Utlandet

 
Den danske Riksdagen slutad Laurdagen den 30te Mars. Den 26de vart Finanslogi fyr 1878-79 endeleg vedteki. Ho er tilkomi paa den Maaten, at baade Regjeringspartiet og det nye Vinstrefleirtalet i Folketinget hev sleget nokot av kvart paa si Leid. Fleirtalet hev gjenget inn paa aa lata til myket av det, som Regjeringi kravde til Herstellet, og som det fyrr hev negtat; derimot hev Regjeringi og Landstinget lotet funnet seg i, at det vart negtat Tillag til Universitetet og ein Deil nye Kanonor aat Sjøfestningarne. Finanslogi vart stadfest av Kongen i Statsraad den 29de Mars. Vinstreflokken i Folketinget, som etter Vali i 1876 raadde yver 74 Røyster, er no kløyvd i tvo Flokkar: ein "moderat", som er viljug til aa tinga med Regjeringi og Høgre paa 42 Medlemer, og eit stridare Vinstreparti paa ein 30 Mann; Høgre hev ein 28 Medlemer.
 
Millom England og Ryssland stend det korkje verre elder betre. Daa Lord Derby gjekk ut or Riksraadet, vart det aalment teket fyr eit visst Mark paa, at det skulde bera ihop med det same; dette viste seg ogso strakst paa Pengemarknaden, som er den gløggaste Gradstokken i den Vegen, i det at alle Statspapir, iser dei rysske og austrikske, fall i Kurs. Nokre Dagar etter, daa det var kunnigt, at Lord Salisbury og ikkje Lord Lyons skulde verta Derbys Ettermann, gjekk dei nokot uppatter, det syntest altso aa vakna ei liti Von um, at det enno kunde koma til ei fredleg Løysning. Men kor som er, so driv dei Tilbuningi til ein Herstrid med all Kraft paa baade Leider. I England er Reserven innkallad. Det køyper og byggjer og bur til Føringsskip og Orlogsskip. 14 store Herskip skal liggja ferduge i Porsmouth, og 8000 Mann skal vera reide til aa skipa inn. I Nordamerika er det kjøypt upp ei stor Mengd med Hestar som skal førast yver til Europa. Krigsministeren Hardy hev kjøypt 4 Hundrad-Tons-Kanonor fraa Armstrongs Verkstad, og han skal vera tenkt paa aa skaffa endaa sværare Skotvaapen. Samstundes held Ryssarne fram med aa draga sine Herar saman, og dei lagar seg paa eit lengre Upphald i Rumelia. Paa Verki ved Tsjorlu arbeidest det Natt og Dag. Den nye Hamne-staden ved Svartehavet, Batum, strævar dei med aa gjera til ein fast Stad. Festningsverki i Odessa styrker dei av all Magt. Gjetordet um eit Sam-band millom Ryssland og Turkiet vinn meire og meire Tiltru, endaa det er eit sterkt Parti i Tur-kiet, med Riksraads-Formannen Akmed Vesik Pasja til Hovud, som vil, at det skal ganga i Lag med England. Det hev ogso voret fortalt, at Ryssland, med elder utan Samtykkje fraa Porten, skal ha hersett Høgderne ved Bujukdere, eit Stelle, som ligg ved Bosporos ei Mil fraa Konstantinopel, og som skal vera mykje vigtugt fyr Herredømet yver detta Sundet; men denne Tidende er no meir uviss. Storfyrsten hev gjort eit Par Vitjingar i Konstantinopel, og Sultanen hev fagnat honom "hjarteleg," er det fortalt. Dette er kannhenda nokot, som tyder paa, at eit Samband millom dei fyrre Fiendar er i Gjerdom. – Kongressen er det knappt meir Tal um. Derimot gjeng det no um Dagen diplomatiske Raadleggjingar og Tingingar fyr seg i Wien. Den rysske Generalen Ignatief og den engelske Utsendingen Elliot kappast um, kven som kann draga Austrike-Ungarn yver paa si Sida. Det stend sakte myket paa Utfallet av desse Tingingar, anten England kjem til va byrja Krigen elder ikkje.
 

 

Frå Fedraheimen 03.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum