Maalet, Boklivet, Rikslivet

 
(Utplukk etter A. O. Vinje. 1)
 
- - Daa Tungemaalet er Tankens Klædning, og daa Tanke og Tale heng so saman med Land og Landslagnad, so vert "Maalstræv" eit Ordfyr mange Stræv.
 
Med det rette Ord til den rette Ting og Tanke fylgjer der Sanning paa mange Maatar. Dei rette Ordalag, som hanga likso naturlegt ihop med Landslaget som dei einstaka Ord, koma og med dette Stræv til sin Rett; Stilen verdt greid og klaar, som Landet og Livet og Folket er det. Det er ingen Sprikestakk som i desse Fjødrerne me laana fraa Utlandet. Og dette er av større Innflytelse paa Folkets Tankemaate, en Nokon trur. I Tyskland f. Ex., der Stilen er lagad til av lærde Menn etter latinske Mønster, der er det med Stilen komet inn i Folketanken eit Skryt og Stortraav og liksom ei Rulling av tome Tunnor, som dreg etter seg Lygn i Tankemaate og Liv liksovel som i Stil og Tale. "Mannen talar som han er," verdt det sagt. Og ein Mann, som talar i ein Styltestil, gjeng og paa Styltor i sitt Liv. Han er ein Ljugare i det eine som det andre.
 
Og so Dikting og Bokskriving! Den uppskrøyvde og usanne Stilen og dei falske Ord paa Landsens Ting, det skrøyver upp og forfalskar den heile Dikting. Tankar, Kjenslor, Skildringar, Karakterar verdt usanne, og det heile Bokrike nokot reint paafunnet og innbillat istadenfyr den sanne Spegling og rette Forklaaring av Livet. Den tyske Literaturen viser og atter dette. Og likeins mangt i den svenske og danske, som hev lært so myket af Tyskland og derifraa tekjet upp so mange Ord og Talemaatar. Det er klappande hjerta og darrande leppor paa Svensk, og alle dei Sprikestakkar fraa Tysk i Dansk er det mest ingen Ende paa.
 
Liksom difyre den beste Diktaren altid er mest national i sine Ord og Likningar, soleids er han det altid og i Sanningi og det heimslege i sine Skildringar. Tenk f. Ex. paa Holberg, Goethe i Tyskland, Molière i Frankrike, og Shakespeare i England. - - Holberg, den mest allsidige og naturlege Mann i vaart heile Bokrike, var difyr og ganske rigtigt ein Maalstrævare. Han kjem jamt og samt tilbake til dette sitt Fyremaal, som han segjer, "for Folk ei ene men og Sproget at polere." Han livde i ei Tid, daa Spraakvitenskapen var barnagtig, og difyr kunde ikkje eingong han den makalause Mannen gjera so myket i denne Vegen som han vilde. Men Viljen var der, og utrulegt var endaa det han gjorde.
 
- Strævet til det naturlege i Tale og Skrift og Livsuppfatning i det aalmenne maa og vera eit Stræv etter eit folkelegt Riksliv elder ein national Politik. Det er eit Heimeord fyr ein Heimeting og eit Heimstyre fyr Heimriket. Det skal vera so litet laant som mogeleg, nettupp som i eit godt Hus, der Mann og Kona ingenting ero so rædde som at laana og taka paa Borg.
 
Liksom me difyr vilja vera og eiga oss sjølve i Tale og Skrift og daglege Framferd, so maa me og vilja, at Landet skal vera seg sjølv. Dette er berre ei Utdvidking og Samlegging av den same Mannstanken. Det er at lata gjelda fyr attan hundrad tusund det, som gjeld fyr ein, fyr meg og deg.
 
Det nyttar nemleg litet, at det gjeld fyr meg og deg, naar det ikkje gjeld fyr Land og Riksstyre. Det hev Norig vel fengjet set. Solenge det var sjølvstendigt i sitt Riksstyre var det og sjølvstendigt i Tungemaal, og Bokriket stod og fall med Riksriket. Dette er greidt, og likso greidt er det, at vaart Folkemaal atter maatte koma upp, daa Landet fekk atter si Sjølvstøda. Det tek vel Tid frametter med detta; men det maa koma. Desse, som vilja laana og borga seg fram, kunna ikkje lenge sitja med Magti. Desse, som ero glade, naar dei kunna riva den gode Klædebunaden av gamle Mo'rog hengja kring hena Traseplogg, dei kunna ikkje lenge vera heime i Huset.
 
Det folkelege Maalstræv er difyr og sjølvsagt eit sjølvstendigt Riksstræv. Landet maa vera sin eigen Mann liksom Tungemaalet er det, og Riksriket likso sjølvstendigt som Bokriket, og som eg og du.
 
Vaar Politik er soleids given. Det er ikkje at slaa av eller tinga der. Og liksom dette er sjølvsagt fyr oss, so er det og likeins med desse Motstandarar av eit norskt Maal. Dei laana seg fram i det eine som i det andre. Dei laana den danske Tunga og det svenske Rikssverd. 2) Det maa fylgjast aat dette. Det er Fanteskap med Norig. Men dei eta den norske Maten likevel. Er det ikkje underlegt? Det kann ikkje vera Aalvor med det.
 
Og liksom me ero sjølvstendige i vaar Politik ut mot andre Land, so maa me og i vaart indre Riksstell vera folkelege. Maalstrævet kann ikkje her helder motsegja seg sjølv. Likso litet som me laana "Phraser" i Stilen, likso litet kunna me laana Umbod og Innreidingar i Rikslivet, som det ikkje trengst til. Vaart Riksstell er som vaart Bokmaal fullt av desse utlendske Ord og Vendingar hadde eg nær sagt. Vaar Embætts- eller Umbodsbok er, liksom den me lesa, yrjande full av laant Gods. Det kann ikkje vera anderleids, for det heng so reint ihop, maavita.
 
Ja, daa eg foor langs denne snaude Strond og saag ein liten Mannaheim her og der inne millom Bakkar og Berg, daa vardt det meg væl klaart, at her er eit urimeleg stort Umbodsregelverk til aa styra dette folkfaae Land. Her er ein Sprikestakk likso stor paa Rikslivet som paa Bokstilen.
 
- Dette Strævet i Maal, Folkeskikk og Politik kann du sambinda i dei Ord, at me vilja finna oss og Norig atter og samla det til Eit. Det er litet nok, so det trengst vel til. - -
 
 
1) Or eit Fyredrag.
2) I den Tid, daa detta vart skrivet, var dei svensk lyndte "Samrøringar" fleire og sterkare enn no. Men kjem du til vaare rette Motstrævarar, so vil du enno finna, at dei er av same Ulli i Grunnen.
(Bldst.)
 

 

Frå Fedraheimen 13.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum