Lysingar.

 
Fraa April av
kjem "Fedraheimen" tvo Gonger i Vika.  Prisen vert den same som fyrr: Kr. 2, 20 fyr Halvaaret (elder Kr. 1, 10 fyr Fjordungaaret) med Postpengar og alt.
 
Bladet fær daa betre Rom til nokot av kvart; serleg kann det fortelja meir Nytt, so at Folk vil kunna hjelpa seg med Bladet i den Vegen.  So fær det og ein fast Skuleartikkel, som skal innehalda Tidender (og andre Stykkje) um Aalmugeskulen, Folkehøgskulen og Amtsskulen; ledige Lærarposter m. m.  Hellest vil det som fyrr innehalda: Utgreidingar um ymse Ting, Politik, Reise- og Naturskildringar, Forteljingar, Segner, Dikt, Rispur o. d.  Gode Menn er med og skriv.
 
Bladet er enno aa faa fraa Nyaar 1878.
 

 

Frå Fedraheimen 06.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum