Meir om Prestarne

 
(Fraa Ryfylke.)
 
Eg høyrer dei klagar yver, at "Fedraheimen" hev so mykje aa segja paa Prestarne vaare; men eg kann ikkje koma ifraa, at Folk som tek paa seg slikt eit Yrkje som det prestelige, dei maa hava nokot annat og meir aa tenkja paa enn t. D. det, kor mykje der kann pinast ut av Prestgarden. – Her reiste ein Prestemann ifraa Ryfylke i Aar, som hev vist seg som ein gasta Jorddyrkar. Prestgarden er stor og god, og fyr 5 Aar sidan fekk Presten eit helder stort Laan til Uppdyrking av Garden. Detta Laanet skulde vera rentefritt og avdragsfritt i dei fyrste fem Aar; men i dei andre fem Aar skulde heile Laanet greidast baade med Rentur og alt. Sovidt eg veit er det i Aar det femte og sidste rentefrie Aaret. Det vøre styggt aa tru, at Presten strauk sin Veg fyr aa sleppa dei 5 turre Aar etter dei fem feite; men so mykje vil eg daa segja, at dersom han no let ein Annan, kanskje ein gjeldbunnen Kryp, betala fyr seg, so burde han iminsto ikkje vera Prest. –
 
Men at no Ingen av detta skal tru, at eg er ein "Prestehatar," so vil eg no fortelja um ein annan Prest or desse Bygder, som er reint ein Motsetning til hin.
 
Fyrste Gongen eg saag denne Mannen, ein høg, stiv Kar var det, daa var han Lærar i ein By, og eg tok daa, sannt aa segja, den Tanken um han, at han var likso kaut som han var staut. So vart han Prest i ei av dei vænaste Bygder paa Vestlandet – og dei kann vera væne, desse Bygder, det maa Austlendingen lita paa! – men det vart Prest, det.
 
Annekskyrkja i detta Gjeldet laag langt fraa Prestgarden. Daa no Presten saag, for eit Bry det var og for ei Tid det tok fyr Lesarborni aa koma or Annekssokni og til han, so tenkte han det var meir rimelegt, at han kom til dei. Detta likte Folket, kann du vita, og so vilde dei daa iminsto skjytsa Presten. Det gjekk til Baats detta, og naar der ikkje var Lesarar nok til aa ro, so sette Presten seg sjølv til Ryggjar; ein stor sterk Kar var det no. Detta totte Folk var ein utifraa "gjemeine" Kar. Dei totte dei kunde beda han um kvat dei vilde. Der kunde Kvinnfolket hava ei Ærend til Fargaren; denne Hespelen skulde t. D. fargast raud til Rond paa Kari sin Stakk; - so bad dei Presten taka Hespelen med til Fargaren, som no var Prestens Granne; og Fargesetelen maatte daa helder ikkje verta gløymt. Presten tok Hespelen, han, og var det den fyrste, so vart det visst ikkje den sidste. Detta var alt godt og væl, naar Presten hadde Baat heimantil. Men naar det bles hardt, gjekk Presten yver eit litet Eid, fyr aa sleppa aa ro rundt eit uhorveleg langt Nes; og naar han daa skulde heimatt, so kunde det nok treffa, at han kom dragande med heile Vever, som skulde fargast og vera til "Masionsklær" baade aat hu Madli og han Ola.
 
- "Ja der ser me", vil væl einkvar gamall Presten segja, "tilslut vil dei hava oss til Visargutar!" – Eg trur ikkje, denne Presten vart nokon Visargut, og helder ikkje trur eg, at han tapte nokot av sin Vyrdnad. Men han visste, at det alt kom av den reinaste Truskylda, og han var stød paa, at det fanst ikkje Ein i heile Gjeldet, som ikkje gjerna gjekk ei gamall norsk Mil fyr aa gjera Presten ei Beina.
 
Han er no reist nordpaa, denne Mannen; og eg veit, at der er mange, som saknar han. Men denne vesle Jordbruksmeistaren, - ja, han kann det henda at Ingen saknar.       
 
XI.
 

 

Frå Fedraheimen 03.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum