Borge-Stoga.

 
Ei Segn ifraa Moland i øvri Telemarkjæ.
 
Av Ivar Tveiten.
 
Ho stend paa Garen Borgjæ i Moland. Garen ligg i ei bratte Li, men endaa hev dei kliviøvst i Bakkane mæ Husæ. Timri ska vera tekji langt ne i Dalen onde ein støytande bratte Nute"Jokulen". Stoga æ 14 Alne lang, 10 Alne brei aa 4 ½ Alne haag paa Garlægja, aa i denni Høgdæ æ 4 Stokkar. I Dynnæ, som æ noko laag alti, æ 'kji avskori mei hell ein Stokke. Aa endaa æ Stokkann magatægde, som dei skull vera svorva. Gaamaall æ ho, aa gamlare kann ho bli, for naa æ de bare Tyri. Mannen, som naa eig Garen, æ den 7de Mannen, som bur i Stoga. De æ ei Ætt mæ gamle Folk – denna Mannen æ naa 86 Aar – saa Stoga minst maa vera 400 Aar. Om daa ho blei bygd æ her ei Segn. Timmermannen heitte Gonnar Norgaren. Han bygde ei Stoge af sama Gjær paa Moghus. Daa han va færige mæ Timringji aa ha lagt Mønsaasen, som naa ikkji æ de minste Trei, aa sto nei mæ Garlægja, kaam Mønsaasen rullande; men han tok imot han eismall mæ barre Hændann, bar han upp aa la han paa sin Sta att. Daa han timra paa Borge-Stoga, kaam der ein Dag riandes ein Manne, som gav seg ti aa rie att aa fram paa nokle slette, vie Vollar neafor Garen. Folkji paa Garen seie daa ti Gonnar, at de va Rolts-Ruggjen (ei orgjetæ Kjæmpe fraa Ro(ho)lt i Vraadal), som visst va komen for aa prøvas mæ han. Gonnar ba daa Gjænta tappe upp ein Bolli mæ Øl for han, aa sjav gjeng han av Timra burt i NordJords Kjella aa lauga seg, aa saa heimatt aa skifter paa seg Klæi. Saa tok han Bollen aa drakk han ut mæ ei Gaang. De va just ikkje noken  Armos Drykke. Bollen va saa store, at han paa sine gamle Dagar blei bruka ti Drikkekopp for Souinne. Rolts-Ruggjen va daa komen heim, helsar Gonnar aa seie: "Eg hev høyrt gjete, du ska vera full-goeKare; eg hev reist mykjy, aa prøva mangge, aa Moro skull de vera aa prøva eit Tak mæ deg ou, um du æ huga." Gonnar svora: "Leitt va de aa reise saalange Vege for ikkje; alli hev eg hell haft ti Vis og løynt meg, naar ein hev boi." Saa spente dei Belti, mæ eit Millombelti, aa Rolts-Ruggjen sette 3 Knivar i Bori aa ba Gonnar velje. Saa bar de ti paa Tili. De va Senar som sprang, Ougur som brann, aa Føtar som ikkji svikta! Seistpaa fekk Rolts-Ruggjen ein Skur ivi Akslinn, saa Blospruten sto, aa mæ same skar han Belti. Han blei daa lagde ti Sengs aa laag paa Garen i 8 Dagar, fyrr han konn' koma heim. Daa han reiste, gav han Gonnar Hest, Sadl aa Beisl, helsa aa sae: "Slit Hest aa Greiur mæ Helsa; du va den fysste eg tapa for."
 
Segni seie endaa, at den Rolts-Ruggjen skull' ha drepi sjou Mænner i slike Leikar; seiste blei han frearlous, daa han drap ein Manne, som ikkje verja seg.
 

 

Frå Fedraheimen 13.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum