Lysingar

 
Lysingar.
 
Fraa April av
kjem "Fedraheimen" tvo Gonger i Vika. Prisen vert den same som fyrr: Kr. 2, 20 fyr Halvaaret (elder Kr. 1, 10 fyr Fjordungaaret) med Postpengar og alt.
 
Bladet fær daa betre Rom til nokot av kvart; serleg kann det fortelja meir Nytt, so at Folk vil kunna hjelpa seg med Bladet i den Vegen. So fær det og ein fast Skuleartikkel, som skal innehalda Tidender (og andre Stykkje) um Aalmugeskulen, Folkehøgskulen og Amtsskulen; ledige Lærarposter m. m. Hellest vil det som fyrr innehalda: Utgreidingar um ymse Ting, Politik, Reise- og Naturskildringar, Forteljingar, Segner, Dikt, Rispur o. d. Gode Menn er med og skriv.
 
Me vonar no, ut alle, som likar Bladet, elder som daa vil hava eit Maalblad, vil gjera alt det dei kann, baade med Samling av Tingarar og Skriving til Bladet, so at det kann halda fram med tvo Gonger i Vika. Før det maa vera utskilt, at kjem det ikkje Tingarar nok til at Bladet kann betala seg, so skal me hava full Rett til aa knipa det inn att til berre ein Gong i Vika, slik som det er no. Paa andre Vilkor kunde me ikkje vaaga slik ei Utvidking.
 
Bladet er enno aa faa fraa Nyaar 1878.
 
 
Vestmannalaget i Bergen
lovar 100 Krunor fyre den beste ABC-Bok paa Landsmaalet. Handskrifter maa vera innsende innan 1ste September.
 
 
Forskole for seminariet.
For dem, der maatte ønske at gjennemgaa et forberedelses-kursus for seminariet, har undertegnede bestemt sig til at sætte en skole igang, saafremt det fornødne antal aspiranter melder sig. Skolen vil i tilfælde begynde 1ste mai og vare i 2 maaneder og undervisningen foregaa paa seminaret i 4 daglige eftermiddagstimer. – Betalingen, 30 Kroner for det hele kursus af hver elev, erlægges ved dettes begyndelse. Kost og herberge vil være at faa i byen for omkr. 32 kr. maanedlig.
 
Indmeldelser, ledsagede af opgivelse af alder samt vidnesbyrd om kundskaber, indsendes inden 20de April.
 
Kristianssand seminarium 20de marts 1878.
P. A. Skjefveland,
seminarlærer.
 
 
Hugs paa, at dersom Pengarne fyr næste Fjordung ikkje er komne til Sluten av Marts, so vert det Stans i Blandsendingi, til dess Pengarne kjem.
 
 
Symra
– Arbeidars. Tysdag 2 April Kl. 8½.
 

 

Frå Fedraheimen 30.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum