Notisar

 
Odelsthinget hev Maandag og Tysdag haldet paa med Innstilling fraa Budgetnemndi um det kongelege Utkast til Log um Samanleggjing av Bruk; at Eigendomar som hev same Eigaren, ligg i same Herad og Sokn og gjeng ihop med kvarandre, skal kunna leggjast saman til eit Bruk, naar Eigaren krev det.Rollframsette nokre Forslag til Forandring av Innstillingi, men denne gjekk igjenom berre med nokre Smaabrigde og vart sendt til Lagthinget. – H. E. Berner hadde innsendt Forslag, som J. Sverdrup hadde vedteket, um at Kristiania By, med Avsyn paa kommunalt Stel, skulde deilast i so mange Valkrinsar, som det var Sokn. Etter eit stutt Ordkast vart det vedteket aa senda Saki til Regjeringi til næmare Fyrebuing.
 
Lagthinget hev sendt Forslaget um, at det skal betalast Skatt av Hundarne paa Landet, attende til Odelsthinget med nokre Merknadar.
 
Forslaget um Skatt paa Skreppekarar skal vera vedteket av Justitsnemndi med 5 mot 4 Røyster.
 
Til Stoltenbergs Enkja. Til aa kaupa ei Livrenta til Enkja etter Storthingsmann Stoltenberg skal Storthingsmenn hava lagt til 1500 Kr.
 
Løytnant Flod, som var med den rumænske Her ved Plevna, er no komen attende.
 
Majestætsbrotet. Amtmannen i sundre Bergenhus Amt hev no sett Gardbrukar Hjalmar Løberg under Tiltale.
 
Heradstyri paa Jaderen og i Dalarne hev sendt inn Søknad um aa faa sleppa Eksisen iaar, daa det er so tronge Tider etter den laake Hausten, som var ifjor.
 
Kongen skal reisa til Tydskland i Kveld, han vert burte nær 14 Dagar. Kronprinsen skal daa hava Styret i Millomtidi.
 
Borgerdaadsmedaljen i Sylv hev Hs. Maj. Kongen gjevet Lensmann Skogstad, Tolgen, Østerdalen, fyr mangaarig og heiderleg Verksemd som Lensmann.
 
Shahen av Persia hev no faret ut paa ei Reis til Europa.
 
Ei Utgliding hev ogso hendt paa Smaalensbanen straks ved Byen. Heile Vegen hadde gledet ut fraa Svadberget 100 Alner paa lag og ende lukt i Sjøen, so Spengerne, som var fastgjorte paa Endarne, berre hekk som ein Boge ned i Vatnet. – Paa Eidsvollsbanen hev det no rasat ut endaa meir, so fulle Ferdsla nok vert stansande vonom lenger.
 
Blindeinstitutet hev ogso iaar fenget ei Gaava fraa Prokurator Sebbelow Paris, 4000 Kr. stor Fyrr hev han gjevet til Institutet ialt 32,000 Kr. Desse Pengarne skal nyttast til Friplassar fyr fatike Blinde.
 
Eit tridubbelt Mord hev vortet gjort i Irland paa ein gamalt Lord og 2 som var med honom. Det var ein mild og godlidande Mann hellest, men mot Husmennerne sine var han fælt streng og han skulde nettupp samraada med ein Sakførar um aa kasta ut 80 taa deim daa det hende. Det er soleids ikkje vandt aa vita, kvat Slag Folk det er, som hev gjort det.
 
Vitenskaplege Ferder. Danmark skal iaar senda 2 Ferder fyr aa endeseta Grønland og eit Orlogsskip til Island fyr aa gjera ymse Uppmælingar um Havet i nord og vest fyr Island.
 
Til Bibelselskapet hev det til dessa komet inn Kr. 4965.57 ved Ofring i Kristiania-Kyrkjom. Til fyrste April var det fraa andre Byar og Landssokner innkomet Kr. 14972.48. Av større einskilte Tillag kann me gjeta, at Svend Foyn hev aaleine gjevet 2000 Kr.
 
Til Amtmann i Nordland skal vera utnemnd Direktør Aubert.
 
Med Naudi i Kina vert det berre verre og verre. 8-9 Millionar Menneskje skal lida av Hungersnaudi. Vetteren hev ogso voret hard, 15 til 20 Gradar kalt, og litet baade med Vatn og Ved. Leirjord og ymse Blad knadar dei paa mange Stelle ihop til Braud. Den kinesiske Regjering synest reint raadlaus, men fraa England og Amerika hev det vortet gjort Innsamlingar aat deim.
 
Gullvasking. Eit Samlag i Stavanger hev i Sumar tenkt aa bu ut ei Ferd til Finmarki fyr aa vaska Gull i Elvom der.
 

 

Frå Fedraheimen 13.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum