Fraa Dyreheimen.

 
[Del 1 av 5]
 
Fraa Dyreheimen.1)
 
I
 
Hev Dyri Vit? Kann dei tenkja? Kann dei døma og draga Slutningar? Kann dei gjera seg upp Fyreset og tenkja ut Maatar til aa setja desse i Verk?
 
Detta er Spursmaal, som Folk hev grundat paa baade lengje og vel. Meiningarne um Saki er enno ymse, og ofta reint motsette.
 
Sume segjer: Mannen (Mennesket) aaleine hev Vit. Alt, som Dyri gjerer, det gjerer dei ikkje av nokon Ettertanke, men berre av di dei ernøyddetil det. Deikannikkje annat. Liksom du, naar Ein hotar mot Andlitet ditt, illsnøggt let att Augo mest utan at du sjølv veit av det, soleids byggjer Fuglen sitt Reid og bræder sine Egg o. s. fr., utan aa hava nokon Tanke med det. Hanmaagjera so, og veit ikkje kvifyr han gjer det. Og liksom Steinen trullar nedyver ei bratt Bergsida, fyrdi han ikkje kann halda seg liggjande paa ein slik Stad, soleids flyg Svala um Hausten til dei varme Land, av di ho ikkje kann vera her um Vetren, - ho drivst av ei umotstandeleg Naturlog.
 
Andre meiner nokot annat. Dei trur, at Dyri hev Vit likso væl som Mannen. Skilen paa Mann og Dyr kjem daa helst til aa liggja i kroppslege Ting. Mannen hev ei Tunga, som er slik lagad, at han kann tala; han hev tvo Hender, som gjer honom før til Mangt, som korkje Fjorføtingarne elder Fjorhendingarne kann. Naar ein Flokk Hjort skal aat Bekkjen og drikka, gjeng ein gamall Hjort fyre og held Utkik. Og ettersom han finn Vegen trygg elder utrygg, so skrik han attende til dei hine, og dei anten kjem daa etter, elder stend kurre og ventar, elder flyr avstad i full Fart. Det maa daa vera tvillaust, at Dyri her kann leggja ei Meining i Mælet sitt og verta forstandne av kvarandre. Men dei kann ikkje gjera det so godt som Mannen; for han hev betre Talegreidur; dei kann berre segja kvarandre dei alra enklaste Ting, men ikkje fortelja um sine Røynslur og Merkingar. Dermed kann ikkje det eine Dyret læra av det andre; kvart Dyr man taka paa fraa nyom. So vantar dei den upprette Gonga paa tvo Føter, og desse hage Fingrarne. Dei kann ikkje gjera seg Kjerald og Verkty som me, og dermed misser dei og ein god Skule.
 
- Millom desse tvo Utendar av Meiningar ligg det tallause andre, som ikkje gjeng so vidt. Dei lærde hev alt fyr lengje sidan gjort Freistnadar med aa koma til Klaarskap i Tingen. Daa Karl V var Keisar, var der hjaa Kong Ferdinand av Ungarn ein paveleg Utsending (Nuntius) som heitte Hieronymus Norarius; han skreiv ei Bok um denne Greida og prøvde aa visa, at Dyri ikkje aaleine hadde Vit, men at dei og brukte Vitet sitt mykje betre enn Mannen gjerer. I 1723 skreiv Professor Dr. Ribec i Helmstadt ei Utgreiding "Um Dyresjæli," der han fekk ut, at Dyri hev baade Medvit og Hugleik og alle dei Lyster og Hugdrag, som Mannen hev; men han tvilad paa, um dei kunde hava det rette Mannavit (Tanken) og Fridom og Dygd. Tjuge Aar etter skreiv ein Mann, heitte Winkler, ei filosofisk Bok um det same; han meinte, at Dyri iminsto maatte hava ein Grad av Mannavit.
 
Jamnaste segjer Folk: Dyri hev ikkje Vit; dei hev berre ei Naturdrivt (Hugskot, "Instinkt"), som driv dei til aa gjera det dei gjerer, utan at dei tenkjer etter kvi dei gjerer so. Dei kjenner paa seg, at so og so maa dei gjera, og so gjer dei det. Naturen krev Samspil og Jamvigt millom Livet og Livsvilkori: kjem det ei Umkompling i denne Jamvigti, so drivst Dyret av sjølve Naturen til aa retta paa Mishøvet. Fuglen, segjer Oken, vert driven til aa flytja av baade innvortes og utvortes Grunnar. Den innre Grunnen er, at han er ferdig med Forplantningsyrket sitt. Den ytre Grunnen er, at han finn mindre Næring; at det vert mindre varmt enn det skulde vera; at "Ravkrafti" (Elektrisiteten) i Lufti er forandrad; at Sunnanvinden stend hit med eit lindare Luftdrag og med passeleg Elektrisitet, og at Soli med sitt Ljos og sin Verme stend i Sud. Detta driv og dreg Fuglen fraa Nordlandi og sudetter. Paa same Maaten med Heimferdi att. Paringsdrivti aukar Blodvermen; Hiten i Afrika vert utolande; Næringi minkar fyr Skuld Turken, og Nordanvinnen stend inn yver Landet svalande og frisk -: Fuglen dregst nordleides. Dei ymse Hugskot hjaa Dyri er mange, baade til aa vera sløge og mangfreistne i Matstrævet sitt, og til aa verja seg mot Fiendar, og til aa hava Umsut fyr Ungarne sine; dei hev og ein stor Kunstsans i Reidbyggjing og Holegraving og Vevspinning og mangt slikt; men allstødt kjem det seg av denne same Naturdrivti etter Samspil og Jamvigt millom dei livande Vokstrarne og den Naturen, som dei liver i.
 
Dei mange forbinelege Gjerningar og Aatferder, som me ser hjaa Dyri, og som ofta fær oss til aa tru, at dei maa hava Vit, forklarar Ein daa paa denne Maaten: Eit Skordyr ("Innsekt", som Fluga og slike) legg stødt sine Egg paa slike Stader, der Ungen, naar han kjem fram, kann finna si rette Næring. Men daa no Skordyret, t. D. Fluga, aldri hev set, at det kjem Ungar ut av desse Egg, og daa ho dessmeir ikkje veit, at der er Liv i Egget, so kann det ikkje vera nokon Ettertanke, at ho legg Eggi just der og ikkje ein annan Stad; ho gjer det einast av Naturdrivt. – Høna, som fyrste Gongen hev vorpet, veit ikkje, at der i Egget er Emne til ein Kjukling, og at det Emne skal utviklast ved Verme; ho kann altso ikkje tenkja: "Eg vil verma upp detta Egget og dermed gjeva den Kjuklingen Liv;" nei, ho legg seg paa Egget berre av di ho kjenner ei Drivt til det, plent liksom Mannen et, naar han er svolten, utan fyrst aa tenkja etter, kvifyr han et: han maa eta, og so et han. - Vevkjeringi tenkjer ikkje som so: "Eg vil fanga meg ei Fluga; men daa eg ikkje kann fljuga, vil eg spinna meg eit Net, som Fluga skal verta hangande i; daa kann eg taka henne og suga henne i meg i all Mak;" – nei; ho hev enno aldri smakt Flugeblod, ho veit ikkje oss det smakar, dihelder; ho spinn sin Vev av ei Drivt, som ho sjølv ikkje skynar; og naar so Veven er ferdig, og ho ser Fluga hanga der, so legg ho til og sugar henne ut, - av di ho kjenner Hunger.
 
( Meir)
 
1) Dr. Karl Oppel: Thiergeschichten.
 

 

Frå Fedraheimen 30.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum