Storthinget.

 
Tirsdag vart Forandringi um § 92 i Grunnlogi fyr seg havt. Meirtalet i Konstitutionsnemndi hadde innstelt A, at Ordi: "som bekjende sig til den evangelisk-lutherske Religion" skal strjukast og i Slutningi tilleggjast at "blot de som bekjender sig til Statens offentlige Religion, kan være Medlem af Kongens Raad eller beklæde Dommerembede" og at det same skulde gjelda fyr dei andre Embættesmenn, so lenge til annat vart fastsett ved Privatlog. Eit annat Kor, B, var, at den loggjevande Magt skulde hava Tilføre til aa utskila dei Slag Embættesmenn, som skulde vera bundne til Statskyrkja. –
 
Ellingsen: Skulde det brigdast paa § 92, maatte Ein med det same avstaka, kven som skulde vera bunden til Statskyrkja; soleids var det i Sverike. Han vilde især nemna Skulemenn. Ved Privatlog kunde Grensurne snart gjerast for vide, ei onnor Sak var det, naar det vart gjort ved Grunnlogforslag, der det krevst 2/ 3 Yvermengd. Han helt paa Statskyrkja og var daa fyrst trygg. Det var raadlaust fyr Staten aa hevda Religionen utan gjenom sine Embættesmenn. I slike Saker maa Ein fara varlegt fram fyr ikkje aa forarga Folk. I Bygdom var mange imot det. – Richter: Saki hadde no voret framme i 21 Aar, ho turvte ikkje utsetjast lenger. Statskyrkja stend lika godt som i mange andre Land, der Embættesmennerne ikkje er pligtuge til aa hava Tru som Statskyrkja. Kyrkja hadde ikkje Gagn av slik Tvang, som nøydde ei viss Tru paa Folk, og ikkje Staten heller, som ikkje fekk velja dei duglegaste til Embættesmenn fyr Trui Skuld, men det verste var, at § 92 var ei Stengsla fyr den personlege Fridom, ja mot Dissentarne var det beint fram Urettferd. – Biskop Essendrop: Det vøre ei stor Velsigning, um alle Embættesmenn var livande Kristne, men § 92 gjorde deim ikkje til det, den var snarare til Skade baade fyr Einingen, Staten og Kyrkja. Ikkje var det alle, som evlad gjeva alt upp fyr si Hjartemeining; daa var § 92 eiSnaara fyr deim. Kyrkja hadde berre Skam av slik paanøydd Kristendom; ho hev ikkje Aalbogerum til aa bruka sine Vaapen, so lenge detta Bodet stend der. Folk var no so moget og tilsegkomet, at dei ikkje vilde argast elder miskjenna Umboti lenger. Bøhn vilde ogso hava Amtmenn og Lærarar bundne til Statstrui. – Kand. Jakob Sverdrup: Saki hadde gjenget smaatt fram fyre di det var so faae Dissentar her, men det hadde do støtt gjenget fram mot større Trufridom, denne Forandringi var berre Framhald av det, som fyrr var gjort. Heldt Ein paa § 92, heldt Ein ogso paa, at det var Rett aa tvinga Trui paa Folk. Dei sagde, at ved aa stydja Religionen styd Ein ogso Moralen, men difyre skulde ikkje Religionen fremjast ved eit Magtbod. Var § 92 grunnad paa ein usann Grunvoll, so kom det heller ikkje nokot godt ut av den. Kristi Kyrkja fekk ikkje nokot Mein av detta Brigde, for ho var botnad paa annat en Tvang. Fyr Kristendomen er Fridomen likso trengjande som Luft fyr Ørni, so ho kann fljuga. Skipingi paa § 92 vilde skada Statskyrkja, sagde dei, ja soframt dei meinte, at Statskyrkja og Religionstvang var det same, annars ikkje. - Wiigtalad imot. - Welde meinte nok, at Folket fyrr hadde havt mykjet imot detta Forslaget, men at mange no var umhugade. – Bentsen var fyr Forandringi. S. Nielsen hadde fyrr voret imot, no vilde han røysta fyre, no trudde han, at han ikkje vilde forarga Nokon med det. Han peiktad paa det, som hev vortet sagt i so Maate paa det kyrkjelege Landsmøte og Stiftsmøtom. – Bergesen meinte, at det høvde ikkje ihop det, at no trengte ikkje ein Umbodsmann vera i Statskyrkja, men ein Embættesmann maatte vera det. Kyrkja vilde styrkjast ved Forandringi, for no kunde openberr Vantru halda seg i Kyrkja. Aschehouggreidde ut, at Ordi "Statens offentlege Religion" no var sett i Staden fyr "den evangelisk-lutherske," med di Frikyrkjelag ogso kunde vera evangelisk-lutherske. - Statsraadet, som hev aa instella til Kongen dei, som søkjer Prest-Embætte, aa styra med Kyrkjestellet, vedtaka Skulebøker o. s. fr. kann ikkje hava onnor Tru enn Statens; likeins Medlemarne i Høgsteretten, som ofta kjem til aa døma i geistlege Saker. – Det var ikkje fyr Dissentar og Jødar, Kyrkja kunde sæla, men fyr Vantrui, og i Striden mot henne vilde til Dømes Methodistar og Katholikar vera gode Hjelpesveinar. – Etterat Castberg, Veseth, Olafsen og Biskop Essendrop hadde talat fyre, og Wiig og Spilling imot Forandringi, vart det røystat fyrst yver B, som vart forkastat med 77 Røyster. Sidan tok dei A, Innstellingi fraa Konstitutionsnemndi, som vart vedteki med 88 Røyster, 22 imot. Desse 22 var: Bøhn, Tonning, Ellingsen, Vefring, Bugge, Klonteig, Brandt, Thune, Strande, Vogt, Mortensen, Aschjem, Spilling, Listøl, Grosserer Iversen, Lund, Wiig, Øverland, Kolbensvedt, D. Iversen, Vindal og Nysetvold.
 

 

Frå Fedraheimen 16.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum