Kristiania, den 12de April 1878

 
(Framhald.)
 
[Del 2 av 2. Fyrste delen
 
Visste me, at vaare Ord kunde naa fram, vilde me gjerna leggja eit godt Ord inn fyr den einaste Giftingsmaaten, som ikkje gjer Uskil mot Nokon, og som ogso Kyrkja vilde halda paa, um ho hadde det rette Syn fyr sin eigen Bate. Det gjeld, beint ut sagt, sjølve Sanningi. Me veit alle, kor endelaust mykje Usanning, som no drivst med denne kyrkjelege Vigsla fyr baade Farkar og fagna Folk, og Ein skulde ikkje driva Fjas med desse heilage Ting. Det er ikkje Sanning, naar Presten stend der fyr Altaren og spyr ei Gjenta, som hev vortet nøydd til aa gifta seg, um ho hev samraadt seg med Gud um aa taka den Mannen, som hev forført baade henne og kannhenda fleire, og so ho maa svara Ja; det er helder ikkje Sanning aa koma med slike Spursmaal til eit Mannfolk, som kannhenda gifter seg fyr aa sleppa aa koma paa Tukthuset; - me vil ikkje eingong tala um, at det ofta kjem innpaa det Flirande, naar Presten t. D. formanar ei Ekkja paa 60 Aar til aa etterliva 1 Mos. 1, 28; detta vaart faste Ritual, som vert brukt baade i det eine og det andre Tilfelle, avlar i det Heile fælt med Lygn. Ein kunde taka det fyr seg fraa Ende til Ende og visa, at slik som det vert brukt hjaa oss, vert det Fusk det meste av denne kyrkjelege Vigsla. Men me tarv ikkje gjera det; Presten O. Berg, som vistnok do altfor tidleg, men som daa livde lengje nok til aa segja eit godt og vitugt Ord i denne Saki, han hev gjort det paa ein slik Maate, at kvar Ein, som hev nokot Vit, og er kjend i Landet – og helst i andre Land med -, og som ikkje liver berre paa boklærd Visdom, maa sanna hans Ord. Me kann daa nøgja oss med aa skjota til den Boki me hev ordat um fyrr (Motiverede Lovudkast m. V., afgivne af den ved kgl. Resol. 27de Jan. 1859 til Drøftelse af forskjellige kirkelige Anliggender nedsatte Kommission. III. Kristiania. 1863); paa Sida 270-332 stend Bergs Votum, og me maa segja med honom, at vaar "Forstand stend radt still", naar me ser paa det underlege Faktum, at Staten i dei sisste Aarhundrad hev byggt sitt Logverk paa den Fyresetning, at alle Innbyggjarar i Landet er truande Kristne. Me veit væl, at Presten Berg vart motsagd (sml. Ap. G. 28, 22), og at dei, som sagde og segjer honom imot, ofta gjer det rett godt – paa Papiret daa. Men det gjeld nok um meir her enn um aa "skriva godt" og røda godt; her stend Livskrav uppe, som det visseleg snart maa vera paa Tidi aa greida. Vaart heile Kyrkjestell er komet uppi eit Uføre, som krev, at nokonting vert gjort, so Fridom, Sanning og Rettferd kunde koma meir til Magt ibland oss og driva ut denne avstyggjelege Vane-Aand, som no kvæver ned baade Liv og Livs Von. Det er ein fæl Ting aa vita, at Samfundet, slik som no her med Egteskapet, endefram tvingar fram Hykling og Lygn hjaa alle desse tusund Menneskjur, som væl av gamall Vane, elder fyr aa sleppa Ugreidur, heng med i Kyrkja, men som hellest aldri hev ein Tanke fyr sann Tru og Kristendom.
 
Lat det borgarlege Egteskap vera fyr alle. Lat so dei, som er Kristne, taka kyrkjeleg Vigsla etterpaa. – Alle vil gjera detta, som hev Trong til Velsigning av Kyrkja yver sitt Samliv, og som soleids kann hava godt av ei slik Signing. Der vil væl vera Hyklarar daa og, som vil stiga fram fyr Guds Altar i Usanning; men dei fær daa bera Andsvaret sjølv; lenger kann Ein ikkje koma.
 
Det "val-frie" borgarlege Egteskap er ein Millomting, som vist ikkje vil vera god fyr korkje Stat elder Kyrkja. Det er ukjendt i andre land, at Egteskap kann stiftast paa tvo ulike Maatar, som daa skal vera like gode; og det er Ingenting i Noreg, som skulde gjera slikt meir naudsynt der enn andre Stader. Dessutan maa Ein likevæl, fyr Skuld Kyrkja, gjera det so, at Sume skal vera utestengde fraa kyrkjeleg Vigsla, sjølv um dei vilde krevja slik; men strakst vilde det daa koma ein Flekk paa det borgarlege Egteskapet, so det vart haldet fyr mindre gjævt og mindre heilagt enn det andre, og det kunde ikkje Staten vera nøgd med. Det gjeld um, at Egteskapet fær den same Verdleik og den same Vyrdnad fyr alle.
 
Me hev nok set det, som den kgl. Kyrkjenemndi segjer um detta i den nemnde Boki (S. 85 fl.) og me hev ogso leset det Fleirtalet i Kyrnemndi ifjor sagde i Indst. o. Besl. O. No. 74 S. 158; men det vil liksom ikkje bita paa oss. At "Folk ikkje er budde paa det" er ein Grunn, som vert framførd mot alle Framstig og alle Umbrøytingar, so den Grunnen er snart utsliten. Naar Ein gjer Soknepresten til Notarius, slik som Tanken er fyr det Fyrste, so vil Yvergangen verta so lempeleg og lett, at Folk ikkje vil gaa stort til Brigdet. Og naar dei kann berga seg med borgarlegt Egteskap i andre Land, i England, i Holland, i Nordamerika, i Frankrik, i Schweiz o. s. fr., so kann me visst ogso faarelaust taka det upp i Noreg.
 

 

Frå Fedraheimen 13.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum