Det norske Samlag.

 
Det norske Samlag hev i Aaret 1877, etter Aarslista, umsendt: Heimskringla II (21 ½ Ark), Sterke-Nils av Jørund Telnæs (4 ½ Ark), Gudelege Smaabøker I (1 ½ Ark), Fraa By og Bygd (12 Ark), ialt 39 ½ Ark. "Norske Fornkvæde og Folkevisur" I ved J. M. Moe og Ivar Mortenson vert umsende i Aar (1878). Inntekterne hev voret Kr. 3432,89; Utgifterne 3237,29; i Kassa ved Aarsenden: Kr. 195,60. Samlaget hev gjenom Hr. Alb. Cammermeyer, Hovudkommissionæren sin, fenget Høve til aa leggja fram alle sine Forlagssaker paa Utsyningi i Paris i Sumar, saman med den andre Bokavlen fraa Norig.
 
Medlemstalet var i Fyrsten av Aaret ikr. 500. Det vaks etter kvart til ikr. 760. Ved Aarsenden synte det seg, at ikr. 140 ikkje hadde betalt Aarspengarne fyr 1877. Det sanne Medlemstal ved Aarsenden var soleids ikr. 620. No er det altid nokot meire.
 
Til næste Aar er ventande: 3die Boki av Heimskringla, Dikt av J. Telnæs, Gudelege Smaabøker II o. m. Nye Samlingar av Folkedikting hev Styret Von um aa faa i; ei liti Eventyrsamling ved Kr. Janson er ventande i Aar. Daa Heimskringla I er utseld, er det Tanken aa faa henne ut att i nytt Upplag, snarest det vert Raad.
 
Fyr aa halda Greida paa Betalingi av Aarspengar, hev Styret stelt det soleids: Aarspengarne vert innkravde i 1ste Helvti av Aarei. Kjem dei ikkje daa, stansar Boksendingi so lengje. Men er det Ein, som ikkje betalar i 2dre Halvaaret held, so vert han ikkje reknad fyr Lagsmann i det nye Aaret. Dessutan vil Styret heretter i Fyrsten av kvart Aar prenta og umsenda Lista yver Lagsmennerne fyr det Aaret som var, med Kvittering fyr dei, som hev betalt sine Aarspengar.
 
Styret no er: Student Garborg (Formann), Stipendiat Ross og Sekretær Hølaas. (Um Suppleantar elder Varastyrarar sjaa f. No.) Domsnemnd er: Ivar Aasen, Professor Unger, Redaktør Berner og Dr. E. Blix.
 
Um Utgjevingi av Vinjes Skrifter vart det i Aarsmøtet uttalat Ynskje um, at Styret vilde prøva aa fremja den Sak so snart og godt det kunde lata seg gjera.
 

 

Frå Fedraheimen 30.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum