Rispur.

 
Paa ein Skule fekk Gutarne den Uppgaava aa setja Teikn til ein Diktat, som Læraren las upp. So var det ein, som ikkje hadde noko Greida paa detta; men tilslut fann han paa Raad. Fyrst skreiv han upp Stykket fyrutan Teikn; men nedanunder sette han upp ei Mengd av alle dei Teikn han visste, og so skreiv han, at no kunde Læraren sjølv setja dei inn der han totte det var laglegt.
H. B.
 
"Kvat heiter du, Guten min?" spurde Skuletilsynsmannen ein Gut paa ein Skule i Tyskland. "Hannes heiter eg," svarad Guten. (Paa den Staden brukar dei "Hannes" istadenfyr Johannes; men det visste ikkje Tilsynsmannen um). "Du meiner væl Johannes," sagde han til Guten. "Hannes heiter eg," tok Guten uppatt. "Nei visst, Gut, retteleg heiter du J o hannes," og slik maa du skriva deg au." "Eg heiter Hannes!" ropte Guten og saag Tilsynsmannen hardt i Augom; han vilde ikkje vita av nokot Vas! No vart Tilsynsmannen vond. "Naar eg segjer deg, at du heiter Johannes, vil du so tru meg elder ikkje?" "Eg heiter Hannes lel, eg," meinte Guten. "Og eg segjer deg, du heiter Johannes!" ropte Tilsynsmannen og drog til Guten under Øyrat, so det berre song. Guten til aa graata.
 
No snudde Tilsynsmannen seg til den næste Guten og spurde, so blidt han kunde: "Men du daa, Guten min, kvat heiter du?"
 
Guten gjorde seg blid, endaa han mest skalv av Rædsla -: "E – eg heiter Jo-Peter!"
 
Medan Torsteinsruden tente hjaa Presten, var det ein Sundagsmorgon han skulde stad aa finna Merri; Presten skulde aat Kyrkja. Torsteinsruden kom att og ingi Merr hadde funnet. "Kor sette du Merri igaarkveld daa?" spurde Presten. "Aa, eg sette ho beint unde' ein Skyfloki, eg; men no er baade Merri og Skyfloken burte!"
 

 

Frå Fedraheimen 03.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum