Skule og Upplysning.

 
Framlaget til Log um Bygdemaal i Landsskulen lyder:
 
§ 1. Som Lærebøger i Kristendomskunskab maa kun bruges de af Kongen autoriserede. Med Beskaffenheden af Lærebøger i de øvrige Fag samt Læsebøger og andre Læremidler føres Tilsyn af Stiftsdirektionen, der gjenem Skoledirektøren og vedkommende Sognepræst og Skolekommission ogsaa har at paase, at Undervisningen i Almuskolen saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talesprog. § 2. Denne Lov træder i Kraft fra 1ste Januar 1879, fra hvilken Dag § 83 i Lov om Almueskolevæsenet for Landet af 16de Mai 1860 sættes ud af Kraft.
 
Eller: Lov om Almuskolevæsenet paa Landet af 16de Mai 1860, dens § 83, skal herefter lyde saaledes: Som Lærebøger i Kristendomskundskab osv. som ovenstaaende § 1.
 
Fraa Mandalsdalen (Brev). Maalsaki hev Vener her med, um enn faae. Det er nok mest Skulelærarar og Amts- og Folkehøgskulegutar. Saki hev nok ei Framtid her.
 
Trongen til Kunnskap er ikkje liten. Det er til Folkehøgskularne og Amtsskularne Ungdomen dreg. Dei sidste trur eg ikkje er so galne endaa, som sumt Folk segjer, væl aa merkja naar Lærararne er som dei skal. Og um tvo av dei fjore "Amtsskulemeisterann" vaare (Stoveland og Halvorsen) trur eg fyr visst, at det er Folk med klaart Syn fyr, kvat Folket treng. Dei hev au gjort mykje godt fyr Folksens Framgang i Upplysning. Slike Folks Gjerd skal me ikkje misagta. Dei tvo andre kjenner eg mest ingen Ting til.
 
Med Aalmugeskulen "gjeng det so att og fram som fyrr det heve gjenget." Skal det verta nokot av honom, som duger, so maa nok Storthinget taka seg av honom. Tri Ting trengst framfyre alle andre:
 
Eins Lønfyr heile Landet. Hell aa stryk dei gode Lærarar stødt ifraa oss.
 
Længre Skuletid. Paa 9-12 Vikur kann Ein ikkje gjera nokot tilgagns.
 
Utdaningskursus fyr Lærarar. Desse Folk maa av og til faa koma ut og friska paa seg og læra paa nytt; dei treng um det, naar dei ikkje skal kovna i sitt tunge Stræv.
 
U. Ø.
 

 

Frå Fedraheimen 03.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum