Kristiania, den 3die April 1878

 
Storthinget valde til Præsident fyr April Essendrop, med 91 Røyster, til VicepræsidentSverdrupmed 92 Røyster, til SekretærBjørnsgaard, VicesekretærHavig. – Dei 12 utgangande Menn av Veljingsnemndi vart attvalde. – I Odelsthinget vart Steen Præsident, Sekretær Skattebøl, Vicesekretær Øverland. – I Lagthinget valde dei Daa til Præsident, Aarflot til Sekretær, Richter til Vicepræsident og Ueland til Vicesekretær.
 
Maandag vart det vedteket at det skulde latast til 2800 Kr. som Løn til ein Kontorchef ved Landbruksdirektoriatet, likeins 1000 Kr. aarleg til ein Styrar av den etnografiske Samling.
 
Storthingets Samlingstid. Kongen hev samtykt i at Thinget er samlat utyver Tidi. Veljingsnemndi hev no høyrt seg fyre hjaa alle Nemnderne um, korlangt dei er komne i Arbeidet, og hev soleids skotet paa, at i tidlegaste Laget kann ikkje Thinget gjera fraa seg dei største Sakerne fyrr i Sluten av Mai.
 
Statslaanet. Etter som det segjest skal alt nokot nær 4 Mill. Kr. av Laanet vera umdeilt til dei ymse Bankar.
 
Kongeleg Avgjerd hev vortet paa det, at Soldatarne ved Fotfolket skal sjaast til faa hava dei same Byrsur og Klæde Aar fyr Aar.
 
Svik. Stempelpapirforvaltar Schøyen skal have vortet sviken fyr 75,000 Kr. av Reknskapsføraren sin B. C. Antonisen. Sin Thorsdag kom han braatt burt, men han vart fakkat upp med Kongsberg, og Maandagskvelden vart han ført til Kristiania. Han var endaa Svigerson aat Schøyen.
 
Delfinbein-funnet i Jordi. Ved Gravning fyr Jarnvegen utmed Holmestrand vart det for ikkje so lenge sidan gravet upp nokre store Bein i ei Leire 137 Fot yver Havet. Dei hev no utfunnet, at det er Delfinbein. Havet maa soleids fyr lang Tid attende hava naadd heilt upp aat dette Stellet, elder Landet hev sidan den Tid, Beini kom dit, stiget 137 Fot i Veret.
 
Skip sokket. Eit stort engelsk Øvingsskip til aa upplæra Matrosar, som var paa Attervegen fraa India, vart ute fyr ein oveleg Snjostorm i den britiske Kanal, og det sokk paa Timen 3 Fjordungar fraa Land. Det var 300 Matrosar um Bord, og det var berre 2, som reddad seg med Livet, dei hine vart rivne med i Kvervilen.
 
Folkemengdi i Kristianiahev etter den 31te December 1877 aukat hosta mykje sidan det fyrre Manntalet 31te December 1876. Daa var det 81,801 Mann, og no var det 106,781, so Kristiania no hev vortet ein Storby aa kalla fyr. Det er væl især det, at so mange nye Luter iaar er innlagde i Byen, som hev gjort, at Talet hev stiget so braadt.
 
Kongen skal midt i Maanaden reisa ned til Tyskland fyr aa sjaa um Drotningi.
 
Ei fæl Sott skal ganga i St. Petersburg. I dei sidste 3 Vikur hev det døydt 60 av 1000 elder 3 Gong so mykjet som i Kristiania.
 
Ny Handelsvare. Ein Husmann i Smaaleni hev funnet paa aa gjera Leirkrukkur, som han hadde narrat Folk med han hadde funnet i Jordi og selt som Fornsaker. Prisen hadde han sett etter som det fall seg, paa Moss hadde han nøgd seg med 3 Kr. Paret, men her i Byen hadde han fenget 36 Kr. Det vardt innsendt til Universitetet av deim og, men der vart der straks uppgreidt, at det var falske Saker.
 
Marmor. Eit Par Menn nordanfyr skal hava kaupt eit Marmorbrot i Nordland, som dei er tenkt paa driva. Det skal vera gott To i dettaMarmoret, med' det som hellest finst i Noreg, ikkje er nokot rart.
 
"Den norske Træskjærerkunst, dens Oprindelse og Udvikling," er Namnet paa ei Bok, som Prof. L. Dietrichson hev skrivet, og som Kongen no hev deilt ut til alle Landets Prestegjeld.
 
Vedret. Det hev voret full Vetter og Sledeføre her no att eit Bil, men dei sidste Dagarne tek det til aa sjaa meir vaarlegt att.
 
Samlag fyr Timberhandel. Nokre Skogeigarar uppved Arendals Vasdragi hev skipat eit Samlag fyr aa driva eigen Timberhandel, so dei sjølve skal merkja Timbret og laga det heilt ferdigt til Utførsla.
 

 

Frå Fedraheimen 03.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum