Utlandet.

 
Danmark. Berg og ikring tjuge andre hev skilt seg fraa "Det forenede Venstre;" dei tykte, at Greiv Holstein Ledreborg og dei, som i den seinare Tid hev fylgt honom, hev gjevet Regjeringi for myket Tøygen.
 
I dentydskeRiksdagen hev Bismarck sett igjenom ei Umbot i Riksskipnaden, som gjeng ut paa aa gjeva Rikskansleren ein Lette i Arbeidet og Andsvaret.
 
Fredeni San Stefano skal i desse Dagarne verta endelege vedteken elder "gildad" i St. Petersborg; ettersom det er fortalt, skal dette vera Hovudvilkori:MontenegroogSerbiavert sjølvstendigt og fær nokot Landauking.Rumæn i a vert ogso sjølvstendigt. Landskilet fyrBulgariaskal verta uppstakat av ei ryssk Nemnd, fyrr enn Ryssland rømer Rumelia; Bulgaria kjem til aa utgjera meir enn Helvti av den Landviddi, som Turkiet no hev, og Sultanen fær att berre ei lang Remsa paa 2800 Kvadratmiler i Vest og eit Stykkje i Aust paa 400 Kvadratmiler ikring Konstantinopel og Adrianopel. Festningarne i Bulgaria vert nedlagde. Til dess at ein heimleg Her er tilskipad, herset Ryssarne Landet med 50,000 Mann. Turkiet, Ryssland og dei andre Magter fastset den Landskyldi, Bulgaria skal betale aat Sultanen. Muselmennerne i Bulgaria kann verta sitjande paa sine faste Eigedomar. Donaufestningarne vert nedlagde, og Orlogsskip skal ikkje finnast paa Elvi. Krigsumkostnaden er sett til 1410 Millionar Rublar (1 Rubel er næstan 3 Kronor); men daa Turkiet hev vondt fyr Pengar, vil Rysskeisaren taka Land i Staden. Med Stræti (Dardanellarne og Bosporos) vert alt ved det gamle. – Det skal no vera visst, at Magterne kjem til aa møtast til ein Kongress i Berlin under Forsæte av Bismarck. At Bismarck hev teket paa seg aa vera Midlar, legg mange ut fyr eit godt Teikn, fyrdi dei trur, at han ikkje vilde faret med det, utans han hadde havt gode Voner um Utfallet. Men England driv enno paa og bur seg til Strid, Austrike likeso, um enn meir i Løyndom. Etter det Andrassy hev sagt i dei austrik-ungarske Delegationar (Samlagsting), tenkjer han ikkje paa aa hersetja Bosnia og Hersegovina; dei 60 Millionar Gulden vil han hava, fyrdi Regjeringi held det fyr si Skylda aa tryggja Riksens Interesse og vera fyrebudd mot alle Hende.
 

 

Frå Fedraheimen 16.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum