Tilskuer-Maalstrævaren

 
er eg nok enno ikkje ferdig med, dessverre.
 
For naar Mannen fortel oss, at det ingenting er forbodet, korkje i Log elder Liv, aa bruka Bygdemaal i Skulen, so syner han paa nytt Lag, kor litet han hev tenkt, den Gongen han skreiv.
 
Det er sannt nok: Logi forbyd ikkje endefram aa bruka Bygdemaal. Men ho gjeng alle stad ut ifraa, at Skulemaalet skal vera det gamle danske, so at den Læraren, som talar dansk, han veit, at han hev Logi paa si Sida; men den, som talar Bygdemaal, han veit med seg, at han i Grunnen fer imot dei Folks Meining, som gjorde Logi. Og so maa Tilskuer-Maalstrævaren hugsa, at um Logi just ikkje forbyd ein Ting, so er ikkje der med Tingen godkjend. Daa Skulelogi vart gjord, var desse Tankar endaa for litet uppe; Folk skynad dei ikkje og brydde seg ikkje um dei. No hev Røynsla synt, at det her er eit Lyte i Skuleverket vaart; det er nokot nytt, som kjem upp, og som krev Godkjenning. So lengje det ikkje er godkjent av Logmagti, og det med reine Ord, so lengje kann Ein trættast um, kvat som er retti denne Sak, og so lengje kann her krøkjast og vringlast og leggjast vondt i Vegen, av kvar Prest og kvar Provst, som i sin høgare Visdom ikkje maatte finna det "raadelegt", at Bonden fær sin Lærdom paa den einaste rette og naturlege Maaten.
 
Det var no det. Og so i "Praksis." Vil Tilskuermaalstrævaren innbilla oss, at Bygdemaalet er brukt av alle Lærarar Landet rundt, som kann tala det? – daa hev han ikkje voret vidt. Sanningi er den, at det i Grunnen er berre i dei mest framkomne Bygdelag, som Telemarki, Hardanger, Gudbrandsdalen, sume Stader i Thrøndelagen, at Bygdemaalsbruken er nokot meir aalgjengd. Hellest er det berre einkvar hente Læraren, som vaagar seg til med slikt. Og er det ein, som vaagar det, so skal det nok sjeldan vanta, at han kjem i Mishøve med – Presten.
 
Lat det vera, at det er faa Prestar, som endefram vaagar aa negta Læraren aa tala Bygdemaal paa Skulen. At dei finst, det veit eg; eg kunde nemna eit godt Døme just fraa den seinste Tidi; men lat vera, at dei er faae. Dess fleire er det, som umveges (indirekte) legg Hindringar i Vegen. Ein skulde vel ikkje tru detta. Dersom Prestarne vaare heilt ut var det dei skulde vera, og berre det: Guds Tenarar til aa hjelpa Folket fram i sann Tru og sann Upplysning, so vilde dei fyr lengje sidan hava gjort alt sitt til aa faa Folkets Maal inn paa Folkets Skular. Men me maa hugsa, at Prestarne hjaa oss er nokot meir enn Herrens Tenarar til Folkets Hjelp. Dei er derattaat "Samfundsstøtter", hev det Uppdrag aa halda uppe det "bestaaende" Styre og den "bestaaende" Nationalitet; men daa maa dei fyrst av alt stydja uppe det innførde Tunge- og Bokmaalet, som er det sterkaste Murverk fyr detta Faamannsstyret og den verste Meinkrok fyr all folkeleg Fridom. Dei er, medvitande elder medvitslaust, likso væl Agentar fyr den Kgl. Stangske Regjerings Politik og fyr Kristiania-Ringens Nationalitet, som dei er Apostlar fyr Kristi Tru og fyr Guds Rike. Detta er væl ikkje deira Skuld, det ligg væl i "Systemet"; so lengje Guds Rike skal vera berre som eit "Departement" i Kongens Rike, so kann det væl ikkje stort onnorleids vera 1). Men er det so, daa er det ein sjølvsagd Ting, at dei maa sjaa rangaugom til alt, som ber fram til full folkeleg Frigjering og Upplysning, og serleg til alt, som svipar burtpaa ei norsk Upplysning; men no er Folkemaalet just det rette Middel til baade aa frigjera og upplysa Folket og styrkja det i sin Norskdom, og dermed er Prestarne Ingenting ræddare enn det. Dei kallar det "Maalstræv" og held det fyr likso gudlaust og fælt som Republiken og Sosialismen og "den moderne Vantro." No hev Prestarne, som du veit, ei hard Magt yver Skulen og Lærarne i vaart Land. Det er Presten, som raar fyre, um ein Lærar skal "forfremjast", faa Alderstillegg, gode Postar o. s. fr., elder um han skal liva paa rein Sveltihel. Naar daa ein Lærar skynar, at Presten er hatig paa alt, som sviper innpaa "Maalstræv," so kann Ingen krevja, at han sjølvmant skal vaaga paa aa utykkja seg med han Far og dermed stengja alle Framveger fyr seg.
 
Det finst dei, som vaagar det; mange tilmed; for hev dei nokot Vit, so ser dei, at dei m a a gjera det, dersom dei vil kunna gjera nokot; men det finst endaa mange fleire, som ikkje ser seg Raad med det, - og fyr deira Skuld er det nok ikkje minst, at Logi trengst.
 
Det vil vera mange, som finn, at eg her hev voret for hard mot Prestarne. Dei fleste Prestar, elder væl alle, arbeidar "i god Tru," vil Ein segja. Det er sannt, og det er godt. Men det er ikkje nok i denne Verdi, at Ein " meiner det væl." Ein kann gjera mange galne Ting i ei "god Meining." Det, som det her spyrst um, det er, um dei hev det rette Syn og Vit paa dei Ting, som dei skal styra, og det er det eg trur, at Mengdi av dei vantar i desse Skulespursmaal. Ein høyrer Sogur etter dei, som er fælt so leide. Her skal eg fortelja ein Ting, som er mest for stygg til aa vera sann; - men han gjeng no fyr Sanning lell. Det skal henda, at naar ein Prest skal skriva "Attest" aat ein Lærar, som han ikkje rett likar, men som han ikkje veit nokot Vondt aa segja paa helder, - so skriv han nok ein god Attest; men etterpaa skriv han serskilt til Skuledirektøren og – talar i ein reint annan Tone. Naar Lærararne veit slikt, so er det ikkje ventande at dei vil gjera meir fyr Skulen enn dei veit dei hev Presten med seg paa, - endaa um Presten ikkje hev nokot endefram Logbod aa aga dei med.
 
Det er sannt, at sume Stiftsstyre i seinste Tidi hev sendt ut Brev til Prestarne um, at Læraren bør "stiganed" til Borni so godt han kann, ja endaa stiga so djupt "ned", at han (i dei fyrste Skuleaari) nedlet seg til aa tala Bygdemaal, for at han so sidan kann "lyfta dei" so mykje lettare u p p til Bokmaalets Høgder. Men kvar ein ser, kor mykje Magt det kann liggja i slikt eit Brev. Kvar ein ser, at det, som det gjeld um fyr dei høge Stiftsstyre, det er paa Sætt og Vis aa faa Bokmaalet inn paa Folk. Det er kavende dansk Maalstræv: Strævet fyr aa venja Folk av med aa tala sitt Moermaal,og læra dei upp til aa tala det Maalet, som Bymannen kallar sitt. Slikt bit ikkje. Det maa vera Aalvor i desse Ting. Det gjeld ikkje um aa læra Folk eit elder annat nytt Maal; det gjeld um, at Folk paa lett og naturleg Maate kann faa Upplysning, og so maa Bygdemaalet i Bruk utan Krus og Krokar.
 
Dei 36 Thingmenn hev meint, at denne Saki var for stor til aa vera ein Kastekjepp fyr dei "styrande Menns" Sjølvtykkje. Folket hev Krav paa, at Saki no endeleg eingong vert sett i Verk, ærlegt og heilt, og det so fort og jamt som det let seg gjera. Eg trur, desse Menn hev Ret i detta, og alle, som hev Folkeupplysning kjær, vil visst ynskja, at Thinget ikkje slepper fraa seg denne Sak, fyrr ho retteleg er greidd og avgjord.
 
1) Me hev hellest mange gilde Undantak, Folk, som er so sjølvstendige, at dei ikkje let seg kuva av "Systemet"; men slike Undantak vert altid faae imot den store Mengdi. Og – dei spinn vist sjeldan Silke av detta sitt Sjølvstende, desse gode Menn.
 
VII.
 

 

Frå Fedraheimen 16.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum