Religiøse Tilstand.

 
(Fraa Sunnhordland.)
 
(Sluten.)
 
[Del 3 av 3. Fyrste delen.]
 
No skal eg fortelja eit annat Mark paa Synsmaaten hjaa Haugianarne vaare; her er det ein annan Mann, som kjem paa Tale. Han døydde no i Sluten av Januar, og Namnet hans høyrer soleids Soga til. Det stend fyr meg so stort og reint, at det burde gjerast udøyelegt; imindsto evar eg meg ikkje paa aa nemna det her. Han heitte Sjur Ryg. Det var fyr eit nokot Bil sidan ein Prest i Etne, som søkte seg derifraa. Venerne hans skaut ihop til ei Gaava, som dei vilde gjeva han til eit Fraaminne. Dei Strengaste hadde av og til ordat um, at sovorne Ærevisningar var urette. Men likevæl tok Sjur Ryg paa seg aa føra Ordet i det Sendelaget, som skulde rekkja Presten Gaava. I den Talen, han heldt daa, kom han til aa segja nokre Ord, som med den største Kraft viste, at Gjevararne hadde Medhelde i Bibelen. Detta var nok surt aa bita i fyr desse, som hadde haldet seg utanfyre og berre lagt imot, dessmeir som mange av dei var tilstads og høyrde og saag paa Høgtidi. Etter at dei hadde snakka att og fram um denne Sak i fleire Vikur, vart det til det, at Sjur skulde hava det dei kallar "broderleg Aatvaring." Og den fekk han, - just ikkje so reint i Stilla, men slik, at han godt maatteskyna, at det var i "Samfundet" sitt Namn. No, daa han var sloppen, vaknad Samhugen fyr honom hjaa alt Folk, og Ein kunde høyra Uttalur som: "Det var Synd fyr Sjur, at Folk skulde gjera Livet hans so surt; det var daa ikkje annat enn den eine Gongen, med den Gaava til Presten, som Ein kann segja at han verkeleg forgreip seg." Ein Gong vart det til eit sovoret Umlæte gjort slikt Motlegg: "Det er sagt, at paa Kjærleiken skal Ein kjenna den rette Trui. Den Gongen sagde Sjur nokre Ord til Æra fyr Presten; hadde Sjur sagt so mykje til Vanæra fyr Presten, so hadde han kannhenda gjenget fri fyr Paatale." "Ja," svarad ein annan Haugianar, "det hadde han, og han hadde fenget stor Skrepp (Ros) og."
 
Prestarne hev havt ein hard Strid med aa faa Jensens Lesebok innførd. No hev dei fyr det meste vunnet. Men sume Stader, t. D. i Skonevik, hev Enden vortet den, at dei hev kjøpt seg ei "Fagbok" til kvart av dei Fag, som Skulelogi paabyd, og dermed hev dei sloppet dei "verdslege Songadne" og Eventyri o. d. l.
 
Den, som ikkje hev fenget eigna til seg Naaden, men liver allstødt i Sut fyr, korleids han skal verta sæl, han kann ikkje godt vera glad fyr at han er skapt helder. Det gjeng so vidt, at Ein kann ikkje gleda seg yver Uppstandelsen, dessmeir; det er ymist, um det er nokot godt i den, og i aa vera udøyeleg, tenkjer Ein. Soleids hev dei funnet Landstads Salmebok forkasteleg, fyrdi det stend i den, at "Engang naar det mon kime til Paaske høit i Kor, da slaar og Naadens Time for Støvet under Jord." Desse Ordi hev voret umsnakka i fleire Soknelag, og mange finn det underlegt, at det skal heita "Naade" at "Støvet" stend upp.
 
Fyr ei Tid sidan sagde eg til ein Mann, som fyrr hev voret Skulemeister: "Det er ikkje so sagt, at me hev Levetidi berre fyr aa bua oss til aa døy." "Ka er det daa fyre?" spurde han. "Det kann vera fyr det at me skal tena Gud i detta Livet og," svarad eg. Han lo: "Er du so galen du trur, at Vaarherre treng oss til Tenarar?" Og so slog han innpaa um, at det var nok ikkje so visst annat eg var Fritenkjar, naar eg kunde snakka soleids.
 
Lesaren finn kannhenda, at desse Skildringarne vert altfor myrke. Men eg plar vera rett gløgg paa den religiøse Liten, og hellest er desseHende og Tilstand aa sjaa og forfara fyr kven som vil. Og so maa du hugsa det eg sagde fyrr: det er ofta Raaskapen, som set seg i Høgsætet. Dei meir aandfulle Folk, som hev eit høgare Syn, er ofta bljugare av seg og stikk seg mindre fram. Tak det med, so vert Skildringi baade ljosare og sannare.
 
Men kunde ikkje Prestarne gjera nokot meir fyr aa retta paa desse Ting? – Det kann eg ikkje segja nokot um. Men dei er nok ikkje med paa dei Synsmaatar, eg her hev haldet fram. Derimot er det andre Prestar, som Sundhordlendingarne vyrder meir enn sine eigne, og sume av dei stydjer nok den "myrke Moralen." Ein sunn Moral maa Ein ikkje venta, so lengje Folk er i "Trældomsfrygti" og hev endaa ein heil Dunge av "Bud" umframt dei 10 Mosebodi, og so lengje Upplysningi ikkje er større enn ho er.
 
Det er fulla ei stor Mengd av det norske Folket, som Skildringarne mine høver paa. Og difyre vil det nok vera verdt aa spyrja, um det gjeng an at Livet veks fram fraa eit sovoret religiøst Grunnlag. Um ein helder skulde prøva med eit annat, t. D. det Grundtvigske, vil eg ikkje uttala meg um. Men skal her byggjast paa den haugianske Grunnen, daa maa han vølast storleg. Og eg hev ei Von um, at han let seg vøla. Han hev Liv og Aand i seg, og rømer mange ulike Tenkjemaatar. Ein kann høyra det so væl i Samlingarne. Den eine stend høgare, den andre laagare, - liksom du vilde tenkja deg ein Stige fraa Jordi til Himmelen: nedst stend dei, som trur paa sine Gjerningar, øvst dei, som byggjer paa Naaden, og so ei endelaus Rad derimillom; og dei flyt seg upp og upp, etterkvart som dei veks i Upplysning, men berre sjeldan nedetter. Eg vil tru, at hadde Haugianararne ei større verdsleg Upplysning, so vartdei baade meir arbeidssame i dei jordiske Ting, og dei, som stod "øvst i Stigen", vilde sletikkje halda paa detta myrke Livssynet. Alt no er det Sume av dei lengst framkomne, som mislikar detta. Dei mest aalvorslege Haugianarar er ofta dei beste Styttur fyr Framstigsmennerne. Mange av dei yngre "Vakte" stend baade høgare i "Stigen" enn sume av dei eldre, og synest dertil aa vilja gjeva Livet ei ljosare Utsida og. . Detta hev alt vekkt eingrand Røra og Snakk, og her hev voret Møte og fyr den Skuld.
 
Tilslut vil eg minna um, at Hauges Folk likjest Grundtvigsfolket i so mykje, at Ein skulde tru, at dei tvo Flokkarne etter kvart kunde veksa ihop til ein. Baade tvo viser dei, at dei ikkje er styrdeav nokon Partiaand, med di at dei helst vil vera i Statskyrkja, endaa dei er usamde med Statsprestarne i mangt og mykje. Hauges Folk er ikkje etter sitt Grunnsyn (av "Princip") imot Kultur og verdsleg Verksemd. Vart dei so upplyste som Grundtvigs Menn er, so er det ikkje utrulegt, at dei kom til aa likjast dei i det ytre Livet og i Livssynet med.
 
I Februar 1878.
 
Ø.
 

 

Frå Fedraheimen 06.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum