Stavanger.

 
(Fraa fyrre No.)
 
[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
- Dermed er daa Jadarbanen ferdig til sitt Yrkje, og Folk tarv ikkje kjeklast lenger um det er "mogelegt" elder ikkje, at Uksen aat Heilag Olav kann koma til aa ferdast millom Myrarne og Heidarne burtpaa Jadaren. Eit annat Spursmaal er det, um han der kann finna so mykje aa liva av, at han vert sjølvbergad. Um detta er det ymse Meiningar, og visst er det, at dei store Vonerne hev minkat etter kvart som Arbeidet gjekk fram og Aktierne vart innkravde. Og no set dei mest si Lit til den Tid, daa Banen eingong skal verta til ein heil Austlandsbane. Landmannen sjølv, som no skal hava den fyrste og snaraste Vinning, han ser helder kald og mistruen paa den nye Vegen, som visst vil verta ei drivande Framhjelp fyr Jordbruket her, um han vert brukt rett. Han kjem sakta ikkje dragande med Gull og grøne Skogar og straar utyver Bygderne fyr Ingenting. Vil Jadarbuen sjølvklok halda fast paa sitt gamle Styr og Stell og berre ganga og venta paa Vinning av Banen, daa gjer han klokt i aa vera mistruen. Men driv han sitt Yrkje med Framhug og Framtankje, daa skal han visst ikkje vona til Inkjes.
 
Ein Ting til, daa eg fyrst hev Pennen i Haand. – Me veit me er eit armt, trongsynt Bondefolk, som treng til Upplæring og Framhjelp i mange Maatar. Me kjenner det, og er helder snare til aa klaga yver tronge Kaar og til aa laupa etter alt nytt, naar det berre glimar. Me er so underleg bljuge og ræddvorne av oss; oss sjølv og vaart Eiget er det mest som me skjemmest av. No kjem denne Jarnvegen, flust tilbudd, med bykultiverte, munderte og autoriserte Embætts- og Tilsynsmenn, og det er slett ikkje visst, at desse kjem til aa taka i Bonden med Silkevaattar. No er det væl ikkje verdt, at Bonden let seg aga og skræma alt for mykje av all denne blanke Jarnvegs-Kulturen. Han hev havt nok av aa krjupa og gjera seg til Apekatt fyr altslag "førd", framande Daning, som han ikkje skynar. Lat oss hugsa, at me hev fenget ein Eignalut av Vaarherre, av Soga og av Fedrarne, som me ikkje med Æra kann byta burt i nokot annat. Lat oss hugsa, at det, som skal gjeva oss Styrke og Vyrdnad, det er den sanne Sjølvstøda: det aa vera i Sanning som Gud oss hev gjort.                                      
 
X.
 

 

Frå Fedraheimen 16.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum