Av laak ætt.

 
[Del 1 av 10]
 
Ei Forteljing.
 
I.
 
Alvhild fraa Dale var so væn ei Gjenta, at Ingen visste aa nemna hennar Make i den Bygdi. Ho hadde eit Andlit so godt og mildt, Munnen var blid, men nokot laus i Smilen, Augo var klaare og trufaste som tvo Guds Englar. Den Gjenta laut hava eit godt Hjarta, sagde Folk. Dei talad væl um henne Alle, og det var faae Gutar, som ikkje saknad henne, naar ho vantad i Leik elder Lag. "Den slepp aa trega paa Gifta si, som fær Alvhild," sagde dei Gamle.
 
Det var berre Ein, som ikkje kunde tru so tryggt paa henne som han gjerna vilde, og det var Bjørn Haugstad. Han og ho hadde voret kjende alt fraa den Tidi dei gjekk fyr Presten, og sidan hadde dei paa ein Maate voret liksom Kjærastefolk, endaa ingen Ting var sagt elder avgjort dei imillom. Men Bjørn tottest merka rett som det var, at ho saag likso blidt til Andre som til han, og det gjorde at han vart mistruen og leidsinnt. "Ho hev altfor godt Hjerta," tenkte han. Likevæl heldt han oversleg av henne.
 
Hellest var det ikkje mange, som hadde Mod til aa bjoda seg fram. Alvhild var rikaste Gjenta i Bygdi, og det var Ingen, som kunde segja for visst, kven det var, ho bar i Hugen. Det med Bjørn Haugstad var det Ingen som trudde vidare paa. Den, som skulde hava likaste Voni, var Knut Aasen. Han var Son aat Ordføraren i Bygdi, hadde ein gild Gard i Vente og var sjølv ein snaal og spræk Gut. Men han vaagad seg ikkje helder til. Gutarne hadde fenget liksom ein Støkk i seg fraa den Tidi, daa Olav Storedal fridde. Han var or Grannebygdi, rik Kar, ung og staut, stormannsleg i all si Ferd; han kom ofta til Dale; Alvhild saag ut til aa lika han godt. Men daa han fridde, vart det beint Nei. Halvard, Faer hennar, saag paa henne og undrast. "Du lyt væl Einkvar hava, du au," sagde han, "og det er paa Voni, um det byd seg mange gildare." "Aa, skal eg hava Nokon, so kjem han nok," meinte Alvhild. – Men etter den Tidi heldt Gutarne seg meir paa Avstand. Dei meinte det var best aa bia og sjaa. Ingen kunde vita, kor Haren gjekk. Alvhild var no og so ung endaa, og unge Droser er altid bidlevande, meinte dei. Soleids gjekk det, til Alvhild var tjuge Aar gamall.
 
II.
 
Øvst i Dalen budde Aasbjørn Hegglid. Han var Utbygding, hadde fylgt med den fyrre Presten og voret Lutbrukar hjaa han i mange Aar. Der hadde han lagt seg upp Pengar; men der var dei som trudde, at sume av desse Pengarne ikkje var ærleg tente. Aasbjørn var ein stor, sterk Mann, men myrk og meir faamælt enn andre; han var hard mot sine Undermenn og hadde Lag med Ingen; Folk likte han ikkje, Gjenturne var rædde han. Um Ætti hans kunde Ingen faa vita nokot, som var Grunn i. Fyrst fleire Aar etter at han var komen til Bygdi kom det ut ei Segn um, at han var Son aat ein Handelsmann, som var komen i Naudi fyr at han hadde skrivet falske Namn. Etter den Tid var han endaa meir stydd enn fyrr, og dei kallad han Svarte-Asbjørn.
 
I Prestegarden tente paa den Tid Sigrid, Dotter hans Olav Husmann. Ho var ikkje nokot fager; men ho var eit stort, dugande Kvinnfolk, ferm og greid i alting, godvis og snild. Aasbjørn totte detta var ei havande Gjenta. Han var meir god mod henne enn mot dei andre, og det vart snart eit fast Ord, at han og ho var Festefolk. Sigrid likte seg litet i detta. Ho saag paa han, at han gjekk og tenkte paa slike Ting, endaa han Ingenting sagde; men sjølv var ho meir rædd han enn ho likte han. Ho gjekk og drogst med detta som med ein tung Draum; Augo hans var etter henne, kor ho gjekk, ja fylgde henne inn i Svevn og Drøyming, store, blanke, svarte, fulle av Tankar, som ikkje fekk Ord. Ofta tenkte ho paa aa flytja fraa Prestgarden. Men det vart aldri av. Desse store blanke Augo hans drog henne; ho kom liksom meir og meir under hans Magt og kunde ikkje koma seg til aa reisa fraa han. Ein Kveld hepte det, at dei var aaleine. Daa talad han til henne; ho vart rædd, ho skalv, men ho var som magtstoli og svarad ja mest utan ho visste det. Sidan var dei ofta i Lag. Daa det leid utpaa Hausten, meinte Folk dei saag, at Sigrid var fremmeleg; detta lagde ny Skam yver Aasbjørn. Han kaupte Heggligarden øvst i Dalen, der han fekk bu langt ifraa Folk; so heldt han Brudlaup og flutte derupp med Sigrid. Ei Tid etter aatte ho Barn; døydde so. Guten vart heitande Leiv. Gamle Folk spaadde denne Guten ein laak Lagnad. "For han er av laak Ætt," sagde dei, "og tek Skam i Arv etter baade Faeren og Moeri."
 
III.
 
Aasbjørn feste seg ein Deng; det var og ein Utbygding, for der i Dalen vilde Ingen tena hjaa Svarte-Asbjørn. Han feste seg ei Gjenta og; ho var helder gomol og heitte Gro. Leiv vaks upp millom desse Folk og Faeren. Drengen heitte Hans og var ein tungvoren og myrk Kar. Han var glup til aa arbeida. Men bilimillom strauk han avstad og var burte i tvo tri Dagar; naar han daa kom heim, var han full. Han var stygg i Fylla, vill og vond. Han staakad og skreik, slog sund alt han kunde, og vilde alstødt slaast med Husbonden sin. "Du Skarven, Svarte-Aasbjørn," sagde han, "du er Son av ein Tjuv, og Tjuv er du sjølv; Sonen din er ein Lausunge; - vil du slaast, so kann du koma; her skal du faa det som du ærleg hev fortent!" – Daa heiv Aasbjørn han ut og let han ganga og tulla ute, til han vart fastande. Men slikt laut Leiv høyra og sjaa paa det fyrste han vart so stor. Han skynad det væl ikkje so grannt; men at det var nokot styggt og vondt, det kjende han. Tidleg kom til han aa tenkja og grubla, so han paa ein Maate vart vaksen lengje fyre Tidi.
 
Daa Leiv var tie Aar, kom han paa Skulen. Fyrste Dagen kom han graatande heim. Faeren kvitnad, daa han saag det, og spurde, kvat som var tids. "Dei gjorde Narr av meg og kallad meg Fantunge," sagde Leiv. Aasbjørn tok paa seg og strauk avstad og talad med Læraren. Daa smaug Leiv ut til Hans, som var paa Laaven og stelte med ein Slede. "No Kar! hev du graatet?" spurde Hans. Leiv svarad ikkje større. "Kor likte du deg paa Skulen daa?" spurde Hans. "Eg kjem der ikkje meir," sagde Leiv." "Hm! nei – nei," svarad Hans og gav seg til aa blistra.
 
- - "Hans?" – "No?" – "Er eg onnorleids eg enn andre Gutar?" - "Kor kjem du paa det, Tosken?" – "Dei gjorde ikkje Narr av dei andre." - "Haa haa!" ropte Hans, "er det alt komet so langt, so er det best du fær vita Resten au." Dermed sette Hans seg til og fortalde alt det han visste um Faer hans og Moer hans. Og han gjorde detta med slik ei Gleda, at Leiv vart rædd han. Tilslut sagde Hans: "Hugs paa det, Far, at du er av ei laak Ætt! Og det vil segja so mykje som at du er dømd til aa ganga som eit Rek og ein Folkestygg i all di Tid, so at du aldri vert korkje glad elder fæl her i Verdi. Haa-haa-haa-haa! men du kann hugga deg med at du er ikkje aaleine um slikt; og er du klok, so tek du Verdi so som ho tek deg." – Leiv gjekk inn, sette seg i Omnskraai og gret. Han skynad enno ikkje rett det han hadde høyrt; men det lagde seg fyr Bringa hans som ei stor Fæla; han visste ikkje annat aa taka til enn Graaten. Men Hans strauk av Garde paa Drykkjetur.
 
Aasbjørn kom heim og hadde talat ved Læraren. "No kann du tryggt ganga paa Skulen att," sagde han; "no vaagar Ingen aa uroa deg." Leiv heldt paa og gret. Tilslut spurde Aasbjørn han ut og fekk vita det som Hans hadde fortalt han. Same Kvelden strauk han avstad etter Hans. Dei møttest paa ein Plass lenger nede i Bygdi. Daa tok Aasbjørn Hans og julad han slik upp, at han vart liggjande etter det i lang Tid. "Og vil du hava meir," sagde Aasbjørn, "so vaaga deg berre ein einaste Gong upp til Hegglid att, so skal du faa Resten." Dei sagde, at Aasbjørn var reint kvit av Sinne, daa han sagde detta. – Hans kom aldri meir til Hegglid, som rimelegt var.
 
Fraa den Tid lagde Aasbjørn seg etter aa ala upp Hat hjaa Guten mot Bygdefolket. "Det er Skarvepakk alt ihop" sagde han, "fulle av Svik og Lygn og Rataskap, men sjølvgode og kaute so det er ei Spott. Eg er Utbygding, og so hev dei lagt meg fyr Hat; so vil dei gjera med deg og. Men bry deg ikkje. Gakk du paa Skulen du, og er det ein som vaagar so mykje som aa draga paa Nosi aat deg, so – bruk Neven, til han gjev godt!" Leiv gjorde so, og daa han var uvanleg sterk fyr sin Alder, vart dei snart rædde han. Men Leiv kjende likevæl altid, at han stod utanfyr alt godt Lag i Skulen, og at han aldri var halden fyr aa vera av same Slaget som dei hine.
 
Aasbjørn feste ein ny Dreng; han heitte Lars. Det var ein godsleg og lettlivad Kar, som Leiv snart kom til aa lika, og det var fyrste Gongen, at Leiv var glad i nokon. Lars fortalde han Sogur og Eventyr og lærde han upp til aa dansa Halling og andre slike Dansar; - "for naar du skal av og fria, maa du kunna snu paa deg, Gut!" sagde Lars. Leiv blygdest og vart arg, Lars lo; men dansad gjorde dei, og Leiv var utruleg lettnæm. Hellest vilde Lars altid gjerna snakka um Gjenturne, og av han lærde Leiv ymse Ting, som det gjerna kunde drygt med. Men han fekk og høyra Ting, som gjorde han godt. Ein Gong – Leiv var væl so paa Lag trettan Aar – slog han paa det som Hans hadde sagt um "Ætti," og som altid laag under og brann hjaa Guten, um han enn syntest vera glad. "Pytt!" sagde Lars. "Laak Ætt! – Far til Amerika, du, og ten deg rik, og naar du so kjem heim att, kann du gjerna fyr den Skuld fara stad og bidla etter Alvhild fraa Dale!" –
 
 

 

Frå Fedraheimen 30.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum