Utlandet.

 
Krig elder ikkje Krig millom Ryssland og England hev voret det store Spursmaal i den sidste Vika. Usamnaden millom desse tvo Stormagterne hev vortet større og større, og Vonerne um fredleg Avgjerd paa ein Kongress – um so berre fyr ei Tid – hev vortet mindre og mindre. England hev gjort Krav til Ryssland, som dette ikkje hev funnet at det kunde med Æra ganga inn paa, og um enn dei offentlege Tingingar til dessa hev gjenget i nogso fine Ordlag, so stend det no i det Stillet, at me ikkje kann verta forundrade, um Krigsbodi kjem i næste Augneblink. Baade Riki hev drivet sine Tilbuningar i hardaste Tak. At det er nokot i Gjerdom, ser me ogso eit Teikn paa i det, som dei sidste Telegramm fraa London fortel: at Riksraadet er braadt samankallat til Møte, og at Lord Derby hev bedet um Avskil fyrdi Reserven er inkallat. –Austrikederimot hev vist seg venligare mot Ryssland i det sidste; det er trulegt, at det hev latet seg tagga ved gode Lovnadar. Gjeng det no ogso so, som det ikkje er ulikt til, at Turken lyt ganga i Samband med sin Yvervinnar, so ser det ut til, at England vert standande godtsom aaleine. Det skulde daa vera, umRumæningarne, Rysslands gamle Sambundne, gav seg i Lag med deim; men det er vel so, at Ryssen, som stend midt i Landet deira, hev for godt Tak paa deim, til at dei vaagar seg til med nokon Fiendskap mot honom; men Hjartelaget hev dei visst. Til Takk fyr velgjort hev Ryssland haldet deim utanfyre Fredgjerdi med Turkiet, og vil no taka fraa deim det Stykkje av Bessarabia, som det miste i 1856. Dette vil ikkje Rumænia finna seg i, som rimelegt kann vera, og det hev sendt sitt Motlegg til dei europæiske Regjeringar.
 
Tyskland. Til Stillingsmann fyr Bismarck i Rikskanslerembættet og til Varaformann i det prøysiske Ministerraad er Greiv Stolberg Wernigrode utsedd; han hev til no voret tysk Sendemann i Wien. Den prøysiske Finansminister Camphausen hev no endeleg fenget det Avskil, han so lenget hev bedet um; til Ettermann skal han faa Yverborgmeisteren i Berlin, Hobrecht, er det meint.
 
Italia hev fenget seg eit nytt Riksraad under Cairoli; det skal vera sterkt "raudleitt," men det skal vera meint paa aa styra etter Riksskipnaden, som han er.
 

 

Frå Fedraheimen 30.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum