiltaket med det, at det var ei tankerett Fylgja av det, at Storthinget var innkallat for tidleg og at dei 6 Millionar Pund var tillatne. Han hadde enno Von um ein Kongress, men dei maatte vera fyrebune paa aa verja Landsens Interesse. Gladstone tok med stor Illska Fat paa Politiken aat Regjeringi og skuldad denne fyr, atdet ikkje var nokon rett Samanheng i det, naar ho no sette seg imot ein Kongress, som ho just hadde forlangt 6 Millionar aat. Medlemerne av Regjeringi sagde imot kverandre, sagde han. Han tok dinæst illherveleg paa Salisburys Sendebrev og kallad det ei Rengjing av det, som sannt var. Regjeringi var reide til aa støypa Landet i Krig, og det vilde vera eit Forbrot, no daa Landet stod so aaleine. Ministeren fyr India,Hardy(den fyrre Krigsministeren), forsvarad Regjeringi varmt i ein kraftig Tale, sagde um Gladstones Framferd, at ho var meir lagad enn nokot til aa skada Landet og skunda paa Krigen. Han andstemnde Gladstone Punkt fyr Punkt, og sagde reint ut, at det var urimelegt og laattelegt aa tru, at nokon engelsk Minister kunde ynskja Krig; men der var verre Ulukkor enn Krig, og der var Tilhøve slike, at det var Skylda, jamvel med Vaagand av Blodspille, aa hevda Landsens Æra aa Velferd og sygja fyr, at dei ikkje vart trakkade ned i Søyla. Talen vart helsad med høgmælt og vedhaldande Samtykkje. Hardy snertad ogso inn paa Englands og Frankrikes Framferd mot Danmark i 1864, han kallad henne uforsvarleg og sagde, at ho var Orsaki til dei seinare Krigar og til det syrgjelege Tilstandet, som no var. Takkesvaret vart vedteket den 10de April. Det lukkadst ikkje fyr Motstandsflokken aa faa so rett mange med seg.
 
Etter Telegram fraa Wien hev Ryssarne teket til aa hersetja Rumænia paa Lina Giurgewo-Bukarest. Den rumænske Regjering hev sagt imot, men faafengt. – I det ungarske Underhus hev Tissa forsvarat Regjeringspolitiken og talat Rumænias Sak; det hev no vist seg, at Rumænia og Ungarn hev ein sams Fiende i Vanslavismen, sagde han. - England og Ryssland driv like hardt med Rustningarne. Turkiet freistar seg ogso det, det kann.
 

 

Frå Fedraheimen 13.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum