Skule og Upplysning.

 
Eins Lærarløn fyr heile Landet er ein av dei tri Ting, som Hr. U. Ø. i No. 14 meiner trengst framum alt annat, um Skulen skal trivast. Grunnen hans er den, at dersom Løni er ulik, so søkjer dei beste Lærarar seg dit, der ho er best, og dei hine Bygderne lyt daa sitja etter med Skalet.
 
So sannt enn detta sidste er, so kann eg likevæl ikkje samstava med Hr. U. Ø. i Kravet hans um eins Løn. Eg trur med andre Ord ikkje, at me skal stræva til aa gjera Aalmugeskulen vaar meir til Statssak enn han er.
 
Di meir Skulen vert Statssak, di mindre vert han Folkesak, d. e. di meir vert han skilt ut ifraa Heimen. Men i same Mun som han skil seg ifraa den, i same Mun gjev han upp sitt rette og sanne Fyremaal, som er aa " stydja" den huslege Uppfostring, vera Samstrævar med Foreldri i det store Yrkje aa hjelpa fram dei Smaae i sann Gudstru og sann Upplysning.
 
Det er fælt aa sjaa, kor langt Skulen endaa no er komen burt fraa Heimen. Um mange Lærarar lyt Ein segja, at ikkje kjenner dei Foreldri, og ikkje bryr dei seg um Foreldri, ja ligg i Uvenskap med dei tilmed paa sine Stader, og so er det det same fraa hi Sida og. Seminardaningi hev mykje havt det Laget, at ho hev dreget Gutarne burt fraa Folket og gjort dei um til den ytste Haletippen av Embættsverket, so dei ikkje lenger hev havt nokon vidare Tanke fyr sitt Folk, men hev meint som dei andre Embættsmenn, at Folket var til berre fyr aa skaffa dei "gode Postar." Det er paa den Maaten det gjeng til, at sume Lærarar endaa kann vera imot ein slik Ting som aa faa Bygdemaalet inn paa Landsskulen.
 
At det er betre enn det hev voret, det veit me; men ovmykje stend enno att. Og den rette Boteraad er ikkje aa taka Skulen radt ifraa Folket og gjera honom heilt til ei Rikssak; men det me no som fyrr maa stræva til er, at Folket kann læra aa skyna paa Skulen sin og setja Pris paa Læraren og hans Yrkje. Vilde me gjera Læraren til ein Riksembættsmann, som inkje Hopehavande hadde med Folket, so kom han nok til aa skilja endaa meir Lag med det enn no, og Skulen vart endaa mindre Folkeskule enn han er.
 
Men at Staten hjelper til med aa løna Lærararne, naar Folket fyrst gjer Sitt, det er ein annan Ting, og det er rett og godt. Lat Folket faa so stor Rikshjelp her, som det berre paa nokon Maate er gjerande. Og dei armaste Bygder bør hava serskild Hjelp. Men legg ikkje heile Skulen i Statens Haand; det vil vera eit Attersteg, og det vil gjera Klova millom Skulen og Heimen botelaust vid og stor.
 
I slike Amt, der Folket enno ikkje er komet so langt, at det veit aa vyrda Skulen fyr det han er, der – hadde eg sonær sagt – bør dei hava dei kleinaste Lærararne, so lengje til dei ser, kor det ber av. Dei er lik til det; dei er ikkje betre verde. I Lister og Mandals Amt, 1), som Hr. N. Ø. er ifraa, er det nok helder laakt i denne Vegen. Men so fær dei læra. Naar dei hev set paa detta eit Bil, at andre Folk løner sine Lærarar betre, og at andre Folk difyre fær betre Lærarar og større Gagn av Skulen sin, so kjem dei snart til aa skyna sin eigen Bate dei og. Og naar dei daa set Løni upp, so gjer dei det, fyrdi dei ser, at det ikkje duger aa knipa paa den Kanten elder aa "kneppa Klypom og sleppa Gaupnom", 2) som dei segjer i Gudbrandsdalen.
 
Etter mi Tru maa Fyremaalet no som fyrr vera aa sjaa til aa faa leggja Skulen meir og meir yver til Folket, binna honom meir og meir fast til Heimen, etterkvart som Folk og Heim vinn so langt fram, at dei veit aa leggja det rette Lag paa Skulens Yrkje og den folkelege Upplysning.
 
b.
 
1) Detta Amtet, og so Stavanger Amt, er dei einaste no, som ikkje hev sett upp "Laagmaalet" fyr Lærarløni. Men i Stavanger Amt var det nok Prestarne og ikkje "Folket", som var Skuld i det, og der maa Ein soleids segja, at Folket lider uskyldigt.
2) Halda paa Skillingen og sleppa Dalaren.
 

 

Frå Fedraheimen 10.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum