Skildringar fraa Italia.

 
Skildringar fraa Italia.
(Ved Kristofer Janson).
 
[Del 21 av 25. Fyrste delen.]
 
VI.
 
Fest paa Missionsskulen. Hovudet til Mathæus. Paa Folkekomedie. Karnevalet og Jødarne. Ei Likstemna. Daudingkyrkja hjaa kapu cinom. Messa i Koliseum. Herbyrget til St. Johannes. Marietta.
 
Framhald.
 
Kom lat oss setja oss paa ein broten Sulestubb, som ligg der, og sjaa oss ikring. Det er Solskin og Stilla. Smaaborn leika seg paa Grassvorden, og burtmed Preikestolen sit det nokre Tenestgjentor og røda um Jesus Kristus og Religionen. Dei venta paa Predikaren. Rundt ikring paa Stationom (Altartavlor, som skildra Jesu Ferd til Golgata, med ei Fotskor framfyre) ligg det Folk, som beda. Sjaa der gjeng ein Huslyd fraa Altar til Altar alle 14 igjenom. Det er Storfolk, Kona er i Silkekjole med langt Drags; Mannen er graahærd, og so hava dei ein vaksen Son med seg. Dei kasta seg paa Kne og venda sin Rosekrans og beda med bert Hovud; det er Botsmaanaden no. Ellest ganga Folk att og fram, alle skal dei burt og kyssa Krossen, for kvar som kysser den Krossen med botferdigt Hjarta, skal hava Syndartilgiving i eit Aar og 40 Dagar. So koma dei daa, unge, gamle, fatige, rike, Smaaborn kvavla seg upp aa Fotstykket og leggja Munnen til. Imillom desse ganga daa framande med Reisebøkom sine, og Flokkar av franske Soldatar hava lægrat seg her og kvar og røda um Eksersis og fagre Kvende. Soleides ser det ut i Kyrkja. Der kjem Stemna gangande. Inngjenom Kvelvingarne skrid ho, syngjande paa ein hol Botssalme. Fyrst kjem det ei heil Rad med desse underlege Spøkelse, eg heve rødt um fyrr, sveipte i Lereft, so ein inkje kann sjaa annat enn Augo. Midt i Flokken gjeng det ein Kapucinarmunk med ein stor Krusifiks (Jesus paa Krossen); paa baadeSidor aat honom ganga tvau Spøkelse med brennande Lygter paa ei Stong, og etter deim ei lang Rad av Kvende. Den fyrste gjekk i svart Kjole med perlestungi Kaapa og Hatt av svart Fløyel. Ho bar i Henderna ein stor, svart Kross, tvau andre Kvende gjekk atmed og studde, og etter deim ein heil Flokk Karfolk og Kvinfolk fraa Gata som strøymde til, ettersom dei skreid fram. Stemna skreid syngjande burttil den heilage Krossen, og der seig han i Kne. Og no klang Songen sterkare: "Herre Gud" her kjem det ein Hop botferdige! miskunna deg yver oss! bed fyre oss Herre Kristus!" So gjekk dei burttil Preikestolen, Kapucinarmunken treiv Krusifiksen og feste honom der; so bøygde han seg ned, kyste honom paa Foten og tok til at preika. Talen var stutt og sterk, og sjeldan heve nokot gripet meg som detta. Den bleike Munken i brune Kyrtlen og med Reipet kring Livet standa paa Leivingarne av Heidningadomen og preika Kristendom. Han talad um at segja ifraa seg Verdi, soframt me vilde fylgja Kristus etter, for han hadde gjenget Botsvegen han. Og no skildrad han Jesu Liding her paa Jordi, og korleides Apostlarne og alle dei Pinslarvitne, som her var sundflengde, hadde synt, at dei kunde fylgja sin Herre og Meister etter i Liding. Det var ei Preika, som gjerna ein luthersk Prest kunde haldet, det fanst inkje nokot hatefullt i henne mot andre Sektar. Daa Preika var ute, lyfte Munken Krusifiksen og lyste Signing fraa den trifalduge Gud utyver alle. Folket kring honom stod og lydde med bert Hovud. Daa han lyste Velsigningi, seig dei alle i Kne. So gjekk Stemna rundt fraa, Station til Station, seig i Kne og heldt Bøn, men eg gjekk heim mest med Taarer i Augo. Vel er det so, at den katholske Kyrkja kann hava formyket sanselegt, men sannlega, me hava for litet heima, og me er so veike, at me trengja eitkvart, som kann vekkja oss. Det var fornæme Folk desse, som gjekk Botsgang; eg saag det paa dei fine, lakerade Styvlarne. Og um so dette berre er ei utvortes Skikk, so trur eg inkje dei kann ganga soleides gjenom Gatorna og syngja paa: evviva la croce! la croce evviva! (leve Krossen! elder: Hurra fyre Krossen!) utan at kjenna seg gjenomrisnat av heilag Age og taka med seg eit aalvorslegt Hugskot, som lenge vil vara og vekkja.
 
Eg saag nokot annat og i Rom, som heng i Hop med detta. Det finst eit Herbyrge der, som er innvigt til St. Johannes, der alle Bønder og fatige Framandfolk, som kjem til Rom med Paasketider, kann faa fritt Hus og Kost visse Dagar. Og daa er det fornæme Folks Søner som ganga og uppvarta deim. Dei er klædde i graae Kjolar med eit Belte kring Livet og so Kjøkenfyreklæde paa. Og det er inkje berre det, at dei maa bera Maten fram til alle desse Fatige og standa bak Stolen og sjaa etter, um dei vil hava meir, nei dei maa tvætta Føterna deira, fyrr dei setja seg til Bords, og det er inkje altid det fyselegaste Arbeid, for dei hava gjenget mange Miler desse Stakkararne og hava inkje alt for reine Sokkar. Det var løget at sjaa Bønderne sitja der reint bljuge, og so desse fine Adelsmans Sønerne liggja paa Kne framfyre deim, draga Hosorna av og gnika deim med Saapa og Vatn. Eg tenkjer meg dei fine Storkars Sønnerne i Kristiania gjera detta med Dragarom ned paa Bryggja – jamen kunde dei hava godt av det!
 
Men eg tenkjer mine Lesarar er kjeide av at høyra um Munkar og Prestar no. Me lyt leita upp eitkvart annat, som kan kvika oss liten Grand, og daa veit eg inkje betre enn at ganga til Marietta. Marietta er makalaus væn og tekkeleg, og mest naar ho fær Tak i Ordboki mi og stavar: b-y-g-g-ebydje. Marietta er Dotter av ei simpel Kona. Moderi gjeng i Trøya og Stakk og med Henderna stungne i ei Leirpotta med Gløder i um Vinteren liksom ei Muffa; men Marietta er klædd i heil fin Kjole med Drags etter Moten. Ho er ikkje svartleitt som flestalle men ljos som Dagen. Ho er grannvaksi, heve gult Haar og eit Hovudskap som ei Drotning. Ho heve inkjevetta lært, men ho ber seg som den finaste Damen, og alt kvat ho gjerer er yndefullt. Ho er blidleg og endefram, men ho er og "capriciosa" (lonefengi). Ho kann trappa i Golvet og skjota Rukka paa Stallen, fær ho inkje Viljen sin. Ho kjem tidt i Huset, der eg bur, for Dotteri, Righetta, som endaa er Barnet, er ein Ven av henne. Marietta er glad i Stas; det er alle Italia-Kvinfolk. Deira Livsmaal er at verda gifte, og so ein Gong i sitt Liv iminsto faa kjøyra paa monte Pincio i ei fin Vogn millom alle dei fine Folk. "Far amore" (faa seg eit Kjærleikseventyr) verd det snakkat um paa Gata og far amore i Skulen og far amore i Kyrkja. Kona, som eg budde hjaa, fortalde meg, at det var vanlegt at unge Herrar tok Kjærleiksbrev med i Kyrkja, og so lagde det paa Sætet, der Kjærasten sat. Ho hadde vel fenget Brev ho og i si Tid, no skulde ho visst inkje freista nokon, mager og skrukkutt som ho var. Det er vandt fyre unge Folk at koma saman ellest, for anten er det ei Mo'r elder ei tannlaus Faster, som gjæter deim stødt. Paa Gata er difyre Kvende altid fine at sjaa til, men inne i Huset skulde ein snaudt kjenna deim atter. Der er dei slurvutte og tidt ufjelge. Kannhenda Marietta og hadde siget djupt, hadde eg fenget sjaa henne i hennar eigen Heim. Ein maa no inkje tru for ilt um dei italienske Kvinnorna etter detta. Dei standa langt framum Mennerne, i det minste i Rom. Mennerne er trege og late, Kvinnorna er kvike, utrøyttande i Arbeid, sterke til at lida og vera toluge. Og det kann turvast, for Mennerne hava inkje godt Ord paa seg. Naar dei ganga paa Friarfot, krjupa dei paa alle fjore fyre Kjærasten; naar dei er gifte, taka dei fram Riset. Det gjeld berre um at faa Aalen i Aaleteina. Kvendi er myket fritalande men inkje usedsame. Tvertum skal det vera myket sedsamt millom dei unge og ugifte i Rom. Men det var Marietta, me skulde røda um.
 
Eg kom ein Dag fraa Kampagnen med Henderna fulle av Murgrønt, som eg hadde hemtat fraa Fornleivingom. Der laag Brev heimanfraa. Eg reiv upp det glad – det var kritik yver ei av Bøkom mine fraa eit Høgreblad. Eg kunde Kritiken utanaat, lenge fyrr eg hadde set honom, eg visste, kvat Vind som bles um den Hyrna. Eg heiv Brevet harm ifraa meg. Kampagnen hadde sekkt slik Fred i Hugen min, no var det ute. Eg hadde daa trutt, eg skulde vera fri, naar eg kom solangt burt, men nei – mitt kjærlege Heimland gløymde meg inkje. Eg gjekk ut or Stova – der sat Marietta. Ho var fagrare enn ellest, tykte eg, daa ho helsad sitt venlege "buona sera signor." (god Kveld min Herre!) Eg sette meg ned hjaa henne, tok Klengegraset mitt og batt det i Hop til ein Krans, som eg sette paa hennar væne Haar. Ho vardt rædd og sagde, at den Kransen tydde Dauden, men eg trøystad henne med, at i mitt Fædreland tydde han æveleg Ungdom og Vænleike. Daa log ho og sagde, ho vilde gjøyma Kransen som eit Minne etter meg. So fortalde eg um mitt Fedraland, og ho spurde, um me hadde Lov til at hava fleire Konor der, for ho hadde høyrt slikt nokot um Turken. Det var hennar Tankar um Noreg. Kona, eg budde hjaa, skulde daa rettleida henne og sagde, at Noreg var eit Stykke av Tyskland, og Tyskland kjende ho, for det hadde butt ein tysk Bilæthoggar der eit Bel. Etterpaa spurde Marietta meg, um me trudde paa Gud, der som eg kom fraa, og um me bad til Madonna soleides – og no gjorde ho Krossteiknet og lagde Henderna sine i Hop so yndefullt, so yndefullt. At eg inkje var Maalar og kunde festa henne paa Lereftet med Fargar! Eg fortalde henne daa, so godt eg kunde, at me trudde paa Gud, men inkje var "cristiani" likavel, (Katholikarne kalla ingen andre fyre kristne enn seg sjølv). Daa skulde du set henne. Ho spratt upp fraa Stolen, rette Armen ut imot meg som ein Herskar og ropad med aalvorsamt Andlet: "via! via! eretico!" (burt, burt med deg Kjættar!) Og so log ho i det same, Skalken. So kom Kona i Huset med det Framvarpet, at me skulde spila Svarteper – og me til at spila Svarteper. Marietta vardt "Skiten Mats" og eg vilde til at merka henne i Skallen med Kol; men so brukad dei inkje det dernede, og so vardt ho furti. Nei paa den Maaten vilde ho visst inkje vera med, spila med slike grove Folk - - ja me maatte finna paa nokot annat til at blidka Marietta. Og so skulde me leika Karneval og hava Mokkolifest 1). Me vatt upp Vaksskaplarne vaare, so dei vardt til høge Ljos, og so skulde Marietta freista slekkja. Og ho bykste, og ho bles og ho log, og ho steig upp aa Sengestolpar og Stolar og Bord til at naa i, og hadde ho daa slekt eit Ljos, ropad ho av Fagnad: "senga mokkoli! senga mokkoli!" (utan Ljos.) So svingad ho Ljoset, og me skulde blaasa ut det. Eg kunde aldri naa upp, kann du veta, ho var altfor yndefull til det, naar ho tøygde seg paa Taa med upprett Arm og det aarvake Andletet vakande paa Ljoset sitt, og eg saag paa henne som ein Bilæthoggar paa sin væne Model. Eg leidde henne med Ljoset mitt snart mot Golv og snart mot Tak, eg let henne snu seg og bøygja i dei mest yndelege Stillingar, og ho visste um ingen Ting, berre gledde seg som Barnet i Leiken. So kom Moder hennar, daa Leiken gjekk paa det beste, og vilde hava henne heim. Marietta saag sur ut, ho hadde slett ingen Hug paa det, men ho laut sidstpaa stad: "felice notte Marietta!" Ho vender seg i Døri og kviskrar til Righetta, at ho vil koma snart atter. Eg gjekk inn paa Rumet mitt – der laag Brevet. Eg las det uppatter, eg log, eg song. Marietta hadde blaaset Skyerna burt, no kunde ingen Brodd saara meg meir. Gudskelov, her er daa myket fagert i Livet, og den Gleda skal inkje Folk faa taka fraa oss. Eg takkad Marietta i Tankarne fyre det, ho hadde voret fyre meg, og sagde henne atter god Nott.
 
[ Meir.]
 
1) Sidste Dagen i Karnevalet kjøyra dei gjenom Gatorna med kvite Vaksljos. So skal Folk freista slekkja Ljosi, og dei kliva upp aa Vognerna og blaasa og kasta etter Ljosi. Detta er Mokkolifest.
 

 

Frå Fedraheimen 06.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum