Skildringar fraa Italia.

 
(Ved Kristofer Janson).
 
[Del 18 av 25. Fyrste delen.]
 
VI.
 
Fest paa Missionsskulen. Hovudet til Mathæus. Paa Folkekomedie. Karnevalet og Jødarne.
Ei Likstemna. Daudingkyrkja hjaa Kapucinom. Messa i Koliseum. Herbyrget til St. Johannes. Marietta.
Framhald.
 
Men det gjeng fyre det same. Petrus og Paulus lyt vera med i alt Slag; deira Namn kjenner Aalmugen, og dei veit, at det var bra og paalitande Karar. So maa det vel væra bra Folk, som var i Lag med deim og. Ja er det inkje ei underleg Kyrkja! Presten rette Mannahausen ut imot oss, men me riste paa Hovudet; so vende han seg sorgall burt og las venteleg ei Bøn fyre oss Kjættarar, at me maatte koma til den rette Trui, Trui paa Mathæus sitt Hovud. Ja er det inkje mest som ei Komedi detta! Men daa er det likare at ganga paa rett Komedi, og det skal me no gjera. Inkje i dei kostesame Komedihus, der dei hava sine Stykke, og der det og kostar sine Pengar, men paa Folkekomedi, der fyrste Sessen kostar 15 Skilling og andre 10 Skilling. Detta Komedihuset, teatro capronica, er endaa med dei gildaste. Her finst Komedihus, der du kann sleppa inn fyre 2 Skilling, men so er og Kunsti deretter. Her fær du sjaa Kjeringar med tri Alner lange Nasor og Kjakar etter same Maalet. Det er utklædde Mannfolk. So falla dei i Uvit og liggja og sparka paa Golvet, og best som det er, støypa dei seg paa Hovudet ned paa Benkerne til Aaskodarom. Fyrste Elskarinna er ei Kona med 6 Born so feit som tri andre, og naar ho syng og skal draga Pusten, erdet som naar Smeden tred Belgen. Jau det er Jolamoro! Men lat oss koma til Komedia vaar. Me taka Billet til Golvet, og her sitja me daa i Lag med Dragarom og Sveinarne i Høkerbudom og Bønder i Gjeiteskinsbrok med Ragget ut. Her er slik innerleg god Fjostev, men det skal vera so urimeleg sunt. I fyrste "Logerad" hava me Finfolket, Hestkararne med Kjærastom sine. Paa Benken framfyre meg sit ein liten Tiggargut, slik ein, som ofta gjeng med Dragspil elder Lirekassa Heruppe, og han heve daa ein endaa mindre Bror paa Armen. Han ser ovlega glad ut, no han skal faa vera paa Komedi. Han giv seg i Samsnakk med oss, legg ut fyre oss, kor meisterlegt dei spilad her, og ut paa Kvelden spurde han i eit standdande, um me inkje tykte, det var morosamt. Best som det er, set han Ungen ned i Armarne mine og segjer: "aa hald honom litet!" og – burte var han. Der sat eg som klumsad med ein ufjelg Unge paa Fanget og stirde etter Guten. Eg kann inkje annat segja, enn at eg fyrstundes inkje var rett hjartug. Enn um no Fanten strauk og let meg sitja her med Ungen? eg maatte fulla bera honom heim og giva honom Mat, vaska og fli honom og so koma dragande heim til Noregs med ein Unge etter meg. Kvat skulde Folk segja? kvat vilde dei segja paa Børsen? og kvat skulde eg gjera? Eg tenkte meg alt det verste, som til var – men der kom Guten attende smilande. So hadde han voret ute og kaupt ei Pipparkaka til vesle Broderen. Han spurde, um det inkje var ein søt Unge, og me kunde trygt skamrosa honom no, her inkje lenger var Faare paa Ferde. So kysste og strauk han Guten og gav honom Kaka.
 
Høyr kor dei trappa med Føtom og dunka i Benkjom og lægja atpaa og halde eit syndigt Leven! No tek daa Musiken til at spila, for dei hava "Orkester" her og maavita. Me er komne tett med Doldertrumba og Gongongen, og det skal Vaarherre vita, han arbeider fyre Løni, den Mannen. Han dundrar og ringlar, so han verd reint raud i Hausen, og me stappa Fingrarne i Øyro og ynskja, Forspilet var vel til Endes. Guten vaar peikar byrg ned paa Trumba og nikkar som vilde han segja: "jau me Italiafolk, men kann det me!" No gjeng Duken i Vedret. Det er "il trovatore" 1) (Minnesongaren) me skal sjaa. Eg segjer sjaa og inkje høyra, for "il trovatore" er her utan Musik, umsett til eit Syrgespel. Leonora tred fram – naa! – eit Maal saa haast som ein Ramn, og ei stor Vorta paa Halsen! Og so klædd i ein Kjole, som ein Gong hadde voret kvit, men som vist inkje hadde set Vatn paa fleire Aar. Elskararne rasad og preikad; det vantad den eine nokre Framtenner, men det gjorde ingen Ting, for han var ulukkeleg. Og den ulukkelege Elskaren kann spila so laakt, han spila vil, han fær altid Medhelde og Klapp av "Publikum". Men Skjelmen i Stykket! – ja eg vilde inkje gjerna vera i hans Klæde. Han kann spila som den største Meistren, han verd likavel utpipen og uthyssad, fraa han kjem inn, til han gjeng ut. For det er daa for galet, at han skal vera so fæl som han er og vaaga seg til at segja det han segjer, i skikkelegt Samlag. So regner det ned yver honom med velmeinte Ynske: "ditt Svin! eg skulde inkje faa Fingrarne i deg!" – for Tilskodararne snakka med her, rett som det er. Naar dei drikka Vin inne paa Komedia, so ropar dei, som sjaa paa: "aa giv meg ein Drope!" So slær Klokka 12 – det er Midnette – høgtidelegt, men Folk berre lægja og ropa: "det er ei gomol Gryta!" Sjaa der ber det i Hop millom dei tvo Elskararne. Skjelmen kjøyrer Sverdet i Livet paa hin Elskaren og i det same fell Fyrehenget; men i Staaket og Hiten er dei komne for langt fram, og daa dei skal sjaa seg ikring, er Duken nedfallen attanfyre deim. So triv Skjelmen hin Mannen i Kragen, og under Storskratt dreg han honom etter Lamperadi og smett bak Duken med honom, og den daude maa hjelpa til baade med Armar og Bein. Jau her er nokot fyre Pengarne. Og so faa me "Ballet" (Danseleik) og Lystspel attpaa, alt fyre dei 10 Skilling. Slike Folketheater skulde me hava her heima og, der Aalmugemannen kunde ganga burt um Kvelden fyre 4-6 Skilling i Stellet fyre at ganga i Skjenkjarstova. Kunsti er fulla inkje stor, men so heve han inkje store Krav til Kunsti helder. Eg tenkjer, me er mette av "teatro capronica" og venda heim.
 
Me ganga Vegen yver Corso, 2) som endaa ligg kvit av alle dei "confetti" 3) som er kastade i Dag, for det er Karnevalsvika 4) maa vita. Men fyr eit daudt Karneval! Romarfolket vilde inkje vera med av Sorg yver, at Roms Portar endaa inkje hadde opnat seg fyre Garibaldi og Viktor Emanuel. So er det Utlendingarne som styra. Engelskmennerne ausa Mjøl og confetti ned i Hovudet paa Folk ifraa Yverlaupet paa Husom, som dei hava leigt fyre dyre Pengar. Inkje ein Smil paa Andletet; dei standa og ausa og ausa so aalvorsame, som var det eit annat Handverk; men dei veit, det skal vera Moro detta, og so er det Moro. Det kom ei stakkars Albanervækja gangande, ho var i Høgtidskrudet med Sylvpil i det ramnsvarte Haaret. So tek ein Sprett av ein Engelskmann og auser Mjøl ned i Hovudet hennar, og desmeir ho balar med at faa det utor Haaret, dessmeir auser han. Eg tok nokre Nevar confetti og sette i Andletet hans – det var mitt Meisterstykke i Karnevalet. Det morosamaste eg ellest saag, var ein Utlending, som hadde vaagat seg inn paa Korso med høg Silkehatt paa, og den Hatten var daa ei kjærkomi Skiva kann du vita. Inkje fyrr var han komen innum Manngarden, so fauk det med confetti og Blomar kring den arme Kroken, og av flaug Hatten. Han letst som ingen Ting var og sette Hatten logn paa atter. Inkje fyr var han komen paa Hovudet, fyrr av var han. Mannen vardt sidstpaa so rasande, at han lyfte Staven sin og vilde dengja paa dei nærmaste.        
 
1) Ein namngjeten Songleik av Tonediktaren Verdi.
2) Hovudgata i Rom.
3) Kalkkulor, som dei kasta paa kvarandre i Karnevalet.
4) Dagarne fyre Fasta, daa dei hava Lov at driva all
 Slag Skjemt og Leik i Gatom.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 16.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum