Utlandet.

 
Fredsvonerne hev ikkje stiget, sidan Lord Salisbury vart utnemnd til engelsk Utriksminister. Helder hev dei sljonat Dag fyr Dag, men det kann nog vera, at Skuldi er ikkje nettupp hans. Folket vert meir og meir uppsett paa Krigen, og Regjeringi, som no synest vera reint under Lord Beaconsfields Einvelde, viser seg alt meir og meir hugfast paa aa hogga den austerlendske Naudknuten av med Sverdet. Salisbury hev sendt Englands Utsendingar i Utlandet eit Brev, dagteknat den 1ste April, som strakst vart kunngjort. Det er fraa fyrst til sidst eit Kjæremaal yver Fredsemja i San Stefano, ei Stemning til Europas Domstol og eit Atterrek av Kongressen. Naar ein les igjenom dette Sendebrevet fraa den nye engelske Utriksministeren, fær ein den Tokken, at England vil gjera Greida fyr sine Meiningar og sin Fotstad, fyrr enn det let Sverdet skilja Trætta. England tek fullt ut Fotstad paa Parissemja av 1856, og segjer, at kvar einaste Bolken i San-Stefano-Freden inneber eit Avvik fraa den, og at det ikkje kann samtykkja i, at nokon Artikel vert undanteken fraa Prøving. Um dei vigtuge Fylgjor av SanStefano-Semja heiter det bl. a.: Det vert skapt eit megtugt slavisk Rike (Bulgaria) under Rysslands Uppsyn med gilde Hamner ved Svarthavet og Arkipelagos, som vil gjeva Ryssland Yvervelde paa desse Havom. Dei Bolkar, som segjer, at Bessarabia skal ganga fraa Rumænia, at Bulgaria skal strekkjast ut til Svarthavet, og at Batum skal leggjast til Ryssland, vil gjera Rysslands Vilje einraadug i heile Umkverven til Svarthavet. Krigsskadeboti er so langt yver Turkiets Evne, og Betalingsmaaten og andre Vilkor slike, at Turkiet kann verta reint underlagt Rysslands Vilje i politisk Maate. Det er ikkje berre so, at dei einskilde Skilord maa draga Europas Aathug paa seg, men meire er det, at deirasamladeVerkning fyr Turkeveldet hev myket paa seg fyr England ved Dardanellarne, i det ægæiske Hav og Svarthavet, i den persiske Vik og ved Strenderne ved Sueskanalen. Det er med den største Illhug England ser ei Yvermagt trengja Turkiet so hardt, at det vert mest umoglegt fyr det aa berga si Sjølvstøda og jamvel sitt Tilvære. Ei Raadstemna, som tek fyr seg berre dei einskilde Ordskil, er ingi Trygd imot den Faaren, som Englands Interesse og Europas Fred er ute fyr. Ei god Styring med Fred og Fridom fyr Folket i dei Landom ligg enno England paa Hjarta, og Regjeringi skulde gjerne voret med paa ei Samstemna, som kunde prøva Fredsvilkori fyr Ende; men etter hennar Meining til korkje dei Fyremaal, som ho hev aa forsvara, elder Velferdi aat dei umspurde Landsluter verta fullrøktade ved ei Samstemna, som er bundi ved dei Undandrag, Ryssland hev gjort. – Ordet Krig er ikkje nemnt, men Meiningi kann det visst ikkje vera Tvil um.
 
Kor det gjekk med den rysske Utsendingen, Generalen Ignatief, i Wien, er enno ukjent. At Austrike iallfall tek seg godt betalt fyr aa halda seg fraa eit Samband med England, er greide Ting; men trulegast er det, at det enno vil halda seg Henderne frie, og at det ikkje hev gjevet Ignatief nokot visst Svar.
 
Etter eit av dei nyaste Telegramm fraa Konstantinopel, skal Sultanen halla sterkt til eit Samband med Ryssland, og fyr den Skuld skal eit Ministerskifte med det fyrste vera ventande, so Reuf Pasja vert Fyrsteminister og Osman Pasja, som er heimkomen og hev vortet Rysserven, vert Krigsminister.
 

 

Frå Fedraheimen 06.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum