Vettemøyarne ved Mylla.1)

 
(Ei gresk Folkesoga).
 
Det var eingong ei gomol Kona i Steiri 2), som skulde aat Klostermylla og mala; Mylla laag væl ein Times Veg fraa Landsbyen. Ho stod daa upp Midnottsbil, elder endaa fyrr kann henda; for Maanen skein so klaart, at ho trudde alt det var Dagen. So klyvjad ho Eslet sitt og lagde endaa ein liten Kveitesekk ovanpaa Klyvi, og daa ho godt og væl hadde gjort detta, ruslad ho i Veg til Mylla. Daa ho kom dit, laag Myllaren og sov. Ho ropte og skreik best ho kunde; men Myllaren sov like fast han. Endeleg langt um lengje vaknad han, og undrast daa fælt paa, at slik ei gomol Kjering var paa Føterne so tidleg paa Morgonen. Daa no Gamla hadde fenget Kornet sitt malet og stellte seg til aa fara heimatt, segjer Myllaren til henne: "Men høyr no, Mor," sa' han, "kann du ikkje likso godt roa deg til her og bia, til dessdet vert Dag? Det er ikkje nokot gildt aa fara flakka slik midt paa Notti." Men Gamla høyrde ikkje vidare paa detta, annat stod upp og ruslad i Veg. Eit litet Stykkje fraa Mylla var ein Bekk, den gjekk ho yver, og so bar det fjellleides. Men daa høyrde ho eit fælt Staak attum seg, og daa ho skulde sjaa til, var det ei heil Skreid av Kvinnfolk, som kom farande etter henne. Gamlemor merkad trast, at det ikkje var nokot godt Folk, som var ute, for det var greit aa sjaa, at det var Vettemøyar. 3) Daa reiv ho illsnøggt den øvre Kveitesekken av Eslet, gjøymde'n under ei Buske og sette seg sjølv uppaa istaden. So kom Vettemøyarne, slog Ring um Eslet, og til aa leita etter Kjeringi. Men dei kunde ikkje finna henne. "Der er den eine Sida," sagde dei, "og der er den andre, og der er Oversekken au, - men kor er Kjeringi?" - for Gamla hadde krylt seg ihop uppaa Eselryggen, so ho sat der so rund som eit Nysta. So sagde den eine av Elvekonurne: "Ho lyt ha' gjenget attende aat Mylla." Og med det same svingad dei seg upp i Lufti og var ved Mylla strakst. Der vart daa eit fælslegt Staak, so Myllaren vart reint rædd; Steinar og Trebitar og Glasbrot berre dreiv imot Mylletaket. So flaug dei inn i Mylla og til aa leita og staaka, snudde alting upp ned, sette Kvernsteinen paa Gonga, skreik paa Myllaren og kravde av honom Kjeringi; men han kraup ihop under Dyna og gjorde seg so liten han kunde og tagde som ein Mur; for han visste væl, att dersom han talad no, so vilde Trollskapen taka Mælet fraa honom. Attaat laag han og smaamumlad paa Bibelspraak, og daa han dertil var Munk fraa St. Lukasklosteret, so torde ikkje Trolli røra honom, kor sinte dei var. Dei kunde daa ingen Ting gjera, og fann ikkje Kjeringi helder, og dermed tok dei ut att, sette avstad etter Gamla, og tok henne atter, endaa ho hadde drivet paa Eslet sitt so hardt som ho kunde. Og ein Hop av dei stellte seg upp frammanfyr Eslet, og ein annan Hop bak, og so andre Hopar paa baade Sidur, og dei surrad og flaksad liksom Humlur og My, og skygnde og leitte, skygnde og leitte, - men lika vise vart dei. So sagde dei: "Der er den eine Sida og der er den andre Sida, og der er Oversekken au; men kor er Kjeringi? – Me lyt aat Mylla att; den Skarve Myllaren hev gjøymt henne." Ja, dei so gjorde. Paa nytt Lag tok det til aa knaka og braka i Tverbjelkarne paa Mylletaket av all den Stein og dei andre Ting, som Vettarne kastad nedpaa; det var som det skulde hagla oversleg fælt. Og paa nytt Lag rotad dei Mylla igjenom, rotad og grov baade ute og inne, og kringsette Myllaren au, um han ikkje skulde hava gjøymt henne av einkvarstaden paa Nærhondi. Men det nyttad dei aldri eit Grand. Dermed bar det ut att, og etter Eslet, der Gamla sat. No var ho nett komi upp aat Vinhagarne i Steiri. Der kringsette dei Eslet aa nyom, sinte som Krut, og sagde: "der er den eine Sida, og der er den andre Sida, og der er Oversekken; men kor er Kjeringi? - Aa gjev me fann henne, det Skarvetinget! aa kor me skulde elta henne! Ja visste ho berre, kvat ho skulde faa! Nei, nei, kor kann ho vera! – Men, me skal nok finna henne. Me gjeng med til Landsbyen." Detta laag Gamlemor og høyrde paa, og var so rædd, at ho berre bibrad, og heldt Anden so hardt, at ho tettpaa kovnad.
 
Men Vettemøyarne fylgde, og fram mot Landsbyen bar det. Daa gol det ein Hane, og ei av Vettarne sagde: "Der gjel Hanen." Men ei av dei andre svarad: "Aa, lat han gjela; det er berre den grøne." Eit Stykke til, so gol det ein ny Hane. Daa sagde ei: "Høyr, der gjel den andre Hanen; lat oss røma!" "Aa," svarad den andre, "lat han gjela, d'er berre den skimlutte. Men daa dei var komne mest fram aat Garden, daa gol den tredje Hanen. Daa skreik dei: "Lat oss ganga! lat oss ganga! Der gol den svarte Hanen; no kjem Dagen yver oss!" Dermed flaug dei stad, men arge var dei, og skjende styggjeleg paa Kjeringi. Og so kom Gamlemor heim, bibrande yver heile Kroppen av Fæla; ho tok strakst til aa røykja med Vigslerøyk, og sidan, daa ho hadde kvilt paa eit Grand, fortalde ho heile Hende, og so vart ho roleg att. Soleids bergad Gamlemoer seg ved Klokskapen sin, og daa Dagen var komen, fylgde dei henne attende dit, der ho hadde gjøymt Mjølsekken sin, og den bar dei heim aat henne, og so var Alt godt og væl.
 
1) Bernhard Schmidt: Griechische Märchen, Sagen und Volkslieder Leipzig 1877.
2) Landsby paa Øyi Zakynthos.
3) Gresk "Neraider;" dei likjest mest paa vaare "Elve konur."
 

 

Frå Fedraheimen 16.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum