Kristiania, den 29de Marts 1878

 
Kristiania, den 29de Marts 1878.
 
Rikslaanssaki hev det voret eit forfælande Staak um i mest alle Blad. Og dei fleste finn ut, at det som er gjort, er so reint burtiveggjerne galet. Underlegt nok, at desse vise Blad ikkje kom med all den Visdomen sin fyrr, daa det var Tid til det. At dei ikkje las upp fyr Thinget og Jarnvegsnemndi og Budgetnemdi og alle ihop fyrr Saki kom fyre, so Folk kunde visst, korleids dei skulde faret aat! Men nei, heile Visdomen kom - etterpaa. So fær dei og finna seg i, at Folk ikkje trur stort paa den Etterpaa-Klokskapen. Dei fær finna seg i, at det er dei som meiner, at det som er gjort, er likso godt, ja betre, enn alt som desse kloke Blad kunde ha funnet paa. Slikt Braak som dei no held, skræmer visst ikkje mange.
 
Eit blad hev sett fram den Tanken, at me skulde konvertera vaare gamle Rikslaan, d. e. støypa dei um fraa stutte til lange, attaat me tok det nye Rikslaanet paa so lange Skilord som det var Raad aa faa. Dei Laani, me no hev, skal betalast paa ei Tid av 30 Aar og derikring; no skulde dei skipast um, so dei vart paa 60 Aar elder endaa lenger. Dermed vart det mindre aa betala i Avdrag fyr kvart Aar, og det vilde letta paa Utgifterne. Men det er nok ikkje alle, som hev havt Hug paa desse "tabulæ novæ." Beda Laangjevararne um aa støypa stutt gamall Skuld um til lang, meiner Sume ikkje vilde vera korkje fin elder gagnleg Finantspolitik. Men skulde me paa eingong gjera eit nytt langt Laan, og med det greida den gamle Skuldi, so vart nok ikkje det helder so lett. Aa laana i eit Grip 70 Millionar + det nye Laanet paa 31 Millionar, ialt 101 Millionar Kr., det vart eit gasta Tak paa ein Gong. Dessutan er det nok ikkje lett aa faa baade lang Skuld og billeg Skuld; me fekk nok betala den Leiken med baade større Rentur og andre Avgifter. Nei, den gamle Skuldi fær visst vera som ho er. Ho er no helder ikkje drjugare, enn at dei, som liver no, godt kan koma ut med aa greida baade Rentur og Avdrag.
 
Med det nye Laanet er det ein annan Ting. Den bør visseleg setjast so lang som det er Raad til. Men med Avsyn paa den meiner me, at Thinget hev gjort alt som kann gjerast. Det er skillegt og tydelegt sagt, baade av Formannen i Jarnvegsnemdi, Hr. Sverdrup, av Hr. B. Haugland og, um me skynar rett, av Hr. T. Aschehoug med, at det maa verta gjort alt, som gjerande er, til aa faa dei 31 Millionarne paa so lang Tid som mogelegt, helst paa heile 60 Aar elder tvo Mannsaldrar. Men skulde det vera raadlaust aa faa Laanet paa slike Vilkor, so fær me no ikkje verta sansalause fyr det. Me fær taka Tingen med Ro og bua oss etter dei Høve som bydst. Det er Uraad med det.
 
I Grunnen kjem heile Uppstyret av, at Folk er so skræmeleg rædde fyr Innkomeskatten. Fyr den vrid dei seg, liksom det var Digerdauden som var ventande til Lands. Dei vil gjerna have Jarnveger; men dei vil hava dei kostnadslaust. – No, det er sannt nok: kunde me sleppa Skatten i Aar, bil Tiderne er so harde, so var det visst væl. Men i det Heile trur me ikkje, at det er vidare Vit i aa strida so imot denne Skatten. Dei hev honom i alle Land, og han kjem til oss med, dersom me daa ikkje vil gjeva oss yver og stogga all Framgang i Landet. Dei segjer det var Utorv aa byggja Vossebanen, Jarlsbergbanen, tvo Linur gjenom Smaaleni o. s. fr., og at det er detta, som er Skuld i, at Rikspeningen no stend som han stend. I detta er der altid nokot sannt, helst naar Ein tek med den Maaten, som Banebyggjingi vaar vert styrd paa. Men ikkje trur me, det vilde voret rett aa negtat Vossebanen elder Jarlsbergbanen, og endaa mindre rett vilde det vera aa leggja Aarerne upp og sluta med Banebyggjingi. Ein fær strika paa Seglet; men det vilde vera det største Uskil mot dei ymse Landsbolkar aaslutano. Og dermed lyt me hava Skatten; det er Uraad med det. Dei kann knipa inn alt det dei vil paa Utgiftspeningen, setja upp Tollen paa Kaffi, Sukker, Olje og Tobak so langt dei vaagar, og gjera Riksskuldi so lang dei kann faa henne, - me maa do hava endefram Skatt, - Innkomeskatten.
 
Og sannt aa segja, so døyr me ikkje av den, me meir enn andre Folk. Det norske Folk vil venja seg til Skatten, og det vil snart skyna, at det hev ein liten endefram Skatt mangdubbelt att med Jarnveger utyver heile Landet. Set Skatten so laag som Raad er; det maa Ein altid krevja; men hugs, at Innkomeskatten er det einaste som duger i Lengdi, so sannt Landet skal ganga fram.
 
Det er og ein annan Ting med denne Innkomeskatten, som gjer, at han kann vera verd aa hava. Han høyrer med i Rikslivet. Folket gjev seg sjølv Loger; det maa ogso leggja paa seg sjølv Skattar; fyrst daa kann me kalla Landslyden eit Folk. Landslyden no er utbytt i Stand, som kvar gjerna vil kara til seg det dei kann faa, men bryr seg litet um dei andre, elder um det Heile. Detta er illt. Lat oss faa den einaste fullt rettvise Skatteformi, som finst, Innkomeskatten (etter Kvotitets-elder Procentsystemet), og lat so alle, som gode Borgarar og Lemer av eit og same Samfund, taka sin Taatt i honom og gjera kvar Mann Rett og Skil. Dessutan: sjølve Skattelikningi og Skattejamningi vil vera ein god Skule fyr Landsens Folk. Denne Skulen vil etter kvart skapa Rettferdskjensla og ein aalmenn Moral, som vil vera betre enn Handelsmoralen; han vil hjelpa til aa tyna Bygdeaanden og Standsaanden og læra Folk upp til aa hava Syn fyr Samfundet og Riket, og han vil venja dei til aa vera meir med i alt, som høyrer Landsens Stell og Liv til. Skattejamningi, og so Jarnvegerne, vil vera tvo store Uppfostringsmagter til aa gjera Folket til eit vakset Folk; og det er betre, at eit Folk er vakset og brukar Pengar, enn at det er ein Muge av Umynduge, som ligg nede i Armodsdom og Mødeskap og ikkje brukar Pengar, av di det ingi hev.
 

 

Frå Fedraheimen 30.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum