Skildringar fraa Italia.

 
(Ved Kristofer Janson).
 
[Del 20 av 25. Fyrste delen.]
 
VI.
 
Fest paa Missionsskulen. Hovudet til Mathæus. Paa Folkekomedie. Karnevalet og Jødarne. Ei Likstemna. Daudingkyrkja hjaa Kapucinom. Messa i Koliseum. Herbyrget til St. Johannes. Marietta.               
 
Framhald.
 
 
Høyr for ei underleg Murring upp i Gata. Det høyrest mest som ein hol Song, og det kjem nærre og nærre. Det er ei Stemna (Procession). Fyrst kjem det Munkar i brune Kyrtlar med Bøker i Henderna. Dei lesa og syngja. So koma Likberararne, klædde fraa Kvervel til Iljar i kvite Lakan, so berre Augo stinga fram fraa tvau runde Hol. Dei hava Vakskjertor i Henderna. Dei, som er lengst att, bera paa Akslerna ei Seng, og der ligg ei ung Gjenta elder Kona daud men ovlega fager. Ho er klædd som Brud, og Brudfloret er lagt upp aat Munnen, so ein berre ser Helvti av Andletet. Dei svarte Augnabrunerna og Augnahaari teikna seg so kvasst av paa den marmorbleike Hudi. Ho laag med Hovudet bøygt, som ho sov. So skrida dei frametter Gatorna. Munkarne murra og lesa, Gateguttarne trengja seg fram og vil fanga Vakset, som dryp fraa Kjertom, sume bøygja Kne, - og gjenom Folkehopen, som stanar paa Gata og tagnar fyre Dauden, let det som ein Sukk: "povera giovanetta!" che bella! (stakkars Ungdom! kor fager.) Ved Fontana Trevi stend det ei Kyrkja. Der gjekk dei inn med Likbaara. Kor underlegt alt er hernede! Liv og Daude, alt verd framsett og gjort vænt paa eikor Vis med Heidersstemnor og Stas. No vardt det her boret gjenom Gatorna eit aalvorsamt Bod um Daude, og Folk stanad og tagnad; men snaudt nog var Likbaara framum, so slo Livsbylgjorna atter i Hop, dei log, dei staakad, dei gjekk til sin Handel og sitt Kjøpmanskap. So kjem Dauden ein Dag til deim og segjer: "her er eg, hugsar du inkje, eg sende Bod og bad deg halda deg ferdug?"
 
Aldri hava desse Motsetningarne millom Liv og Daude, alt liksom gløypt av Kunsti, stunget seg so kvasst fram som i Daudingkyrkja til Kapucinarmunkom. Kyrkja er kjend nog. Det er der, det vidgjetne Bilætet av Guido Reni stend, den heilage Mikal, som vinn paa Draken, og som Andersen nemner i "Improvisatoren." Ellest er Kyrkja som dei fleste andre mindre Kyrkjor her. Vil ein hava nokot framifraa, lyt ein ganga ned i Kjellaren, som er gjord til Kyrkjegard. Strakst ein kjem ned i desse smaae Rom, undrar ein seg paa, kor fint alt er utkrotad. Veggjerne og Taket er prydde med Stjernor og Bordor og Kransar og Blomar, alt ihopsett med den finaste Smak, som var det Mosaik. So kjem ein nærmare og ser, at altsaman er – Mannabein. Dei er kvitleitte og sjaa mest ut som Gips. Dei digre Bordorna, som lyfta seg fram, er gjorde av Mannahausar og Mjødmeskaaler; Laarbeini er Sulerader, og alle dei finaste Utkrotingarne er Fingartuppar og Taatuppar. Det er skræmelegt at tenkja seg! Ja endaatil Ljoskruna er gjord av Mannabein, og Ljosi verda nedstungne i dei hole Beinpiporna, naar her verd lesi Messa. So er det rundt ikring Veggjom bygt smaae, halvrunde Beinhus elder Grop (Nischer), og der standa daa heile Beingrinder av Munkar, sveipte i deira brunsvarte Kyrtlar, og med Daudingandletet grinande fram under Hetta. Sume kvila som sovande med krosslagde Hender, andre standa rake og stiga liksom fram imot deg med ein Kross i Hondi, so snart du tred innum Durstokken. Paa sume sit endaa Haar og Skjegg. Tenk deg hernede, naar Salmesong tonar fraa Kvelvingom, Røykelseskyi sviv imillom Daudingabein, og Messa verd lesi fyre alle desse Beingrinder, som standa lydande i Kraaom, medan unge blømande Gjentor, Møder med raudleitte Born paa Fanget, sterke, skjeggjutte Menner standa stydja seg uppimot Daudingahausar og liksom kvila i Fanget deira; naar du ser kringum deg utklædde Daudingar standa med opne Armar og svinga Krossen som Herskarstav her i Riket sitt, og du so paa same Tid høyrer Livsens Ord strøyma til deg. Detta kann du faa sjaa "Allehelgensdag," daa er her Gudstenesta i Daudingkyrkja. Daa er vel Daude og Liv sette mot kvarandre, Kunsti vil sona og blidka det fælelege i Dauden, og Livet bøygjer seg audmjukt innunder Krossen, som Dauden held i Hondi.
 
Det gjekk ein ung, frid Munk med oss og skulde syna oss ikring. Han var visst inkje tjuge aar, saag frisk og raud ut, og hadde dei kvitaste Tenner, eg heve set. Han fortalde, at alle desse Daudingarne hadde voret nedlagde i Mold fraa Jerusalem, som hadde den Eigenskapen at tæra Kjøtet fraa Beini og suga i seg all Utev. Etter eit Par Aar vardt dei uppatter tekne or Gravi og uppsette her etter Veggjerne, og so vardt nye nedlagde. Det var underlegt at tenkja paa, at han, som no gjekk og rødde med oss so ung og frisk, at han og ein Gong skulde standa paa Rad her i Kyrtlen sin med grinande Daudingandlet, og so Ætti, som daa var, skulde ganga og stira paa honom som me no stirte paa hine. "Her kvila mange her," sagde han, "baade fraa Italia og Tyskland og Frankrike og Engelland, ja fraa Lom- bardiet 1) med, for no rek Viktor Emanuel Brøderne paa Dør, og so koma dei til oss, og me taka mot kven som kjem, solenge Rom er til. Men lat honom jaga deim", lagde han til med Smil, "Brøderne skal aldri døya burt likavel, for det heve vaar Herre Jesus Kristus sagt til St. Franciskus, at solenge Heimen stend, skal Munkarne og standa, og det skal inkje finnast den Tid, daa inkje ein i det minste vil giva deim eit litet Braud." Han var so varm og so sterk i si barnlege Tru denne Munken, at eg kann inkje segja, kor glad eg vardt, og kor glad eg endaa er i honom. Hans Andlet skal eg aldri gløyma, det var eit av dei beste og reinaste Minne fraa Italia. Desse Kapucinermunkarne saag godt ut flestalle, sterke, rakvaksne Folk med brunt og graatt Skjegg. Sume saag so blide og koselege ut, soleides han Gamlen, som kom upp til meg med ein stor, grøn Regnhatt under Armen og bad um ein Skiling til Olje aat Madonna, og so baud meg Snusdaasen sin til Takk. Dei var ogso velvyrde Folk desse Kapucinermunkarne, eg høyrde inkje meir enn ein Meining um det. Klostret liver av Olmosor, og likavel giva dei daglega ei Mengd med Fatige Mat. Klokka 12 sit Fatigfolket med Klosterporten; so koma Brøderne ut med Velling og Braud til deim. Ellest er det inkje berre Fatigfolk, som søkja til Kapucinarne. Kona, som eg budde hjaa, fortalde, at unge Møder, som søygja Borni sine sjølve men inkje hava nog til deim, dei ganga til Kapucinarne og tigga um ein velsignad Braudbite, for det skal gjera Under i den Vegen, meina dei. Eg høyrde fleire Vendor Kapucinarne preika i Fastetidi, og det var Gutar, som kunde leggja ut. Dei skjelte so paa Chignoner (store lause Haarpungar, som Kvinfolket ei Tid lagde paa Hovudet sitt) og Sprikestakkar, at Kvinfolket sat og ytte paa Benkjom og lagde av seg denne falske Stasen, strakst dei kom heim. Og so tok dei honom paa atter 8 Dagar etter.
 
Ein Gong høyrde eg slik ein Kapucinermunk tala nede paa Koliseum, denne uhorvelege Leivingi etter det store Skodespilhuset, som Keisar Vespasian bygde og som kunde taka 80,000 Mann. Kor mange kristne er inkje her sundslitne av ville Dyr? No er det Kristendomen, som er Herskar her, Koliseum er ei Kyrkja, og ein stor Kross er fest midt paa Plassen, der Kristenblodet rann. Den blaae, skire Himmelen er Taket paa Kyrkja; Vidvendel, Klengegras og grønt av alle Slag hanga som Frynsor og som Dukar nedetter Kyrkjeveggjerne, isprengd med gule Blomar, og vilde Duvor fljuga fraa Mur til Mur og tunna seg i Lufti.
 
1) Nord-Italia.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 03.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum