Kristiania, den 15de Marts 1878.

 
- Onsdag vart det vedteket at Enkja etter Prof. L. Kr. Daa skulde faa ein Pension 800 Kr. stor. Eit Forslag um liknande Pension til Enkja etter Storthingsmann Stoltenberg gjekk ikkje igjenom, (mot 40 Røyster), daa dei meinte, det ikkje gjekk væl an aa setja som ein Takster, at alle Enkjur aat Storthingsmenn skulde hava Pension.
 
Um Amtsthingi (Amtsformannskapi) hev Advokat Quam framsett Forslag um, at Medlemerne av dei skal kjosast 3dje kvart Aar og med endeframt Val.
 
144 Dissentar hev sendt inn til Thinget Forslag um ny Dissentarlog. Det er underskrivet av Jaabæk.
 
Ei Folkehøgskuleforeining fyr Kristiansands Stift likeins som den nordanfjelske bed nokre Menn i Stiftet Folk vera med paa. Uppsettet er underskrivet av: Dietrichson, Fløistad, Løddesøl, Jaabæk, Bjørnsgaard, Rinde, Lindstøl, Bentsen, Ausland, Knaveland, Refsnes, Wigeland, Voie, Stiftenæs, Hestehagen, Pedersen, Solberg, Svendsen.
 
Saki mot "Hardangeren." Storthingsmann H. Løberg hev namngjevet seg som den, som hadde skrevet det Stykkjet i Bladet "Hardangeren," som det vart lagt Sak mot det fyre.
 

 

Frå Fedraheimen 16.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum