Kristiania, den 6te April 1878

 
Storthinget.
 
Onsdag. Eit Regjeringsforslag um, at Fredriksstads kommunale Middelskule skulde gjerast um til offentlig Middelskule hadde Kyrkjenemndi ikkje gjenget med paa, men vilde hava Statstilskottet uppsett fraa 2400 til 4000 Kr. Steenlagde fram eit Motforslag um, at Skulen skulde verta Statsskule med Rektor, 3 Adjunktar og 4 Klasselærarar og faa eit 2708 Kr. stort Tilskott, mot at Kommunen sjølv lagde til 3600 Kr. og skaffad Hus og Skulegreidur. Fyre Steens Framlag vart det sagt, at Fredriksstad hadde gjort so mykjet fyr Skulen sin, at det kunde hava som eit Krav paa at Staten vilde taka seg av den, daa det tilmed fyr ein kommunal Skule var vandt aa faa fat paa flinke Menn elder iallfall aa faa hava deim lenge. W. Dahl meinte at um Skulen vart umgjort til Statsskule, var det som ei Fyrebuing til aa faa Gymnasi der med; han framsette ogso Forslag um ein Realgymnasi, men tok det straks attende. – Fyr Innstillingi vart det haldet fram, iser av Jakob Sverdrup at dei kunde ikkje byrja med det aa gjera dei komunale Middelskularne um til Statsskular; var det ein By som fekk det, vilde det koma mange og søkja um det. Det maatte setjast ei Grendsa, soleids meinte han, at berre der, det attaat Middelskule ogsaa var Gymnasi, skulde det vera Statsskule, og Johan Sverdrup trudde, det var rettaste baadde med Middelskular og Gymnasiar, at dei var kommunale, um det var Raad til det. – Innstillingi vart vedteki med 73 Røyster mot 36, som var fyr Steens Forslag.
 
Thorsdag. Til Reisepengar fyr Lærarar ved dei høgre Aalmenskular hadde Nemndi innstelt 8000 Kr. Bentzen tok upp Mindretalets Forslag 4000 Kr. Steen,Aschehaug og Taraldsentalde fyr Innstillingi, som vart vedteki med 58 Røyster, 48 Røystad fyr Benzens Forslag. – Det meire som vart fyr seg havt var berre Smaasaker, Innstillingar fraa Kyrkjenemdi og Vegsnemndi, som det ikkje vart nokot vidare Ordkast um.
 

 

Frå Fedraheimen 06.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum