Skildringar fraa Italia.

 
(Ved Kristofer Janson).
 
[Del 22 av 25. Fyrste delen.]
 
VII.
 
San Germano og Monte Casino. Skilnad fraa Rom. Girondola. Vegen til Firenze. Venezia. Alpesjøarne. Ei Nott i ei Dagvogn. Yver St. Gotthard.
 
(Sidste Stykket.)
 
Eg var kjeid av at ganga og stulla einsleg i Napoli, av Staaket og Folkestimen. Eg hadde voret i Kyrkjom og paa Utstillingshuset, i Pompeji, paa Vesuv, i Sorrento og paa Capri; eg hadde set det eldspyande Gapet, Solfatara, der gule Brennesteinen hekk lik lange Isjuklar, og det saud og bublad som i ei fosskokande Gryta, og der Jordi under oss dunde som ei Trumba, naar ein berre trappad i Marki; eg hadde sveittat i Lauget til Nero; der ein maa klæda av seg til Beltet, og Sveitten silar av ein berre med at ganga gjenom Gongjerne hogne i Berget; eg hadde voret umbord hjaa norske Skiparar og etet Erter og Flesk og lætt meg forderve av ein, som eg hadde med meg ei Ferd til Bajæ, og som forbannad seg paa, at han inkje meir vilde rikka seg ut or Vogni og  kreka inn i alle desse Hol og Kjellarar, som dei kallad Templen til Merkur og Huset til Cicero, og lata seg snyta av dette fordømde Italienarpakket; eg hadde sleikt Solskin og Gleda; eg hadde kaupt eit Helgenbilæte av ein Munk fyre 2 Skilling, og som skulde vera godt fyre Kolera, naar han kysste paa det fyrst; eg hadde latet meg sundriva av Flytmennerne og Toldararne og Dragararne, som sleit og drog i meg, daa eg kom; eg hadde smakat baade søtt og surt i Solskinsstaden, den smilande, lokkande, som heng lik ei glødande Druva millom Vinlauvet og byd fram sin svellande, søte Munn. Og likavel lengtad eg – lengtad til Roma, til Fred og Stilla, til Landsmenner. Men Troll stod i det! Det var, som eg inkje kunde faa sleppa burt fraa Napoli. Der hadde voret Kolera der, og ingen kunde koma yver Grensa til Pavestaten, minders han laag i "Kvarantæne" paa eit sunt Stelle mest ein Maanad. Eg drygde, og eg drygde, Kvarantæna gjekk ned til 8 Dagar, daa stod eg inkje i det lenger. Eg valde San Germano til at gjera Bot i, ein liten By som ligg midtveges millom Napoli og Rom, der som det namngjetne Klostret Monte Cassino finst. Soleides gjekk det til, at eg kom dit. Men eg tregad inkje paa det. Det var ein Engelskmann der paa "Hotellet", som berre hadde voret der ein Dag, og som vilde fara til Rom Dagen etter, "for giv berre Verten her 5 Lire (ei Lira er som 21 Skilling) og lat honom faa 5 andre til Byfuten, so fær du strakst Brev paa, at du heve voret her 8 Dagar" sagde han. Verten blinkad og nikkad til meg, at det skulde nog han greida; men eg svarad berre, "at ljuga vilde eg inkje; skulde det vera 8 Dagar, so vilde eg vera deim ut." Daa storskrattad Engelskmannen og riste paa Hovudet. "Herre Gud! finst det endaa slik Skuldløysa til i Verdi", sagde han. Dagen etter strauk han med sitt Lygnarbrev og kom lukkeleg og vel til Rom. Det var snodige Folk, eg var komen til. Gastgivargarden laag eit Stykke utanfyre den vesle Byen, og det saag ut til, at Folket ogso laag eit Stykke utanfyre Folkeskikki. Reiddeigja var som ein halvvill Fugl sloppen ut or Skogen, ho song, so det ljomad gjenom heile Huset, og Kjeringi kom og bad meg um Halskluten min og Lumeduken til den vesle Sonen. Eg sagde nei, men daa eg so ein Kveld kjem heim, er Lumeduken burte utor Slobrokluma. Eg heldt eit syndugt Hus, og sagde, dei skulde skaffa meg Lumeduken atter, for han var stolen; men dei visste um ingen Ting, og Gjenta grov under Sengi og Vaskestolen men kunde ingen Ting finna. So gjekk eg ut til Kjeringi, og der stod ho nettupp og snaut denne Sonen sin med – min Lumeduk. Eg auste paa henne alle dei Slengeord, eg i ein Hast kunde hitta paa; men ho log meg lika upp i Syni; og dess meir eg brukte meg, dess meir log ho. Eg gav meg inkje, fyrr eg fekk Lumeduken atter lel, men dei gjorde mange Sving og Krokar, og sidstpaa stelte dei det til liksom dei fann honom under mi Seng. Ja dei er lik seg sjølve! Det Romet, eg hadde fenget, skulde kosta 2 Liror Dagen, men so skulde eg finna meg i at taka imot Lagsbrøder, um detta skulde vera naudsynlegt, for det stod ei Seng til paa Romet mitt. "Lat skura" tenkte eg, "paa 8 Dagar kann det vel inkje verda so trongt um Rom" – men jamen fekk eg 2 Karar lel den stutte Stundi. Den fyrste var ein snusande katolsk Prest, som sette store Augo, daa eg fortalde, at eg var Protestant og Prestemne. Men so bøygde han seg ned til meg og kviskrad, at han høyrde til Reformpartiet, som vilde avskaffa den verdslege Magti til Paven, men det maatte eg inkje segja nokot um. Og han trudde um oss Protestanter, at endaa me inkje var Kristne, so høyrde me til ein Sekt, som laag Kristendomen fælt nær. Me vardt svært gode Bussar han og eg.
 
Den andre var ein Løitnant, som laag heruppe med ein Flokk Soldatar paa Jag etter Røvarar. Han var den skire Motsetningi til Presten. Han nemnde aldri Paven med Namn utan at leggja det ataat: "giv F-n snart hente honom!" Men han hadde ogso Orsak at vera harm. Naar han hadde funnet upp Røvararne, so strauk desse berre yver Grensa inn i Pavestaten, og der peikad dei Fingrar av Soldatom; der hadde inkje dei Lov at koma etter, for det var eit framandt Land. Eg var med honom ned i Kyrkja og saag paa Soldatom, for dei hadde lagt seg inn i Kyrkja, det fanst inkje Rom annat Stelle. Der laag dei utyver Golvet paa Halm og Høysekkjer, sume sat uppmed Altaret og spilad Kort, andre sov, andre song elder aat og drakk. Løitnanten spurde, um eg vilde vera med upp i Fjellom og jaga, og hadde eg voret ein sterk Kar og stadet einsleg i Verdi, so veit eg inkje, kvat eg hadde gjort. No torde eg inkje. Det gjekk stygt Ord av Røvarom. Ein Engelskmann var myrdad strakst utanfyre Gastgivargarden, der eg budde, fyre inkje so lang Tid sidan, so eg laut vera heima kvar Kveld, strakst det tok til at myrkna. Bønderne kom helder aldri til Torgs, minders dei var 9-10 i Flokk og hadde ladde Byrsor paa Akslom.
 
Det var hyggelege Dagar, eg hadde i SanGermano. Byen laag paa ei vid Sletta nedunder høge Berg. Inne i ei Bergkluft reiste seg ifraa Dalbotnen ein Bergnabb, og uppaa honom laag det ei gomoll Borg, som Napoleon hadde gjort til Festning, den Tid han tok Landet. Um Kvelden samladst Byens Kvinnor ved Springbrunnen og skulde hemta Vatn. Naar dei daa kom gangande i sin raude Snørelivskjole med drivande kvite Skyrteermer og fine kvite Skaut og so dei tunge, kuvne Koparkrukkorna paa Hovudet, mintesteg Rebekka og Rakel, som Biblen fortel oss um, daa dei skulde ut og hemta Vatn. Um Dagarne reikad eg ikring til Smaabyarne paa Sletta, til Aquino, til San Deglio, og um Kveldarne sat eg heima og skreiv paa "Han og ho" og mintest Heimen min. Eg gjekk gjenom blømande Engjer, under skyggefulle Eiketre, millom Fornleivingar fraa gomol Tid, eg sat paa Torget paa ein Stein med Ost, Braud, Vin, Makkaroni, og saag paa mette, ruggande Prestar, leikande Smaaborn, fagre Gjentor. Og so var eg tvo Gongjer paa Monte Casino! So her var det, du heldt til, du merkelege Mann, som var Fader fyre alle vestlandske Munkar, og dermed og Fader fyre alt høgre andlegt Liv i harde Tider, du Benedikt av Nursia! Her var dette Klostret, som var Moderfanget fyre all Upplysning millom dei halvville Goterfolk. Herfraa strøymde Munkarne so tjukt som Bior utyver Tyskland, Sveits, Frankrike, Belgia, ja endaa til Skandinavia, og bar med seg, umframt Kristendomskunskap, Hagedyrkning, Handverk, Kunst, Vitenskap. I dei tronge Munkeburom vardt det smidt mangt eit andlegt Sverd, og gjøymt mang ein rik bokleg Skatt, som dei komande Ætter skulde skyna og tolka.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 13.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum